lørdag 4. april 2015

Påskeegg del 3

Det har gått i egg i årets påskeverkstader. Huset fullt av egg! Men det er jo så fint, og eit godt symbol på påske. Nytt liv!


I går lagde vi stempla egg. Superenkelt! Eg fann fram akvarellmaling frå Søstrene Grene (og litt akrylmaling frå Panduro, men akvarellmalinga var best - eit lite skrin med små tuber i til finfin pris!), litt papp frå ei pappeske, papptallerknar og kvit kartong (vi brukte tjukke akvarellark, men her kan du jo bruke kva som helst!). Klipp ut eggeformer, skvis maling ut på papptallerknar (veldig greitt med slike tuber med akvarellmaling, vart ein veldig passeleg "strek" til stempla!) og stemple i veg med pappbitar! 


Dette var kjekt for sjuåringen (som laga litt meir avanserte mønster, og brukte pensel på nokre egg), femåringen (som var oppteken av matchande fargar) og snart-toåringen (som berre stempla villt). Enkelt å lage i stand, og kjapt å rydde opp etterpå. Berre rulla alt (vel, ikkje måling, penslar og ferdige egg sjølvsagt) inn i papirduken og rett i papirsøpla!








onsdag 1. april 2015

Påskeegg med glassmalerieffekt

Etter å ha grilla pølser og grove kanelpinnar (grov pinnebrøddeig snurra rundt grillpinnen, med litt kanel og rørsukker på) ute i dag vart det inneaktivitet etterpå. Vi har laga påskeegg i dag også, pinspirert av Things to Share and Remember. Kan gjerast superenkelt for småttisar og større barn kan gjere seg så mykje flid dei berre vil. Paljettar er ein sikker vinnar i alle aldersgrupper dog!


Du treng: kartong i valfri farge, kontaktpapir, silkepapir og evt. paljettar. Synål og sytråd til oppheng viss du ikkje vil klistre dei rett på vindauget.
Klipp ut eit stort egg av kartong (kan teikne det først med blyant om du ikkje vil klippe på frihand. Anbefaler at ein vaksen hjelp til eller utfører dette!), klipp ut eit mindre egg inni det store egget slik at du får ei ramme. Dersom du startar med eit skikkelig stort egg får du minst to glassmaleriegg av det same egget! Legg egget på kontaktpapiret og klipp ut ein firkant som er stor nok til å dekke egget. Fjern den kvite plasten og lim egget på (det hjelp å ha litt lange negler, det er innmari vanskeleg å dele plast og kontaktpapir! Grr!)




Riv opp små bitar silkepapir og klistre på inni egget. Kjør på med paljettar om du har! Større barn vil kanskje klippe ut former med saks og lime på, eller lage mønster av striper/sikksakk. Her er det berre å la kreativiteten boble over. Berre pass på at det ikkje er for mykje silkepapir langs eggeramma, då sit ikkje kontaktpapiret du skal ha på toppen så godt fast.


Klipp ut ein ny firkant med kontaktpapir og legg over, slik at silkepapiret og eggeramma har plast på begge sider. Klipp av overflødig kontaktpapir og voila! Heng opp i vindauget og nyt dei vakre fargane! Eg har hengt dei på ei grein frå epletreet i hagen.