onsdag 29. februar 2012

Good morning sunshine!


Nokre dagar er det deilig å stå opp tidleg.
Sol.
Tid til å legge neglelakk (som matchar dongribuksa perfekt!).
Storesøster lagar kaffi.
Mor og datter kan drikke god-morgon-kaffi saman (mjølkeskum i koppen hennar).



♥ Ønsker deg ein flott onsdag 


Neglelakken er frå Forever 21. Det er sjeldan eg er så godt nøgd med billig neglelakk, men denne er så lett å legge og utvalet av fargar er heilt fantastisk! Forever 21 har dyr porto, men fyller du handlekorga kostar lakken rundt 40kr flaska, og det er ikkje ille! Eg er ikkje så opptatt av at lakken skal sitte på i dagesvis, eg likar å endre ofte - for denne held ikkje så mange dagar utan base- og topcoat (og det har eg ikkje alltid tid til å legge). 

mandag 27. februar 2012

Gjennom meksikanaren sine auge

Jadda, mannen i huset er også på Pinterest - og han har lagra ein del interiørbilete. Det er så morosamt å sjå at vi veks i same retning, eg er ganske viss på at vi begge har endra oss masse på den reisa vi har gjort så langt i livet saman. Vi kjem jo frå to ulike kontinent, frå to ulike kulturar, har kvart vårt språk, kvar vår luktesans, og bit for bit legg vi eit slags puslespel som blir livet vårt og familien vår.

Heldigvis har han god smak når det gjeld interiør då:





Dei fire første bileta er frå Pinterest, det siste biletet er frå Victor - en bildblogg (masse fin inspirasjon der!)


Håper du har hatt ein fin start på veka! Her har det vore lang jobbdag, men veldig kjekt! Eg er så glad i jobben min, og det er så herlig å gle seg til å dra på jobb. Det er jo sånn det skal vere!

søndag 26. februar 2012

Minibloggtreff

I dag har eg vore hos vakre Silje, saman med fine An-Magritt - vi har fått god mat, ungane har storkosa seg med film og leik og det var berre heilt herleg å sjå det flotte huset til Silje! Så mange lekre detaljer og eit kjøkken til å døy for!

Ungane kosar seg med teiknemoglegheiter, An-Magritt hadde ein liten hekleworkshop og eg strikkar miniaturluer til Amandaprosjektet





Tusen takk for ein herleg dag jenter! Gler meg til neste gong vi treffast!

lørdag 25. februar 2012

God helg!

Laurdag morgon, kakao med nespresso og nysteikte rundstykker, litt lukke.

Litt grønt, litt fargerikt, litt kvitt - deilige fargar å ta med seg inn i helga.


Trykk frå Freya Art, ho er så utrulig dyktig! Stikk innom Etsybutikken hennar og NYT!



God, god helg til deg og dine! Håper helga di blir strålande!

fredag 24. februar 2012

I feel it!


Nye joggesko, sol, varme i dørkarmen! Ungane leikar med spade og ball, klatrar i tre. Våren er på veg!



Huska hang her då vi flytta inn, og den har nok hengt i epletreet i mange mange år. Tauet er nesten innkorporert i greinene. Vakkert!



Fin fredag til deg! Her har vi hatt fridag frå jobb og barnehage, og har hatt kjempehyggeleg lunsjbesøk! No er det tid for veggismat (fredag i fasten = vegetardag for oss) - storesøster har valgt linsesuppe! Vi får sjå om det blir like populært når det skal smakast på ;)

onsdag 22. februar 2012

Våren er på veg

Fuglane kvitrar når eg står og ventar på bussen om morgonen. Ønsket om å ta på joggesko er enormt (men eg innser at det er litt tidleg ute, det er jo framleis våt snø på bakken). Stillongsen ligg i hylla i klesskapet. Det er lyst ute! Det luktar jord og våt bark. Lue og tjukk jakke må på nokre dagar til, men snart, snart kan det også pakkast vekk!

tirsdag 21. februar 2012

Eit lite steg på vegen

2012 skal bli året der vi får litt meir "koll" på alt, organiserer betre, flyttar rundt på ting og får oppbevaringsløysingar som funkar i vårt vesle hus.




Trinn 1 i denne fasen er å få litt oversikt. Eg synes vekeplanane frå Ukeplan er veldig fine, men ganske langt over vårt budsjett. Så då googlar vi ;) På kjøleskapet vårt heng no ein vekeplan printa ut frå mommytracked, masse fine (gratis) printbare vekemenyar, kalender, husarbeidslister etc... Ikkje like fin, og den hadde kanskje gjort seg i glas og ramme, sånn som denne foreksempel, men den kjem til å gjere jobben sin til vi finn ei anna (og kanskje betre) løysing. Det hadde vore fint med ei månadsoversikt også for oss som har éin som jobbar skift og ein som jobbar veldig til og frå.


Og når magnetbokstavane først var ute ville ungane sjølvsagt leike. Søtingane. Toåringen skriv "ord" på måfå (i dag traff han jo nesten faktisk! Tada!) og storesøster på fire vil skrive ordentlege ord. Ho elskar bokstavar, og les enkeltord ganske greit. Bokstaven O fungerer også som briller!



Håper du har ein fin tysdagsettermiddag og kveld. Det er jo feitetysdag i dag, så definitivt lov å skeie ut litt før fastetida byrjer i morgon! Her har vi ete rømmegraut og spekemat, og vafler med blåbærkrem. Eg har inngått fasteforsett og skal ikkje kjøpe snop i fastetida. Pengane eg hadde brukt på snop er no donert til Kirkens Nødhjelp (via appen dei har laga kan ein donere via telefonen, så enkelt og så BRA!) Kanskje blir du inspirert til å gjere det same? 

søndag 19. februar 2012

Fastelavn og karneval

Det er ingen bolle-krem-galore-bilete her i dag. Faktisk ingen bollar i hus! Men eg har vore på jobb, starta jobbdagen med å sy ein raud vest med gullknappar, for på karnevalsgudsteneste må ein jo kle seg ut, og vi var kirkerotter. Eg fekk vere Fredo, med blått hår og raud vest. Herlig!




Ungane har hatt karneval i barnehagen. Storesøster ville vere prinsessefe (det er jo mykje betre enn å "berre" vere prinsesse), fann ein søt fekjole på Søstrene Grene. Tryllestaven laga vi superkjapt med eit grillspyd i bambus og litt lilla papp, og nokre glitrande klistremerker. Veslebror ville vere RaRa - den bråkete løven. Strikka ein hale, sydde den fast i ei gul selebukse og på hovudet hadde han ei pelshue eg kjøpte på ein bruktbutikk i Sverige for eitt år sidan. Funka gullefint!



Håper du har ein finfin fastelavnssøndag, med eller utan bollekrem og fest!

fredag 17. februar 2012

Dagens glede

Kokos-peppermynte-sjokoladekaffi (50/50 kokosmjølk og lettmjølk + nokre ruter av den økologiske myntesjokoladen frå Søstrene Grene og ein liten nespresso) og nesten-ny veske frå H&M (kjøpt på sal! Jess!)


Ha ein nydeleg fredag! No skal eg spurte opp til busstoppet og ta bussen til jobb. Vi skal lage kostymer til søndagens karnevalsgudsteneste - det blir kjekt!