lørdag 30. mars 2013

Paradis!

Sjølv om det er snø ute kan ein likevel drive med vårlege aktiviteter som paradis! Washitape, papir og noko du kan kaste (ein fuktig klut fungerer mykje betre enn legoblome fann vi ut etter at desse bileta vart teke)





I dag er det klart for eggejakt, ungane gler seg til rebusløp og fangst. Det er så kjekt når dei hugsar frå tidlegare år. Såpebobler og hårpynt er kjøpt inn, i tillegg til store mengder snop.

torsdag 28. mars 2013

Eggefritt eggeverkstad del 2

Her kjem del to av påskeverkstaden vår. Du treng ståltråd, perler og (silke)band. Tre perlene på ståltråden, form til egg og heng opp med fine band. Eg har kjøpt perler og silkeband på Søstrene Grene, i tillegg til å raide perleboksene til femåringen. Nabbiperler fungerer også kjempefint, og passar godt til tre år gamle fingrar!

Plukk greiner og sett i ein heimelaga vase av malt syltetøysglass med klistremerker på. Heng opp egga. Voila, kjempefin påskepynt!






Added bonus: Organisere alle perlene etterpå, dette kan ta lang tid. Sortere etter farge og form. Du får fine perleorganiseringsbokser på Claes Ohlson f.eks. Dei er nok eigentleg laga for skuar og spiker, men supre til perler!

onsdag 27. mars 2013

Eggefritt eggeverkstad

Hadde eigentleg tenkt å byrje blåse ut egg i februar ein gong, for å samle opp nok egg til å ha maleverkstad. Men sånne planer, ja... Og det er ganske vanskeleg å male på egg (har ikkje sånn stativ som du kan kjøpe t.d. på Panduro), og dei knuser lett. Så vi har hatt eggefrie eggeverkstad i heimen, her kjem første del!

Filtegg er så genialt enkelt. Det vanskelegaste er å ikkje skvise ut halve limflaska om gongen (i alle fall når ein er tre år). Du treng: filt, garn (eller tråd), auge (kan også klippast ut i filt) og perler (valfritt), saks og lim.

Klipp ut to egg, legg garn mellom til oppheng og lim saman. Lim på detaljer. Viss du vil ha perlebein må du ha ein lengre tråd og det er lurt å feste på perlene før du limer saman. Legg ferdiglimte egg unna tre år gamle fingrar, viss ikkje må du sikkert lime på nytt tre-fire gongar og egga blir veldig stive av mykje lim og vanskelegare å lime slik at garnet heng fast. Det går an å hjelpe til med klippinga, eller justere litt etter at egga har tørka, men det ER litt sjarmerande at det ser ut som det er ein treåring og ein femåring som har laga dei!




Når dei er tørre er det berre å plukke litt greiner ute, sette i vase og henge opp! 


Femåringen sydde også eitt egg, og fylte med vatt, men det gjekk mykje fortare å lime - og speedjunkien ville heller gjere det som går raskt!

Kaninhalen frå karnevalskostymet til femåringen fekk litt filt på seg og vart ei kyllingprinsesse!




Stay tuned for fleire eggefrie egg i morgon!

søndag 24. mars 2013

Ut på tur, med "skattejakt"

Det er is og kaldt og ikkje så fint uteleikever, sjølv om sola skin. Då må ein finne på noko. Inspirert av desse reisebingo-setta lagde eg avkryssingsark for ungane, sjå om du kan finne alle ti tinga i løpet av turen! Femåringen fekk ord (ho elskar å "lese", og parkeringsplass var ikkje noko problem) og treåringen fekk teikningar. Femåringen burde nok også fått fleire enn 10 ord, ho fann sju av tinga i løpet av fem minutt og mista litt motivasjon på slutten av turen. Å teikne skilt er lurt om de er i sentrale strøk. Detaljer på hus eller veldig konkrete ting til litt større barn (altså ikkje berre "bil" men "grønn stasjonsvogn" for eksempel).

"Nei, skatten min, du skal få slippe å leite etter ein rev, mamma prøvde å teikne ein katt!"

Klare med ark og fargestift (NB: Sjekk at fargestiften gjev skikkelig farge, vi valgte nokre dårlege gratis-på-restaurant-fargestiftar som var umoglege å teikne med i kulda og utan hardt underlag)




Premien etter endt "skattejakt" (vi fann skuffande nok ikkje påskeliljer, hadde trudd vi kom til å finne det på trappa på nokre av husa vi gjekk forbi, elles fann vi alt) var kafébesøk med brus og sveler. Lukke!

Fleire tips om korleis overleve påskeferie med barn når ein ikkje har planar om hyttetur eller å reise bort kjem i bloggen denne veka! God søndag!




søndag 10. mars 2013

Snøgrafitti



Gamle ketsjup- og sennepsflasker og drikkeflasker med sportstut blir ypperlege malereiskaper i snøen! Ein dæsj gelefarge frå Wilton utrørt i varmt vatn og så blanda med kaldt vatn i flaska og vips - spruteflasker som funkar supert til snøgrafitti! Du kan også bruke vanleg konditorfarge, men betre utval i Wiltonfargar, og du treng berre bittelitt. Eg hadde kanskje 1/5 ts farge i kvar flaske, kunne sikkert brukt mindre også. No har vi påskepynta regnbogesnø i hagen!










God søndag!