Viser innlegg med etiketten stilleben. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten stilleben. Vis alle innlegg

mandag 19. september 2011

Stilleben

Stillebein?

I alle fall, det er fint å kaste seg ut i ting, trur eg! Så også med interiørverda og blogging. Fine Lidyll har ei utfordring gåande no med tema "stilleben". Har ikkje eigentleg prøvd meg på det før, men kvifor ikkje berre hoppe i det? Er så inspirert av gult og oransje er om dagen (det har jo allereie satt sine spor i bloggen!), så her er dagens:

Strikketøy i kasjmirgarn frå Pickles, Simple Sewing-boka til flotte Lotta Jansdotter (veldig mange bra prosjekt for oss som likar å lage ting som går kjapt unna!), biteleike-elg frå Little Sapling Toys, loppisvasen med gerbera, bokstavklossar frå Hamley´s, armring frå eye2eye og kalender frå Freya Art


Eg har brukt fridagen min på husvask, rydding, krok-opphenging og trappevask. Deilig å få litt orden på deler av huset. Når batteriet i drillen er ferdiglada skal eg gjere gangen ferdig, masse oppbevaringsplass på veggen skal det bli! Plass til vesker, barnehagesekkar og regntøy, kanskje sykkehjelmane også etterkvart. Mannen har sparkla veggen på "kontoret" - så der blir det snart maleklart! Eg gler meg!

***

Lovely Lidyll has challenged her readers to show off their interior displays. I haven´t really made one before, but I thought I´d just jump in the deep end. Here is my contribution, all yellow and orange - some of my favourite colours of the season!

All links are above, underneath the photo. Yarn from Pickles, Simple Sewing by Lotta Jansdotter (a great book if you, like me, prefer projects that are quick and easy!), moose from Little Sapling Toys, flea market vase, letter blocks from Hamley´s, bracelet from eye2eye and calender from Freya Art.