mandag 30. mars 2015

Verdas enklaste påskeegg (kanskje)

Planen er å blogge litt om aktivitetane vi gjer i påska. Eg har fri, mannen jobbar (på Nummer ti - check it out!) og har tre ungar heime. Må ha litt å finne på då, så eg prøver å ha minst ein kreativ aktivitet om dagen. Vi skal innom biblioteket i morgon eller onsdag og låne med oss masse gøye bøker. Eg har sånne ungar som ikkje leiker i timesvis på eiga hand, dei treng litt hjelp til å trekke i trådar eller sette i gang noko. Og det blir litt mindre krangling når eg er engasjert og ikkje berre sit med kaffi og strikketøy, merkeleg nok...

Men ja - verdast enklaste påskeegg! Genialt enkelt! Lite søl, null knuste egg og ingen frantiske googlesøk etter "oppskrifter med mykje egg" *hehe* Men du treng google då!

Søk etter "mandala easter eggs", lagre bileta og lag eit worddokument med masse egg (eg hadde åtte egg per A4-side, då er dei litt større enn XL egg kjøpt på butikken). Skriv ut på kvit kartong (eller berre kvitt papir, men kartong held litt betre). Kvess fargeblyantane og la ungane kose seg! Klipp ut og fest på vindauget med tack-it (lærartyggis) eller washitape.


For å unngå frustrerte små hender kan det vere lurt å skrive ut ei blanding av detaljerte egg og nokre med berre eit par enkle strekar/former. Kan jo også klippe ut heilt kvite egg og la ungane fargelegge. Kanskje med terningmetoden (og slenge inn litt mattetrening med det same)? 




Håper du har ein finfin påskeferie så langt!