mandag 19. mars 2012

Det er måndag morgon, men eg må berre vise nokre glimt frå helga.
Er jo lov å gle seg til helga allereie!





Det passa veldig bra å byrje plantesesongen i solskinet!
No står det jordbær, linblomster, ringblomst og bønner og spirar i vinduskarmen heime.

God ny veke til deg!
(I morgon på denne tida sit eg på flyet til London!)

onsdag 14. mars 2012

Never let it go

Husk at denne dag må du ta vare på
den forsvinner mellom fingra dine nå...



mandag 12. mars 2012

Ah, måndag!

Eg har vore på vernissage i dag, vi har berre tidenes sjef som inviterer til fest for å feire nye møblar i nyoppussa gang/inngangsparti. Med tale, leskande drikke og kjeks. Herlig!



Burde tatt med solbrillene på jobb i dag, det har vore heilt vanvittig fint vér i dag. Sol, sol, SOL! Og så varmt, det vart nesten for varmt å sitte med langerma genser på trappa i kaffipausen. Fekk innvia dei nye joggeskoa mine då, fann dei på ebay til ein slikk og ingenting (kjøpte likegodt eit par til An-Magritt også, såg ikkje at eg hadde kome inn på britisk ebay og då er jo ikkje skostorleiken lik som i USA... *flau* Heldigvis hadde dei eit par i min storleik også). Eg diggar Simple som lagar joggesko av økologiske og gjenvunne materiale (og eg ser no til min store skrekk at dei skal ha ein pause i produksjonen! Neiiii!), og vårleg neglelakk. Oransje skjerf med cowboyar frå Primark (det vart for varmt å ha det rundt halsen).

Sunshine

Vil berre ønske deg ei flott veke, og håper at solstrålane når deg der du er! Her heng solbrillene klar i vindauget, saman med ei sol teikna av husets fireåring.

onsdag 7. mars 2012

Frukost

Eg må berre, beklager til dykk som ikkje har sånn deilig frukost, men: 


Baking av horn anbefalast verkeleg som sein ettermiddagsaktivitet med ungane! 
Supert til kvelds og perfekt til frukost og lunsj dagen etterpå!


3,5 dl mjølk
2 ss smør
25 g gjær
1 ts salt
1 ss sukker
500 g mjøl (eg brukte 50/50 kveitemjøl og Fibra)

Varm opp mjølk og smør, rør ut gjæra i den lunka væska. Bland alt det tørre og hell væska over.
La deigen heve ca. 60 minutt.
Del deigen i to og kjevle ut ein stor runding av kvart emne. Del i åtte "pizzastykke" og legg på ost og skinke/salami/pizzafyll/ovnsbakte grønsaker/whatnot.
Etterhev i 10-15 minutt og pensle med egg. Strø på evt. frø.
Steikast på 225 grader i 12-15 minutt avhengig av ovn.


God onsdag!

søndag 4. mars 2012

Gamal kokekunst og sykkeltur


Vi har vore hos mampap på føremiddagsbesøk i dag, og ungane har storkosa seg med sparkesykkel og løpesykkel. Deilig med bar asfalt! Vi bur slik til at det er bakke opp og bakke ned, så då er det finfint å ha supre sykkelforhold hos besteforeldre som berre bur eit (litt langt) steinkast unna.



Mamma hadde funne fram husstellsboka si, på jakt etter oppskrift på havrekjeks. Det er vanvittig kult å lese kokebøker frå femtitalet! Og boka er godt brukt, så den er slitt. Illustrasjonen på baksida av "husfluga" er berre fantastisk - inni vengene står det diverse sjukdomar husfluga kan bere med seg; nervefeber, polio, kolera, spedalsksjuke og miltbrann! Farlige greier. Og du må for all del ikkje ha for mykje krydder i maten, det er farlige saker (det må vere eit under at min meksikanske familie framleis er i live!), gamle kjøtrestar kan forøvrig brukast til "forloren skjelpadde". Åh, så moro med gamle bøker!

No lagar meksikanaren Sunday roast, i dag blir det lam med noko blomkålgreier a la Jamie Oliver. Det luktar i alle fall himmelsk her på kjøkkenet no! Håper du også har ein fin søndag!