fredag 30. september 2011

Fredrikstad!

Gamlebyen, fine bygningar, brustein og tatoveringssjappe. Var på tur med finaste An-Magritt i går og fekk både drikke kaffi i sola, fotografere og drøse med herlige damer. Veit ikkje om det finnast ein herligare tatovør en Marianne som driv Kunst med Puls.












Klagar ikkje over ventetid på toget når ein har sol og interiørblad, og pina colada-luktande neglelakk (seriøst, den luktar kokos og vanilje - rare greier!)



Og eg falt for dei kule setetrekka på ferga heim! Herlig bruk av norsk historie!


God helg til deg og dine! Måtte helga bli full av flotte brukt/loppefunn, epler og nydeleg haustsol!

***

Went to Fredrikstad yesterday with my best friend An-Magritt - she was getting a new (or building upon an old) tattoo. The old part of town is so beautiful, with cobbled streets and small shops. Good coffee, sunshine and chatting with the girls. What a way to spend a day! Bliss!

And check out the great seats on the ferry - how cool are they?! I just love that someone can actually be creative, and use lots of different Norwegian history to create the seat covers!

Wishing you a great weekend!

onsdag 28. september 2011

Tidleg morgon

Nokre (få) gongar er det åkei å ha ungar som vekker deg før ringeklokka (og før den fancy dag/natt-klokka du har kjøpt til nevnte barn har skifta til dag), i dag var ein sånn dag. Det var ekstremt tungt å fjerne dyna, men med ein gong ein hadde fått tåa utanfor soverommet innsåg eg at soloppgangar verkeleg gjev meg noko.





No byrjar kroppen snart kome såpass i gong at eg kan sette på tevatn, har brukt ein time på å kome meg hit. Burde sikkert eigentleg drikke kaffi, men får ikkje sånn nevneverdig effekt av koffein (desverre!), så då blir det tevatn. Ungane ser barnetv i pysjen, et druer og bygger med klossar. Deilig!

Håper du har ein flott onsdagsmorgon!



***

Sometimes there are a few perks with having kids who wake up early, today it was rough to leave the duvet behind long before the alarm went off (well, we don´t really have alarms, we have kids - but THEY have an expensive monkey clock which shows the difference between night and day, didn´t really work this morning...). But as soon as I left the bedroom I knew it was worth it, the prettiest sunrise emerged between the clouds. And now I´m almost ready to put the kettle on (I´ve been up for over an hour).

Hope you´re having a lovely Wednesday morning!

søndag 25. september 2011

Lazy Sunday

I dag har vi gjort fint lite. Storesøster brukte laurdagen til å kaste opp, men var i fin form i dag (og heldigvis ser det ut til at vi andre "står an av"). Etter jobb rusla vi ein tur på Karljohansvern i Horten, var innom Rosehagen og åt deilig antipasti og eplekake. Det er så koseleg der, sjølv om innreiinga ikkje heilt er min stil (eg er ikkje fullt så kvit og landleg av meg trur eg), så er det så deilig med lyse lokaler og litt blanding av gamalt og nytt, det er så god stemning i dei gamle treveggane! Tapetet er kjempestilig, og eg elskar dei gamle stikkontaktene!

Lillebror plukka nokre kastanjer då vi var ute på tur, og slått saman med fjorårets samling kan ein lage masse gøy! I år er det kjempemasse kastanjer på "tuntreet" vårt, så det blir nok eit par titals kastanjer til i samlinga etterkvart...











***

After work we went for a walk at Karljohansvern in Horten, and had lunch (good antipasti!) at Rosehagen, a cozy café. They make a lovely apple pie, served with ice cream. Yum! The interior at the café is not really my style, but it is really nice to be there - the atmosphere is great, and I love how they mix old and new. 

The youngest picked up some chestnuts while out walking, and mixed with the collection from last year they are quite fun to play with. We have a large chestnut tree right outside our house, and I think we´ll end up with a rather large collection of nuts this autumn ;)

fredag 23. september 2011

Morgonstemning på kjøkkenet








To asters har fått plass i kjøkkenvindauget og sprer lilla glede kvar dag! Og i dag glinsa dei i morgonsola og nærast ba om å bli fotografert. God morgon til deg! No er det snart helg!



onsdag 21. september 2011

Ahh...

Det beste med å kome heim frå jobb er av og til å ta av seg skoa...



...og lage ein kopp te!



Skal tilbake på jobb om to timar, så må maksimere pausen med te, eit blad eller to, nyte solskinet på trappa og Adele på øyret. God onsdag til deg!

***

Sometimes the best thing about coming home from work is taking off your shoes, and make a cup of tea. Off to work again in two hours, so I´m making the best of my break with tea, magazines and Adele on my iPhone in the sunshine! Happy Wednesday to you!

tirsdag 20. september 2011

Stova vår

Vi har ommøblert på stova, og eg likar det godt - når ein har ei bittelita stove er det viktig å skape så mykje plass som mogleg. Og bittelita er den definitivt, rundt 9kvm. Heldigvis høgt under taket, og eit stort vindauge, det hjelp på romkjensla!

Det er framleis mykje som skal gjerast her, taket skal fiksast, det gule tapetet skal vekk (grøss!) og vi har ikkje bestemt oss for kva vi skal gjere med golvet. Det er litt kult at det er så stygt og uflidd, så enn så lenge får det vere lakka/grønmalt. Lurer på kva som har vore her før - lakka dei golvet, la teppe på og malte rundt?!



Dei mest populære barnebøkene har fått plass i aviskorga. Funkar finfint som utstillingsbibliotek i miniformat! Og lettare å finne fram enn oppi ei kasse!


Klarte ikkje halde meg unna The Indifferent Giraffe frå Etspirasjonsinnlegget mitt tidlegare i september.




Måtte skvise plass til ungane sitt teiknebord. Blir ikkje brukt om det står oppe på soverommet. Og vi har jo ungar, og dei er ein del av interiøret dei også! Teiknebøker kjøpt på loppis.




No skal eg legge mitt legeme i badekaret saman med ei badetrøffel eller to frå Såpebobla, trur det må bli 
noko frå Oh my achy muscles-serien. Nett heimkome frå 2.5 timars pilgrimsvandring med ein gjeng flotte konfirmantar, og er rimelig støl i beina.

God tysdagskveld!

***

Thought I´d show you some pics from our (tiny!) living room. We just rearranged the furniture and I like the new look. It feels slightly more spacious, if one can ever call a 9 square metres living room spacious?! 

I´m running a hot bath as I write, filling it with bath truffles from Såpebobla. I need some therapy from the Oh my achy muscles-series after a 2.5 hour hike today.

mandag 19. september 2011

Stilleben

Stillebein?

I alle fall, det er fint å kaste seg ut i ting, trur eg! Så også med interiørverda og blogging. Fine Lidyll har ei utfordring gåande no med tema "stilleben". Har ikkje eigentleg prøvd meg på det før, men kvifor ikkje berre hoppe i det? Er så inspirert av gult og oransje er om dagen (det har jo allereie satt sine spor i bloggen!), så her er dagens:

Strikketøy i kasjmirgarn frå Pickles, Simple Sewing-boka til flotte Lotta Jansdotter (veldig mange bra prosjekt for oss som likar å lage ting som går kjapt unna!), biteleike-elg frå Little Sapling Toys, loppisvasen med gerbera, bokstavklossar frå Hamley´s, armring frå eye2eye og kalender frå Freya Art


Eg har brukt fridagen min på husvask, rydding, krok-opphenging og trappevask. Deilig å få litt orden på deler av huset. Når batteriet i drillen er ferdiglada skal eg gjere gangen ferdig, masse oppbevaringsplass på veggen skal det bli! Plass til vesker, barnehagesekkar og regntøy, kanskje sykkehjelmane også etterkvart. Mannen har sparkla veggen på "kontoret" - så der blir det snart maleklart! Eg gler meg!

***

Lovely Lidyll has challenged her readers to show off their interior displays. I haven´t really made one before, but I thought I´d just jump in the deep end. Here is my contribution, all yellow and orange - some of my favourite colours of the season!

All links are above, underneath the photo. Yarn from Pickles, Simple Sewing by Lotta Jansdotter (a great book if you, like me, prefer projects that are quick and easy!), moose from Little Sapling Toys, flea market vase, letter blocks from Hamley´s, bracelet from eye2eye and calender from Freya Art.

Salige morgenstund

Lukke er å få servert huevos rancheros med frijoles til frukost, og ein stor kopp chai latte. Og i kombinasjon med at mannen i huset står opp med ungane og leverer dei barnehagen før eg i det heile teke har fått tåa utanfor dyna så er det nesten på grensa til himmelsk!


Huevos rancheros er steikt egg med salsa, og frijoles (refritos) er bønner som er kokt og så steikt og most til ein slags stuing. Nydeleg!

***

The perfect way to start the days is to have hubby wake up with the kids and leave them in kindergarden before I have even stuck a foot on the floor. And then being served huevos rancheros con frijoles (eggs with homemade salsa and beans) and a large cup of chai latte. Bliss!

søndag 18. september 2011

Litt grønt nytt

Ikkje så mykje grønt som i fargen grønn, men grønt som i planteliv. Det måtte til, kjente det på kroppen at vi måtte ha litt levande inn her som ikkje spring rundt og søler yoghurt i sofaen eller fyller vaskemaskina med tøybleier...







Helga er over, men eg kan gle meg over ein fridag i morgon. Håper du har hatt ei fin helg og har funne energi til å ta fatt på ny veke!

***

I felt we needed some greenery in our house, something that is alive but doesn´t spill yoghurt on the sofa or add to the washing. So plants it is! 

Hope you´ve had a nice weekend!

fredag 16. september 2011

Septembersol

I dag slutta eg litt tidleg på jobb, og då var det verkeleg deilig å sette seg i sola i trappa med ein kopp kaffi og favorittbladet (sårri, det er ikkje eit interiørblad...) - som er på sal på Narvesen om dagen. Idyllen vart broten etter ei lita stund då dei ringte frå barnehagen og to stk febrile ungar måtte hentast. No sit eg her i sofaen med to slitne og slappe ungar, Byggmester Bob på tven og saft og sugerør... Minnet om ein halvdrukke kaffikopp og sol på kroppen får varme litt.



Koppen er frå Shinzi Katoh, ein fantastisk japansk designer/kunstnar! Love! Skal nok få vist fram samlinga mi ein dag!

Planen om bokfestival på Operaen får berre ligge, det blir nok ei slækk helg her i Casa Blanca. Håper helga di blir finfin!

***

Finished early today and got to enjoy half a cup of coffee in the sunshine and read a few pages in my favourite magazine before they called from kindergarden and we had to pick up two kids with fever. We had planned to go to Oslo for the book festival, but it seems we´ll have a very quiet weekend at home instead. 

The mug is from Shinzi Katoh, a fantastic Japanese designer/artist. I have a collection of mugs with his drawings on them, I´ll show them off another day! :)

Hope you´ll have a great weekend! 

torsdag 15. september 2011

Elskar "bestemorsveska" mi!

I dag fekk eg endeleg brukt "bestemorsveska" eg kjøpte på loppis for to veker sidan. Betalte heile ti kroner for den (og med på kjøpet fekk eg ei gamal neglefil og ein kulepenn *hehe*).


Trengte ikkje ha med så masse på jobb i dag, så då fekk denne æra av å bere lommebok, mobil, nøklar og filofax (heiter det framleis det? Sånn god, gamaldags kalenderbok til å notere i?). Det var sjølvsagt ikkje tilfeldig at den stod til genseren heller (den er ny forresten, eit verkeleg godt kjøp på H&M!)


Håper de har ein fin torsdagskveld, no er det snart helg! Eg skal bake ein focaccia og kanskje finne fram strikketøyet.


***

Finally got to use my "granny bag" I bought in the flea market two weeks ago, I paid the grand sum of £1 for it! Today I didn´t need to bring so much stuff to work, only my wallet and phone basically. Love my new jumper (which totally match the bag of course!), it´s a steal from H&M, and I´m considering buying it in the other colours too! 

The weekend is almost here, hope you´re enjoying your Thursday evening! 

onsdag 14. september 2011

Ein onsdag i september

Nett no lurer eg på om eg må revurdere onsdag som yndlingsdagen min av kvardagar. Det er den lengste dagen min på jobb, og i kveld er eg ganske sliten! Men det har vore så utrulig flott sol i dag, nesten sommarvarme, med haustfargar og klar luft.

Biletet er frå i går, då var det ikkje særleg med sol...


Eit loppefunn i haust, synes den er passe søt og passe stygg - og dimed heilt herleg! Betalte fem kroner for den, og den har fått heidersplass på skatollet på stova.


Sweet Memories har ein kjempefin giveaway gåande no, anbefaler alle å kike innom og kommentere! Du finn link i sidemenyen her, eller du kan gå inn HIT for å prøve vinnarlukka!

***

Autumn is here, today we´ve had brilliant sunshine and almost summery temperatures, but still a hint of chill in the air. (The photo was taken yesterday, it wasn´t very sunny then...).
The vase is a flea market find, I paid 50p for it, and I love that it is ugly and cute at the same time.

tirsdag 13. september 2011

Kontor to be

Dette er altså "kontoret". Eit bittelite rom, eller, det er ikkje eit rom eingong, øverst i trappa. Her held vi på å pusse opp om dagen, det går i sneglefart framover, men håpet er å bli ferdig i løpet av to veker, med alt av pussing/sparkling/maling, fikse golvet og møblere.

Her var det tidlegare eit lite vindauge, men det var i ganske dårleg stand. Så då vi etterisolerte ytterveggen skifta vi like godt vindauget, og no ser det mykje betre ut, er du ikkje einig?



Då vi fjerna listene såg vi at det har vore tapet her tidlegare, det er ikkje malt rett på sponplatene. Eg fattar nesten ikkje at nokon kan male over ein så kul tapet som dette?


No er det litt kaos der oppe, men eg gler meg veldig til å få alt på plass. Dette blir mitt kveldsrom, det er rett utanfor ungane sitt soverom, så då kan eg sitte der og blogge når dei skal legge seg. Strikketøyet skal også få plass der oppe, forhåpentlegvis!



***

We´ve started redecorating "the office". It is not even a room, it is just a tiny space at the end of the staircase. But I think it will be a really nice place to sit while the kids fall asleep! When we insulated the outside wall we decided to change the window, since it wasn´t in the best condition, and the room has changed completely - don´t you agree?

mandag 12. september 2011

Middagstips

Eg elskar enkel mat, mat som nesten lagar seg sjølv. Det er så utrulig greitt, minimalt med jobb og maksimalt med smak! Og eg har heilt dilla på raudlauk og gulrøter i kombinasjon.

Torsk med ovnsbakte grønsaker
400g torsk i filetar
2-3 poteter i båtar
2 gulrøter
1-2 raudlauk
Eit par fedd kvitlauk
Olivenolje
Salt & pepar og eventuelle andre krydderier



Legg potetbåtar, nokre kvitlauksfedd, raudlauk og gulrøter i ei ildfast form. Hell over ein god klunk olivenolje, strø på salt (eg brukar mineralsalt) og krydder (her: timian og rosmarin). Legg torskefiletane i ei anna form med litt smør og litt olivenolje. Krydre med salt og pepar. Drypp nokre dropar soyasaus over og legg ned nokre fedd kvitlauk og gjerne ein heil chili. Sleng alt i ovnen på ca 200 grader i 35 minutt. Det kan vere lurt med litt aluminiumsfolie over fisken så den held seg saftig, den kan du fjerne når det er 10 minutt att av steiketida, så får du litt hardare overflate på fisken.

Server gjerne med heimelaga salsa, det er nyydeleg til torsk!



God måndag til deg, håper veka blir strålande!

søndag 11. september 2011

Puh, søndag!

I min jobb er jo ikkje alltid søndag fridag, og denne helga har det vore masse jobb, og lite tid til blogging. Men no er jobbehelga over, og i morgon har eg FRI, så det kjem fleire innlegg i dagane framover!

Mannen i huset har jobba og slipa og pussa - og snart blir det flott oppe i gangen/kontoret. Han har fjerna to lag golvbelegg, smelta lim med varmepistol og skrapa seg trælar i fingrane. Men resultatet blir så fint!! Så får vi sjå kva vi gjer med golvet på "kontoret". No er det ein vinylbane der, under er det kanskje ei treplate. Trur ikkje det er golvplankar der desverre. Men vi skal uansett male det kvitt. Trappa skal også få eit par strøk kvitmaling etterkvart.





Det gjenstår litt maling av dørlista (den grå dørlista er inn til ungane sitt soverom, rett fram er det "walk in closet" før ein kjem inn på vårt soverom). Også står "kontoret" for tur, vi har kjøpt inn listverk. Gler meg til å kome i hus der oppe, for der har vi den finaste utsikta i huset! Veldig greit å kunne sitte der når ungane skal sove, enten med strikketøy eller med dataen. Manglar berre den perfekte lenestolen, den kan det nok ta litt tid å finne...

Må jo også legge til at eg vann 3. premien i Romantisk Retro sitt fantastiske blogglotteri! Hurra hurra, føler eg har skikkelig vinnarlukke om dagen!

torsdag 8. september 2011

Retrolukke!

Eg var så kjempeheldig og vann Fargevandring sitt blogglotteri og i dag fekk eg endeleg gått innom posten og henta premien min. Nydeleg innpakka, og med den herligaste innmaten! Tre meter tapet!! Åh, eg gler meg sånn til å finne på kreative ting med desse skattane!





Tusen takk Anne-Lise for ein heilt fantastisk premie! Lovar å oppdatere med innlegg når eg sprettar tapetbitane!

Håper du har ein flott torsdagskveld!


***

I won Fargevandring´s lottery - three metres of fantastic retro wallpaper! And today I finally made it to the post office to pick them up. They are absolutely fantastic! I can´t wait to get creative with these babies!

Hope you´re having a lovely Thursday evening! 

tirsdag 6. september 2011

Be the change


Vi kan alle hjelpe, katastrofen på Afrikas Horn er ikkje over - og sjølv om den mister fokus i media og kanskje i medvitet vårt så er det ikkje for seint å hjelpe! 12 millionar menneske er ramma av alvorlig tørke, og FN reknar med at omfanget menneske som vil trenge humanitær hjelp vil stige med opptil 25% i tida framover.

Eg oppfordrar herved lesarar om å bidra, med stort eller smått. Om ein allereie har gitt pengar, så har ein gjerne råd til å gjere det igjen. Eller kanskje du kan invitere vener på velgjere-middag (lag ein deilig middag, alle betaler litt for maten og pengane går inn på konto til ein bra organisasjon)? Kanskje pengane i vinlotteriet på jobben kan gå til eit godt føremål denne veka? Kanskje har du tøy som har blitt for smått (eller har feil fasong) som kan donerast til Fretex eller eit flyktningmottak? Eller arranger ein klesbyttekveld med gode vener, alle betaler ein symbolsk sum og kan "shoppe" fritt blant tøyet som er tilgjengeleg og pengane går til nokon som treng det som mest.

Det aller enklaste er i alle fall å sende ein sms: HJELP til 2090 (200kr til Røde Kors)


Håper du har ein god tysdagskveld, her er det nesten-storm og veldig haustleg ute!


mandag 5. september 2011

Etspirasjon

Eg vart litt inspirert av fargane i blomebuketten eg fekk i går, så i dag har eg sikla på oransj-brun-gule ting på Etsy. Klar for litt inspirasjon, eller etspirasjon?





Håper du har hatt ein fin start på veka, og at resten av veka blir bra!

***

Inspired by the flowers I got yesterday from work I found some fabulous stuff on Etsy. I´m drooling over orange/brown/yellow things these days.

søndag 4. september 2011

Septembersøndag

I dag har vi hatt ein fantastisk søndag, veret til tross! Det har bøtta ned til tider, men vi har kosa oss inne med deilig mat, perling, høgtlesing av Inger Hagerup sine dikt og kake til kaffimat. Mannen svinga seg på kjøkkenet og diska opp med ovnsteikt lammeskanke og grønsaker, heilt nydeleg. Oppskrifta er frå Jamie Oliver, litt modifisert sidan vi ikkje hadde kvitvin i hus (anna enn sånn dyyyr kvitvin som ein ikkje vil kokkelere med *hehe*)

Uppskrift er som følger (med nevnte modifikasjoner)

Ovnssteikt lammeskanke (dette var til fire vaksne og bittelitt til to ungar som heller ville ha pølse...)

2 lammeskankar på litt over 500g
3 gulrøter, skore opp i rundingar
1 raudlauk, hakka
6 fedd kvitlauk, heile og med skal på
1 vårlauk, finsnitta

Lag kryddersmør i blender/kjøkkenmaskin av rosmarin, timian og laurbærblad og 75g smør

Skjer eitt snitt i lammeskankane og stapp kryddersmøret inni. Legg så skankane i kvar sin bit folie, fyll på med gulrøter og lauk og hell over ein god klunk olivenolje. Brett folien rundt slik at dei dekker skanken. Sett inn i oppvarma ovn (ca 200g) og la stå i 2,5 timar (litt mindre om du skankane ikkje er så store)

I tillegg hadde vi brokkolisuppe, fritt etter hovudet mitt. Den vart faktisk veldig god og superenkel!

Omlag 1l buljong (lagast enkelt med å koke opp 1l vatn, legge brokkolistilken oppi med litt salt og laurbærblad)
1 brokkoli, oppskoren
1 potet, i bitar

Kok brokkoli og potetbitar i buljongen i 4-5 minutt. Hell av buljongen (men spar på den!) og legg grønsakene i blenderen. Hell buljong ca. halvvegs opp i blenderen og blend i veg til fløyelsmjuk konsistens. Smak og juster evt med litt meir salt (og pepar om du ønsker).

Serverast med sprøsteikt bacon og eit lite dryss parmesan.



Fekk nydelege blomar på jobb i dag, som fekk pryde bordet. Herlige haustfargar, nett same rosene som eg hadde i brudebuketten min!



Når det pøsar ute er det greitt å sitte inne og perle. Planen då eg kjøpte skatollet var at det skulle bli A sin hobbyplass. No har ho alle perlene sine der inne (og vi har også eindel saker og ting der, ho har ikkje fått overtatt den heilt enno). Veldig greitt å ha alt hobbystæsjet samla éin plass!

Kalender frå Freya Art og armband frå eye2eye

No skal eg senke mitt legeme i vatn og slappe av litt. Nyte søndagskvelden og ta ei lita runde i blogglandia. Drikke eit glas raudvin. Lese litt interiørblad. Kanskje strikke litt.



Jadda, eg fylte opp med så varmt vatn at eg skulle rekke å blogge før eg la meg oppi karet. Og ja, det er lov å bli litt misunneleg ;)


God søndagskveld til deg!

***

Had a lovely Sunday with a great meal (broccoli soup, roast lamb shank and cake&coffee). It´s raining, so we´ve spent the day inside with beads, good food, wine and old books. Now I´m off to relax, with a long bath, interior magazines, a glass of red... 

Hope you´re having a lovely Sunday too!