torsdag 12. januar 2012

Veiktufsklein


Tom dorull, masse snørr, drikkevatn frå Kirkens Nødhjelp (sjølvsagt fylt frå krana på kjøkkenet - miljøvenleg!), tjukke ullsokkar i sofaen, strikketøy og blir grusa totaalt av An-Magritt på Wordfeud. De klarer sikkert ikkje lese poengstillinga her, men den er 514 mot 304. Jadda. Ny pute i sofaen forresten, likar januarsal. Den er frå KID.


Elles meiner eg at kaffe mokka, pikekyss og havreflarn med sjokolade er fullstendig lov når ein har vore sjuk i over ei veke! Huset ser ikkje ut, det er massevis av brannbil-duplo og Ole Brum-puslespelbrikkar og bøker og teikneblyanter over heile stovegolvet og kjøkkengolvet treng ein vask. Men det får vi ordne når energien er tilbake. Enn så lenge er sofaen min ven!

Håper du har ein nydeleg torsdagsettermiddag og -kveld!

tirsdag 10. januar 2012

Evigheitsprosjektet er ferdig!

Eg har klart det! Eg har strikka ein heil genser i vaksenstorleik! Den skulle eigentleg vere ferdig til jul, men eg gjekk tom for garn, så mannen fekk ein einarma- og kragelaus genser under juletreet, med lovnad om at den skulle bli ferdig så snart eg fekk tak i meir garn. Vel, i går kveld gjorde eg ein innsats medan eg låg på sofaen og resulatet er: Ein stk kjekkasgenser ferdig! Jippi!




Er det nokon som veit kvifor bileta mine ikkje viser i blogrullen på NIB? Det står berre bloggnamnet og namnet på posten, men det kjem ikkje opp eit sånt lite bilete. Lastar opp bileta mine i Flickr, og limer url rett inn her. Må eg gjere det på anna vis?

Håper du har ein deilig tysdag! Eg jobbar med å bli frisk, leii av å vere inne no! 

mandag 9. januar 2012

Global chic

Det er mange plassar eg har lyst til å besøke og mange kulturar eg finn inspirasjon i, men eg har tross alt gifta meg til eit andre heimland og det må bli Mexico som får representere min globale innreiingsstil i dag. NIB har valgt "global chic" som tema for første utfordring i 2012, og eg hiv meg med. Det er mi første, og det passar vel bra å innleie bloggåret (nesten) med å prøve noko nytt?

Soverommet vårt har litt meksikansk preg. Eg gler meg til neste gong vi skal reise over havet og alt det kjekke som skal få bli med heim i kofferten min, eller eventuelt i ein container (Acapulco chair anyone?). Men som sagt, det er soverommet som er mest Mexico. Dette rommet har vi ikkje rørt med oppussingsverktøy enno, så de får halde ut med litt holete tapet og beige veggar.



Visste du at julestjerna er ein meksikansk blome? 


Strykejern? Aldri høyrt om...



Fyll ein glasbolle med juletrelys og rååsa bling - perfekt meksikansk stemning!









Sjå fleire bidrag eller bli med på utfordringa sjølv her

Sarape (multifarga teppe) og rebozo (raudt sjal) frå Mexico, "votive candles" frå Etsy (kva heiter det på norsk? Bønnelys?), heimesydde puter med teksten "buenas noches" ("god natt"), turkis hjort frå Primark, raud ramme frå Ikea og fargerik pappmasjeengel og turkis trekors frå Mexico.

lørdag 7. januar 2012

Draumebryllaup

Eg er godt gift, og vi hadde ein nydeleg dag for snart seks og eit halvt år sidan. Men vi har fabulert litt om å fornye løfta våre i Mexico. Vi gifta oss i Noreg, og det hadde vore fint å få gjort det same (eller, ikkje heilt det same, men noko liknande i alle fall) med familie og vener i Mexico også. Og då fabelaktige Maia laga utfordring med drøymebryllaup, og eg ligg på sofaen med crp på 122, så er det deilig å berre surfe på nettet etter inspirasjon.

Enkelt, avslappa, rolig, men likevel med litt fargar (vi er jo tross alt i Mexico!), masse god mat, meksikanske bryllaupskaker (ein slags kjeks rulla i melis), deilig drikke og masse lys. Sollys om dagen og levande lys og faklar om kvelden. Danse barbeint i sanda til langt på natt, det blir jo ikkje kaldt!






Delta sjølv eller sjå fleire bidrag her (hehe, eg la akkurat merke til at Maia og eg har same brudekjolefavoritt! Du skal få ha den Maia! Det spørs om det ikkje passar best med ein lang, flagrande kjole på stranda, sjølv om femtitalskjolane er überlekre)

fredag 6. januar 2012

Kjipt å vere sjuk, er heime på andre dag og skal snart til legen. Heldigvis har eg små lyspunkt, som foreksempel den fine boka eg vann i blogglotteriet til Wilhelmines og som eg ikkje har rukke å bladd i i jula. Veldig åkei med ei bok med økonomiske tips når det ser ut som at mesteparten av oppussingsbudsjettet i år går med til ein tur til Mexico!



Strikketøy frå Pickles ligg klart til å strikkast vidare på, enn så lenge har ikkje energinivået vore heilt der. Men snart tek eg fatt igjen! Her er det tovegskjole som er på pinnane, til lille rååsa storesøster i huset. Den blir heilt villt mjuk, skulle nesten hatt ein sjølv også (men ikkje så rosa)!



Og i vindaugskarmen er amaryllisen i full blom, godt å sjå at det er nokon som har energi til å blomstre her i huset no om dagen!



Ein fordel med å vere innesperra i huset (senga) er jo at ein får masse tid til å tenkje, og planlegge... Nesten sånn at ein får lyst til å vinne i lotto, for når oppussingspengane går til flybillettar til Mexico så kjem det sjølvsagt tusen prosjekt i hovudet som ikkje vil sleppe taket. Soverommet treng ei real overhaling, stova MÅ vi gjere noko med (grøssar litt av det gule strukturtapetet) og kontoret er jo ikkje ferdig enno. Og det hadde vore veldig deilig med toalett i andreetasje. Også hadde vi jo planer om å bygge terrasse i hagen... Vi får telle litt på knappane og sjå kva vi får råd til. Mexico-tur MÅ vi prioritere, treffe familie, fylle opp skap og hyller med tørrvarer og hermetikk (det minkar kjapt i lageret no), få sol og sommar og kjøpe minst èin Acapulco-stol *hehe*

Fin fredag!

onsdag 4. januar 2012

Skape meir plass

Eg forelska meg litt i den kule kjøkkenhylla som vart bygd på "Tid for hjem" på Tv2 i går kveld. Og kjenner at eg ønsker å skape meir plass i Casa Blanca i 2012. Organisere, ha ting på SIN plass, få betre oppbevaringsmoglegheiter... Så i dag har eg brukt litt tid på inspirasjonsjakt på Pinterest (alle bilete er funne der).

Ikea-hyllene kan jo bli kjempelekre! MÅ gjere noko med vår! No er det berre fullstendig kaos, med bøker, leiker, strikketøy og elektroniske dingsar - og roteplass på toppen for post/teikningar/det som ligg på kjøkkenbordet og som må flyttast for å få plass til middagen og som ikkje blir lagt tilbake...



Og apropos strikketøy. Skulle gjerne hatt ein bra oppbevaringsplass for det og garnet som hopar seg opp etter seine nattetimar i diverse nettbutikkar. Og alt det andre krea-greiene. Det får bli første prioritet: Finne fin oppbevaring for strikketøyet som er på stova (dvs det som er i nesten-dagleg bruk)! Så får resten av papir/garn/stoff/tråd/knappe/whatnot-lageret få eit skap i kjellaren etterkvart.



Badet treng også sårt litt ekstra oppbevaringsplass og betre organisering. No har vi berre eit gigantisk servantskap med to skuffer. Den eine er full av tøybleier, klutar og små handdukar og den andre er berre eit katastrofeområde med neglelakk, deodorantar, kremar, øyredobbar, leppepomade, hårtørkar, hårmousse, parfymer, sminke, barbermaskin og Hello Kitty-hårspenner. Vi har ikkje plass til så mykje meir der inne eigentleg, men kanskje nokre hyller kunne vore løysinga.



Også ønsker eg meg tørketrommel. Miljøsvin... Vi har berre ikkje plass til å tørke tøy på stativ anna enn på vaskerommet, som er i kjellaren - og der er det så kaldt at tøyet ikkje tørkar ordentleg. Skulle gjerne pussa opp heile vaskerommet i same slengen, men det var dei pengane då... For å få organisert det best mogleg på vaskerommet må vi nok flytte litt rør og sånn, så det får bli med draumen i denne omgong.



No er det middagsmekking som står på planen, i kveld har eg tenkt å gøyme meg i sofaen med pledd og tekopp og det nyaste Rom123 og berre kose meg! Håper du har ein nydeleg onsdag der du er!

tirsdag 3. januar 2012

Så var det over for denne gong

I dag har vi rydda ut jula. I alle fall nesten. Amaryllisen byrja ikkje blomstre før rett før nyttår, så i vindaugskarmen er det framleis julestemning. Men eg har ikkje vist eit einaste bilete av Casa Blanca i juleform, så sjølv om jula sånn nesten er over så får de halde ut med litt julete bilete i dag. Vi har ikkje hatt det så ekstremt, juletre i stova og på kontoret, og litt pynt i vindaugskarmane.

Sidan kontoret ikkje vart ferdig til jul (kremt), så innreia vi med kosekrok og masse bøker. Ungane fekk ei minifuru dei kunne pynte, og plommegreinene har jo stått her ei stund (ikkje med julepynt altså!).



Litt ny pynt frå John Lewis, Søstrene Grene og Marks & Spencer. Isbjørnen mista auget 1. juledag då minstemann flytta han rundt på juletreet.


Verdas enklaste girlander av ulltråd og kongler



Håper alle har hatt ei fin julehøgtid. Her har det vore rolege dagar med litt sjukdom (eg har vore tett i nasa sidan 2. juledag, ghh...). No er det tilbake på jobb og i barnehage, og kvardagane sig inn. Det er deilig det òg!

Fin tysdagskveld til deg!