Eg vart inspirert av
Lidenskapelse sin avispose og tenkte eg kunne ta med med ei lita oppmuntringsgåve når eg straks skal ut og vere barnevakt for ei lita jente som gret så mykje. Eg veit kor vanvittig slitsomt det er å vere mamma til sånne jenter, så i dag skal eg knyte på meg fine, vesle S på magen og gå tur medan mammaen får slappe av.
Og mødre som har gråtebarn treng litt oppmuntring! Her er det tepose, hjartesjokolade, Love Hearts, badetrøffel og ein liten muffins til å ha i badekaret. Hadde ikkje finansavis eller utanlandsk avis i hus, så kultursidene i Vestfold Blad får duge - dei matcha i alle fall i fargen! :)
Det er fredag! Dagens aktivitet i kalenderen er å bake "julemanna" (aka kvite kakemenn). Mannen kjørte rundt i ni butikkar i går kveld utan å få tak i smør, så planen er å lage smør sjølv. Hadde ein pakke fløyte i frysaren, så satsar på at den blir åkei smør til kakene.
Håper du har ein flott fredag og at det blir ein god start på HELGA! Her er det frost og nesten litt julestemning!
***
I´m babysitting today and I´m bringing a little present for the new mum. Her daughter cries a lot, and I know everything about crying daughters. So I´m bringing a baby wrap, and I´ll take her for a walk while mummy relaxes at home. The present includes a tea bag (with relaxing tea), chocolate, Love Hearts, a truffle and muffin for the bath. A good, long soak would do the trick today I think.
Lidenskapelse has a
tutorial on how to fold a paper bag, it was really easy!
Hope you´re having a great Friday, everything is covered in frost outside so the Christmas spirit is creeping in...