onsdag 17. juni 2015

Frøbomber!



Vi har planer om å bombe lokalsamfunnet med blomar, ein super forsommarsaktivitet!

Dette treng du til ca. 40 bomber:
Papir (vi brukte rosa papir og avispapir, 20 tynne papirark og eit par sider av lokalavisa)
Vatn
Blomefrø (pass på å bruke blomar som høyrer til i norsk/skandinavisk natur, og helst bievenlege blomar!) Vi brukte 2 pakkar blomstereng, 1 pakke ringblomstfrø og eit par ts honningurt.
Ein stor bolle
Sil/sikt (evt. saftklede)

Vi brukte blomsterengblandingar frå Impecta (den med Nyttoväxter har både eitt- og fleirårige blomar), honningurt og ulike ringblomster (ikkje avbilda).


Riv papiret i småbitar og legg i vatn. Dersom du har ein gamal blender tilgjengeleg kan du lage papirmos i den. Eg ville ikkje øydelegge vår, så eg lot papiret ligge i eit døgn og reiv opp/mosa det med fingrane. Avispapir løyser seg fint opp og er enklare å bruke enn vanleg papir. Dersom du brukar berre avispapir blir frøbombene grå, men det gjer jo ingenting - det kjem ein fargeeksplosjon i etterkant!

Når du har most papiret heller du alt over i ei sikt og klemmer ut mesteparten av vatnet (viss du klemmer ut for mykje blir det vanskeleg å forme bombene, klemmer du ut for lite druknar frøa). Dersom du har laga papirmos i blenderen kan det vere lurt å pakke inn mosen i eit klede og klemme ut vatnet (ein gulpeklut/brettebleie er super til dette!).

Bland så inn frøa med hendene. Det er litt vanskeleg å jobbe med store frø, papirmosen held ikkje særleg godt på dei, vi droppa blomkarsen. Form små ballar (bomber) med hendene. 


Klem ut overflødig vatn og legg til tørk på ei rist med tørkepapir. Tørkepapiret sug til seg væske frå bombene. Dersom tørkepapiret blir vått kan du skifte papir ein gong (er det frø på papiret kan du legge tørkepapiret i blomsterbedet etterpå). La ligge eit par timar/natta over. Fjern tørkepapiret og la dei ligge på rista til dei er tørre (omlag 24-48 timar alt etter kor store dei er).



Kast frøbombene i eigen hage, i vegkanten, på forlatte plassar og vent på blomane! Dei treng nok litt vatn dersom det er tørt. Det kan vere gunstig å gje dei litt starthjelp med ein neve jord rundt, eller å grave dei litt ned i jorda.