Viser innlegg med etiketten DIY. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DIY. Vis alle innlegg

fredag 30. oktober 2015

Enkle kostymer - fleire idear frå det store internett

Eg har sagt det før, og seier det igjen, eg er fan av å kunne kle seg ut som gøye ting på Halloween - kvifor skal det vere så skummelt?! Her kjem fleire idear til sånn siste-liten-enkle-kostymer! Det er så kjekt å lage sjølv, og det er meir miljøvenleg enn å kjøpe kostymer som kanskje berre blir brukt på Halloween. Kostymene eg linkar til her kan du lage av ting du gjerne allereie har heime, og gjenbruk av stoff er supert! 

Giraffkostyme frå The House That Lars Built - tynn ståltråd/blomstertråd og litt stoff, og kle i passande fargar er alt du treng. Innlegget har fleire kostymer laga på same vis!


Nøtteknekker-maske frå Llevo el invierno. Her treng du ein cornflakes-pakke eller liknande og litt papp. Superkul maske som ingen kjem til å ha maken til!


Her er gjenbruk på sitt beste! Superheltkappe av gammal t-skjorte frå The Southern Institute. Vi har brukt denne oppskrifta til Batmankostyme til mellomsten. Superenkelt!


Gratis masker du kan printe ut på kartong. Halloween-masker frå Mr. Printables. Fest ein strikk bak hovudet, eller lim dei på ein liten pinne og vips! Klar for Halloween!



Lucha Libre-Masker frå Happythought - skriv ut og brett saman. Utfør nokre kule meksikanske bryter-moves og hey presto!


Nydeleg indianerkrone frå Jacks and Kate. Denne kan ein sikkert lage enno enklare med å klippe ut fjær av papir/kartong eller bruke fjær frå hobbybutikk eller hønsegården dersom du har høns i nabolaget.


Eller kva med minimasker av eggekartong? Baby Jungle har laga fire ulike dyrenaser - ta på kle i matchande fargar og så har du eit kjempesøtt kostyme! 


Du finn fleire kostymeidear på Pinterest-tavla mi COSTUME

Siste-liten-kostyme! Ninja!

Ninjago er stort her i huset, og mellomsten vil gjerne vere "den grønne ninjaen" på Halloween. Heldigvis har vi litt grøne kle - så det einaste vi mangla var hette/maske og sverd.

Men internett har løysinga! Og då er det ikkje snakk om nettshopping, men enkle kostymeløysingar!


Du treng ein tynn genser i rett farge. Dersom det er trykk på kan den gjerne vrengast ut-inn (vi gjer det i morgon)


Tre genseren rundt ansiktet
 

Knytt ein litt laus knute bak



Brett halskanten inn mot panna


Brett halskanten inn over nasa


Vri og stram den nederste delen, "snurr" stoffet litt innover og før det bakover mot knuten så det held seg stramt. Dette krev bittelitt øving, men på tredje forsøk sit hette-maska stramt nok. Du kan evt. stramme knuten litt om det trengs.





Pappa er flink med tre og har skore ut eit ninjasverd av finer! Hurra! Du kan også lage i papp (det hadde vi i fjor, riddersverd) 

No gler vi oss maks til morgondagen! 

lørdag 17. oktober 2015

Heimelaga kostymer

Eg synes Halloween er så gøy, eg elskar å lage kostymer til ungane - og særleg når dei er så kreative i tankegangen. Dei vil gjerne vere litt artige figurar, og det har ikkje vore spørsmål om zombie eller heks eller vampyr - noko eg synes er heilt flott! Skulle gjerne sett fleire vanlege kostymer på Halloween, og ikkje berre blod og gørr og skumle masker!

Første gong vi gjekk knask eller knep i nabolaget ville mellomsten vere ugle og eldste ville vere einhjørning. Yeah! Filt og stoffrestar og ein gammal hettegenser. Ein hårbøyle som hadde sett sine beste dagar og ei kjegle av papp (det får du på hobbybutikk).





I fjor var eldste ein minion og mellomsten ville vere ridder. Det var lite gult i butikkane, men ein naturfarga ullgenser som uansett kunne trenge litt farge for å leve vidare fekk møte konditorfarge og eddik (sjå her for info om farging av ullplagg), litt gult og svart garn vart ein minion-lue (auget er av papp og litt avkappa dorull) og ein seleshorts frå sommarsesongen - veldig enkelt og greitt!
Ridderen fekk ridderlue (oppskrift i Pickles si bok "Voksne ingen adgang") og brynje av filt. Skjold og sverd av papp (knivbladet på sverdet er dekka av refleksteip - så var han ganske synleg i nattemørket).
Eg kjørte Frida Kahlo, med papirblomster i håret og meksikansk rebozo (sjal) over bringa. Det var veldig gøy å kle seg ut sjølv, så det skal eg fortsette med så lenge ungane vil at eg skal gå knask eller knep med dei!




Skal legge ut bilete av årets kostymer også, når ungane berre får bestemt seg og eg får satt meg ned med symaskina. Akkurat no troner "Ninjago-Lloyd" og "BatGirl" eller "katt" høgt på lista.


søndag 16. november 2014

Heimelaga playdoh


Dette trur eg må vere den kulaste aktiviteten vi har gjort her heime, ungane har leika masse med playdoh i det siste. Vi fann ein gammal pakke i kjellaren med herleg (eh) gråbrun playdoh-mos, den har vore flittig i bruk dei siste vekene.

Pinterest er mi favorittnettside/app, her finn ein inspirasjon til tusen! Og eg falt fullstendig for Mama Papa Bubba sin Frost-inspirerte playdoh. (Forøvrig ein kjempefin blogg med masse masse tips til inneleik og aktiviteter).

Untitled

Så, korleis gjer ein det? Eg har eit sett med målebeger i cup-storleik, noko som gjer ting enklare når ein brukar amerikanske oppskrifter. Meiningslaust at dei ikkje kan bruke metrisk system, men sånn er det jo berre. Så oppskrifta her kjem i cups, men desilitermål funkar også greitt (du kan f.eks. bruke 1dl for 1 cup, då får du omlag halvparten av oppskrifta eg laga)

1 cup kveitemjøl
1/4 cup salt (eg hadde berre havsalt, knuste det i morteren, men trur det funkar betre med vanleg salt)
1 ss kremortartari (cream of tartar) - eg har kjøpt på iHerb, får sikkert tak i det på fancy kakedekoreringsbutikkar også
1 ss olje (eg brukte raps)
1 ss glyserol (det får du på apoteket, gull til heimelaga såpebobler også!)
 Litt fargestoff (eg brukte Wilton kakefarge, konditorfarge funkar også, men då blir fargen svakare)
3/4 cup kokande vatn

Miks alle dei tørre ingrediensane i ein bolle, ha i olje, glyserol og fargestoff og til slutt det varme vatnet. Bland kjapt saman. Du treng ikkje blande slik at fargen er heilt jamn, berre rør det raskt saman. Du ser korleis vår såg ut etter kjapp røring på det øvste biletet. Det ser ut som klumpete gøgg. Det skal sjå ut som klumpete gøgg. La det stå i omlag 10 minutt til deigen blir kald nok til at du kan ta i den. Etter eit par minutt knaing vil du få ein heilt silkemjuk playdoh (den er litt mjukare enn vanleg playdoh synes eg). Vi helte på masse glitter medan vi knadde (du treng meir glitter enn du trur!)

Sidan ungane her ville ha ulike fargar hadde vi i vatnet før fargestoffet. Helte i vatn, rørte kjapt saman og delte deigen i to. Hadde i fargestoffet og rørte raskt saman igjen. Viss du brukar desilitermål (1 dl i staden for 1 cup) vil du altså få ein deig på storleik med ein liten appelsin. Då må du bruke 2 ts (te-skei altså!) olje og kremortartari.

Så er det berre å slå seg laus med kjevle, kakeformer, knivar eller andre formingsverktøy. Ungane har holdt på i over ein time no, og ser ikkje ut til å bli ferdige med det første! Win!



Untitled

Untitled

fredag 15. november 2013

Tips til inneleik når uteleik utgår

Snart helg. Dei to dagane då kvardagslivsrutinene er oppheva og dagane kan bli litt lange. Det er ikkje det same med helgefri når ein har barn i alle fall! Aktivisering må til! Og ofte er det ikkje vér som innbyr til mykje uteleik - kva då? 

Ein liten halvtime må i alle fall til, sjølv i pøsregn. Stort sett er det jo kjempekjekt når ein først har kome seg ut! Også kan ein alltids varme seg med kakao inne etterpå!






Heldigvis er det mange kjekke inneaktiviteter ein kan finne på også. Eg har ein unge som trivast med å leike sjølv (lego, togbane, klossar, bilar...) og ei som helst vil teikne eller perle eller lage ting. Ikkje alltid like lett å finne aktiviteter som passar begge to.


Eg har printa ut ein bilbane og laminert bitane. Veldig populært å kunne bygge sine eigne vegar og lage ein by om ein vil! 


Eit anna bilbanetips er å lage ein enorm vegbane med washitape, som hos an-magritt - så kult!




Eg har også printa ut desse heksagon-brikkane på kartong. Veldig kjekt å lage mønster eller finne opp sine eigne spel med dei. Desse er ofte i bruk her i huset! Storesøster lagar avanserte mønster og reglar for korleis korta skal brukast medan mellombror berre matchar fargane.



På pinterest har eg masse barneaktiviteter liggande, elskar å få inspirasjon til ting ein kan drive med heime og ting ein kan lage med ungane. Stay tuned, her kjem det fleire tips på bloggen etterkvart! 


GOD HELG!

lørdag 4. mai 2013

Prepping

I morgon er det søndagsmarknad på Garasjetorget på Karljohansvern. Her er det mogleg å selge brukt og/eller heimelaga. Eg brukte fridagen min i går til å sy nokre vogntepper og finne fram litt brukte ting. Det blir spanande!


Teppa er sydd i mjuk fleece og deilig bomull, noko vintage og noko nytt. 




Kanskje vi sjåast i morgon? Marknaden er frå 12-15 og det er open kafé og opne galleri innanfor Verftsporten. Det er meldt sol også!

lørdag 6. oktober 2012

Jeg skal på fest med en gruffalo

Veslebror fylte tre år i dag! Store greier! Og han har ønska seg Gruffalo-bursdag i snart eitt år, så no har han ein (washitape)skog på soverommet og grilla rev i magen. For dei som er uinnvidde i Gruffalo-verda så er det ei bok skriven av Julia Donaldson og illustrert av Axel Scheffler. Dei har laga mange supre barnebøker saman!


MENY:
Grilla rev (innbakte pølser)
Ugle med krem (muffins med glasurugler)
Rørt slange (sure lisser) 
Gruffalo-kumle (popcorn)
Grønngiftige vorter (grøne druer)
Gruffalokake

Lilla pigg-juice (druejuice)
Pressa gras (eplejuice)

Vi byrja med å lese boka i skogen på rommet til ungane. Tenkte at sikkert ikkje alle hadde høyrt om Gruffalo før, og då vart det litt meir morosamt å gå til bords og ete grilla rev og ugler med krem.




Det funkar forøvrig dårleg å sende ungane på rommet å leike medan mamma pynter kake og baker pølser - det var ikkje særleg ryddig der før gjestane kom...


Du kjem langt med washitape, grøne post it-lappar, kongler og ein krakk frå Åhlens!








Sett vorta på Gruffalo. Printa ut eit bilete på A3-ark og hadde mange ulike grøne knappar som ein kunne trykke på med tack it.




Verdas enklaste vimpelrekke laga av grøn kartong og washitape bretta rundt trekantane. Hadde funka best med grøn 
tack it når knappane er litt gjennomsiktige. Knappar har eg kjøpt superbillig på Etsy.


Gruffalokake med inspirasjon Marron&Dolce, sjokolademuffins med angel frosting (aaltfor søt!), innbakte pølser (særs improvisert pizzadeig, men gode var dei!) og muffins utan glasur.


Heimebretta popcornbokser printa herfrå, dei små Gruffalofigurane med matnamnet på laga eg superkjapt hos PicMonkey


Gjestane fekk eit lite Gruffalo memoryspel oppi godteposen sin. Printa frå gruffalo.com (her kan du også printe invitasjonar og masse aktiviteter, som masker og teikneark - det skal vi bruke i morgon når vi skal repetere Gruffalotema i familiebursdag)



The aftermath...


Det var utrulig kjekt å ha eit ordentleg tema for bursdagen. Men eg sto framleis i pysjamas og pynta kaka då dei første gjestane kom (heldigvis var det kollegaen min, så ho dekka bord medan eg skifta) - neste gong skal eg gjere ferdig kaka dagen før. Saftig kanelkake held seg jo lenge, så den kunne fint stått ferdigpynta i kjellaren. Washitape frå Etsy og Søstrene Grene, koppar og serviettar frå Ikea, sugerør, ballongar og silkeband er også frå Søstrene Grene.