mandag 31. oktober 2011

Happy Halloween!

Eg har skore ut mitt første gresskar! Ungane syntes det var litt skummelt med dei vi fann bilete av på nett, så vi gjekk for ei høveleg snill ugle. Håper du har ein fin kveld, om det er Halloween-feiring eller ikkje. Her ventar vi på knask-eller-knep-besøk, enn så lenge har det ikkje vore nokon innom her.


Elles kan eg jo berre skryte av den fine familien min, flinke Majala har fotografert oss og noko av resultatet kan du sjå her og her. Eg gler meg sånn til å få resultatet og kunne henge opp bilete her heime. Vi hadde det så kjekt under bildetakinga, blide ungar og masse latter! Og mannen i huset har fått blod på tann og vil ta vinterbilete også. Satsar på at det blir ein familiefotoshoot til når snøen kjem! :)

Tusen takk for så fine kommentarar på gårsdagens innlegg. Ser jo no at eg har teke heilt feil av temaet for konkurransen, hadde glatt hoppa over "gåvetips" og gått rett på interiør! *riste på hovudet* Men det vart jo litt julestemning i alle fall, så får det heller vere.

***

I´ve cut my first pumpkin. The kids thought the photos we found on Google were a bit to scary, so I made a rather harmless owl. We´re still waiting for trick or treaters, nobody has been here so far...

Majala has posted some of the pictures she took of us on her blog. You can see the awesome shots here and here. We had such a fun photo shoot, and hopefully we´ll do it again when winter is here.

søndag 30. oktober 2011

Jul i kosekroken

Her er det julestemning på kontoret. Vi bur ganske trangt i ein gamal tomannsbolig frå 1920, her er det knappe 40 kvadratmeter grunnflate, men heldigvis to etasjer pluss loft og kjellar. Planløysinga er ganske satt, med små rom, men vi har det veldig koseleg her! Kontorplassen lev difor dobbeltliv som strikke- og lesekrok, med ein femtitalsstol der ein kan nyte utsikta med strikketøyet i fanget. Strikketøyet får plass i ein vintagekoffert under kommoden og lesestoffet har fått plass i det vesle bordet. Her er det rom for å drøyme seg bort med Nigella si julekokebok eller strikke julegåver til store og små.

Snøfnugg i vinduet, levande lys og eit enkelt, minimalistisk juletre (eller, julegreiner er kanskje eit betre ord, juletreet kjem ikkje inn før vesle julaftan!) står i kontrast til kommoden i teak med kitchy julepynt i turkis, limegrønt, rosa og lilla. Glitter galore! Her i huset er ikkje jula nødvendigvis raud, her er det plass for både fargekick og meir duse, avstemte fargar.




Den grå glasskåla og det grøne stettfatet i glas er bruktfunn, epleskåla er frå Heal's. Turkis reinsdyr og funky, farga julekuler frå Primark, her har eg putta dei i eit gamalt Noregsglas. Kommode og koffert til strikketøyet kjøpt på loppemarknad. Stolen sto att i huset etter den tidlegare eigaren. Kvitt bord med magasinholder frå Hvitt Rom. Raud fugl i vinduskarmen frå Marks and Spencer.

I huset vårt er det eit pluss med alle aktiviteter som kan gjennomførast saman med barna, så papirklipp og ein enkel lysdekorasjon er lett gjennomførbart i samarbeid med små hender. Og dei blir jo så stolte av resultatet! Det er kjekt å sjå sin eigen julepynt hengande i vinduet.

Papirklipp
Denne aktiviteten likte fireåringen kjempegodt, det er så enkelt å klippe papir, og det blir fint nesten uansett kva ein gjer. Brett eit kvadratisk ark slik at du får ein trekant. Brett til ein trekant igjen, og så ein gong til. For unge hjelparar kan det vere fint å teikne eit mønster å klippe etter, berre teikn inn halvsirklar og trekantar som barna kan klippe etter. Brett ut og heng opp. Papirsnøfnugg passar også flott som uro over senga!



Litt julesnop må ein kunne kose seg med i førjulstida. Her er det nøtteblanding, Walters Drasjé og rista pinjekjerner. Ein kopp varm drikke høyrer også med til førjulskosen, og er du lei av gløgg eller varm sjokolade (kan ein eigentleg bli lei av sjokolade?!) er det deilig med varm, krydra eplejus! Passe julete i smaken, frisk og litt syrleg.            


Rista gresskarkjerner

Gresskarkjerner (av mitt gresskar fekk eg tre nevar gresskarfrø, har du meir aukar du smør- og saltmengda litt)
2 ss smør, smelta
1-2 ts mineralsalt
Nokre omdreiingar med Chili Explosion frå Santa Maria (eller 1 ts chiliflak)

Fjern så mykje av trådane frå gresskarkjernene som du får til med fingrane.Vend så kjernene i smelta smør. Du treng ikkje skylle dei, eller fjerne skalet, men det er greitt om det ikkje er for mykje kliss på dei! Legg utover i ei langpanne og steik i ovnen på 150 grader i omlag éin time. Vend kjernene no og då medan dei står i ovnen. Ikkje la dei stå for lenge, dei skal knapt få farge.

Varm eplejus med krydder (éin kopp)

2 dl eplejuice
½ kanelstang
Eit par nellikspiker
Ei skive appelsin

Varm opp og nyt. Søt eventuelt med litt honning om jusen er litt syrleg.



Enkelt u-julete og u-jålete juletre
Hent passande greiner ute i naturen, eg har brukt plommegreiner frå hagen. Sett dei i ein potte eller bøtte, her er det brukt ein gamal champagne-kjølar. Fyll opp med avispapir, pass på at du fordeler greinene slik at vekta blir jamn, og bøtta ikkje tippar. Du treng minst to aviser. Dekk så over med silkepapir for å skjule avispapiret, eller aluminiumsfolie for ein glitzy versjon! Greinene er pynta med dropeforma julekuler i sølv, blått og turkis. Jula treng definitivt ikkje vere raud og grøn!



Enkel lysdekorasjon
Sett fire telys på eit lysfat. Pynt med kongler, kastanjenøtter og eit lite rådyr. Legg på kanelstenger og nellikspiker. Det luktar deilig julebakst når du tenner lysa og det blir litt varme rundt krydderet! Ikkje gå frå lysfatet med lysa tent, her er det brennbar pynt.
Denne lysdekorasjonen kan også brukast som adventslysestake.





Dette er bidraget mitt i Studio sin konkurranse som er utlyst no, siste frist i dag. Konkurransen er som følgande:

Nå gir vi DEG mulighet til å få din drømmereportasje på trykk i Nordens nyeste og fineste interiørmagasin. Det eneste du trenger å gjøre, er å skrive et blogginnlegg om dine beste julegavetips. Julegavetipsene må selvfølgelig være basert på interiør og/eller innpakning, og inneholde elementer av interiør, redesign, innpakning eller annen form for dekor. Du står selv fritt til å velge vinkling. Teksten må være på minimum 4000 tegn. Bidrag må også 6-7 bilder som illustrerer innlegget.Til sammen 5 vinnere trekkes – 1  publiseres i magasinet, de resterende 4 publiseres på www.studiomag.no
 Studio er eit nytt interiørblad med fokus på små bustader (svært passande for oss, med andre ord!). Du kan lese meir på nettsida til Studio http://studiomag.no/ og på Facebook-sida deira: http://www.facebook.com/pages/Studio/171333912931989?ref=ts

lørdag 29. oktober 2011

Washi wa kawaii desu!

Eg har også kjøpt. Den derre tapen. Japanske greier.



Tapen er kjøpt hos PrettyTape på Etsy, saman med fantastiske japanske klistremerker til fireåringen.

Har gresskarkjerner i ovnen og søte ungar som ventar på laurdagssnopet i sofaen. Vi har planta blomelauk i dag (litt i seinaste laget kanskje), fireåringen har storkosa seg med å putte lauk i hola eg grov. Forhåpentlegvis får vi krokus, perleblomar og Mount Everest i hagen til våren! Ha ein nydeleg laurdagskveld, med innrykk av utkledde barn eller ei (satsar på at dei fleste ventar til måndag, men har litt snop liggande i tilfelle).


Disclaimer: Overskrifta er berre skrive etter vage minner frå japansk-kurset eg gjekk på for fem år sidan. Alle som måtte kunne japansk får berre lukke att augo om det er feil adjektiv-bruk!

fredag 28. oktober 2011

Ein liten skatt frå jobb

Vi har samlokalisert jobben, så det har vore ein ekstrem flyttesjau og mykje oppussing. Blant det som skulle kasserast fann eg denne kule lampa som eg redda og tok med heim. Ikkje heilt bestemt kor den skal vere, og eg veit ikkje heilt korleis eg skal feste den sidan den manglar den skru-dingsen som ein kan feste den til bordplata med.

Kjøpte meg nye Converse i London også, det er definitivt ikkje slutt på sesongen når ein får vinter-Converse! Ikkje noko å gå med i slaps og sludd, men trur dei vil funke fint i tørr snø, og no før snøen kjem. Varme er dei i alle fall!





Nett heimkomen frå Oslo, var på konferanse i går og hadde fagdag på Menighetsfakultetet i dag. Deilig med litt fagleg påfyll, fekk nesten litt lyst til å byrje studere litt att!

Ønsker deg ein fin fredagskveld, her blir det eit tidleg møte med puta.

***

Found this lamp at work, we´ve relocated this summer and during the moving process some things were to be thrown away. I rescued this lamp, although I haven´t decided where to put it. It is very cool! 

Converse season has been prolonged with a new pair of winter Converse. They won´t do here in Norway during winter, but they are perfect for autumn! Love them! Hope you have a lovely Friday night!

onsdag 26. oktober 2011

Nokre morgonar startar berre altfor tidleg. Våkne ungar, trøytte foreldre (eller, i dette tilfellet: trøytt mor...). Legokonstruksjonar, magnetbokstavboks rett foran kjøleskapet (som ein sjølvsagt snublar i), ein lillebror som ikkje kan vente på frukosten. Må. Ha. Kaffi.




God onsdagsmorgon til deg, håper din ikkje starta like tidleg som min! (05:56)

***

Some mornings just start way to early. Toys everywhere. Kids who cannot wait for breakfast. Coffee is absolutely nescessary. Hope your Wednesday morning is nice, and that you didn´t have to start as early as me (5:56am)

tirsdag 25. oktober 2011

Når mørket no har senka sæ...

Stille og roleg her i Casa Blanca i kveld. Stor tekopp. Strikketøy. Tente lys. Håper tysdagskvelden din også er god! 

Resirkulert bilete, tom for batteri på kameraet (whoops!)


Eg slit med at ikkje alle bloggane kjem opp i bloggrullen min, nokon som har tips til kva som må fiksast?

mandag 24. oktober 2011

Magnetpoesi

Fann settet mitt med "magnetic poetry" som vart innkjøpt for mangfoldige år sidan og vart litt inspirert av Røsslyng. Det er så kjekt med sånne magnetar, enkelt å skape vakre ting, og artig å sjå kva som skjer med kjøleskåpet når ein har besøk! Du finn magnetpoesi mellom anna hos Amazon.




Håper du har hatt ein fin start på veka! Vi har hatt haustleg familiefotoshoot i dag med Majala, gler meg til å sjå resultatet! 

Og til veggis-inspirerte som ønsker tips til kjøtfri måndag: I dag hadde vi restemiddag (hadde lammegryte med ris i går): Egg fried rice med riven ingefær, blomkål, sukkererter, paprika og lauk. Veldig poppis hos ungane og heilt fint for vaksne når ein køyrer på med soyasaus med chili i (berre å opne soyasaus-flaska og slenge oppi eit par bitar med grovhakka chili, la stå og vent på litt chilikick i soyaen).

søndag 23. oktober 2011

Roleg søndag her i Casa Blanca, store koppar te og deilige kaker og muffins frå "konditoriet" på kjøkkenet, drive av ein driftig fireåring. Britiske interiørmagasin. Tente lys. Lammegryte til middag. Kanelsnurrar og godt selskap til kaffi. Deilig med slik avslutning på helga!










***

Quiet Sunday here in Casa Blanca. Cups of tea, new interior magazines and an endless stream of cupcakes from the "bakery" in the kitchen, run by our four year old. Lit candles. Lamb stew and rice for dinner. Cinnamon rolls and good company over coffee. What a lovely way to finish the weekend.

lørdag 22. oktober 2011

I ♥ London

Det har vore stille på bloggen nokre dagar, vi har nemleg vore i London! Lukke! Det var der vi møttast, der vi budde saman for første gong (i ei bittelita studio-leiligheit i Clapham, med do på gangen og alt anna på eitt rom) og det er liksom litt "heime" på ein måte. Vi er velsigna med fantastiske foreldre som stiller opp som barnevakt, så vi fekk tre dagar åleine i Byen med stor B.

Kameraet var desverre ikkje med over alt, og med berre to overnattingar prøvde vi å skvise inn alt vi ville (det klarte vi ikkje). Men eg har vore innom Habitat og Heal´s og sikla på omtrent alt! Fekk med oss litt småtteri heim, litt vanskeleg å få plass til ein stol og eit "nesting table" i kofferten desverre...


Elskar det internasjonale preget byen har. Gratisaviser frå alle verdshjørne!


Afternoon tea på Mandeville Hotel


                    Sushi på conveyer belt @ Moshi Moshi         Peanut & salted caramel bar & mocca @ Starbucks          Cocktails @ W hotel


Christmas is here. Det var berre såvidt eg ikkje kjøpte med meg Playmo-julekrybbe heim! 


Borough Market


Eg nærmar meg 50 følgarar på bloggen, så snart blir det gjevekk. Har kjøpt inn noko kjekt i London som  skal få bli premie! 

***

It has been quiet here lately, we´ve been to London. Love it! With only two nights we had to be effective, so it was mostly shopping and eating. Next time we´ll bring the kids and stay a bit longer, to really enjoy the great city. But it was really nice to go just the two of us, being back to where we met, where we lived together for the first time... It still feels like home!



mandag 17. oktober 2011

Meatless Monday // kjøtfri måndag

Vi har veggismat på måndagar, for å spare miljøet for ekstreme påkjenningar (kjøt er jo ikkje akkurat miljøvenleg, med mindre det er lammekjøt eller viltkjøt). Det er fint å kunne bidra med bittelitt, og det er berre godt for oss å ete meir vegetarmat. Klipp og lim frå Wikipedia: "Meatless Monday is an international campaign that encourages people to not eat meat on Mondays to improve their health and the health of the planet." Det er også ein norsk versjon, kjøtfri måndag, med mange spanande oppskrifter. Trur eg må prøve gresskarsuppe, kjøpte eit gresskar i kyrkja i går (hausttakkefest), som eg ikkje heilt veit kva eg skal gjere med.


Det er jo definitivt suppetid no om hausten. Vi har prøvd oss på gulrot- og ingefærsuppe. Ingen superstor suksess blant kidsa (litt for mykje ingefær), men veldig godt for oss vaksne. Reiv litt i nasa gjorde den også! Og med improviserte osterundstykke til funka det knall! (Ungane åt mest rundstykke).










Håper du har ein finfin måndag, kjøtfri eller ei! :) God ny veke til deg og dine!! 

søndag 16. oktober 2011

Søndagstur

I dag har vi vore på konglesamletur etter kyrkjetid. Deilig sol og passe langt å gå for små barneføter. Hadde ikkje med kamera (gisp!), så biletekvaliteten er det Apple som står for ;)

På stranda fann vi litt artig tang som hadde vakse inn i ein stein. Og då vi kom heim måtte vi inn på datamaskina og sjå meir på alt det spanande som veks i havet. Viss du også vil sjå litt på det fantastiske som finnast under overflaten kan eg tipse om Lill Haugen som vart Noregs beste undervannsfotograf i 2010. Skulle ønske eg kunne dykke!










God søndag til deg! Håper helga har vore flott, og at veka som kjem blir like bra! Her har vi spanande planer for veka, meir om det seinare! 

***

Went for a walk after church today to look for pine cones to use in Christmas decorations later on. A perfect walk in the sunshine, and just long (or short!) enough for small feet. On the beach we found some sea weeds that had grown roots into a stone, fascinating! And when we got home we had to go on the Internet to look at more pictures of all the things that grow under water. If you fancy a look Lill Haugen´s website offers a lot of pics both from Norway and around the world. I wish I knew how to dive!

Hope you´ve had a wonderful weekend, and that the week will be lovely. We have great plans for the week ahead, more about that later!

lørdag 15. oktober 2011

Sukkerbryllaup

Kva betre enn å feire sukkerbryllaup (aka seks år som ektefeller) enn med verdas beste kanelkrøller?

Anbefaler forøvrig å lage kanelkrøller med små barn, dei blir så lukkelege over å kunne lage noko så vakkert, mykje enklare å snurre saman krøllebollar enn å skulle trille fine, runde bollar (det får eg knapt til sjølv!). Og servert på mitt herlige fat (skål?) frå Stavanger Flint - lukke! (Dersom du skulle ha masse av dette liggande så ikkje nøl med å ta kontakt, ønskar meg så veldig meir av dette!) Fatet fekk eg faktisk gratis på ein bruktbutikk, trykket i midten av fatet er borte pga slitasje, men det viser jo ikkje så lenge fatet er fullt!



Storesøster laga ballongblome til meg (og pakka inn ei bok om feen Candy til mannen!). Ho har skrive namnet mitt heilt åleine, og eg er ulideleg stolt over skrivekunnskapane til fireåringen min! Lillebror har stort sett berre gått rundt med bolle i munnen i dag og vore godt nøgd med det. Også har han sunge "appiii bøøøødei tuu uuuu" til abuela (= bestemor på spansk, aka svigermor) på telefon til stor glede, og mange tårer frå svigermor.



Blomar må ein jo også sjølvsagt ha, og det vart med to blomebukettar heim etter handleturen i dag. Storesøster syntes det var litt kjipt med oransje haustblomar (som sjølvsagt matcha brudebuketten min perfekt!), så då vart det dobbelt opp. Heilt åkei det!




Verdas beste kanelkrøller (oppskrifta lånt frå tettinntil.no, veit ikkje kor den kjem frå opprinneleg):

5 dl mjølk
2,5 dl kefir
150 g smør
50 g gjær
1,3 kg kveitemjøl
200 g sukker
1 ts hornsalt
1/2 ts salt

Smelt smøret, hell over mjølk og kefir og varm opp til det blir lunka. Smuldre gjær og hell over mjølkesmørblandinga. Rør godt. Ha i mjøl, sukker, hornsalt og salt og kna deigen godt og lenge. La heve til dobbel storleik.

200 g mjukt smør
150 g sukker (eg brukte rårørsukker, sånn økologisk pakke med store, brune sukkerkorn)
Eit par ss kanel (til passe kanelsmak, juster sjølv. Eg brukte nesten ein heil liten krydderpose)

Rør saman fyllet til det blir ein mjuk krem.

Når deigen er ferdigheva deler du den i to. Kjevle kvar del for seg til eit stort rektangel. Smør fyll på rektangelet og brett det i to, slik at du har eit veldig langt og ganske smalt rektangel. Skjer så i strimlar på ca 3 cm (gjerne med pizzakniv, det funkar gullefint!). Skjer kvar strimmel igjen til ei "bukse" (altså ikkje heilt over, la det vere att ca 2-3 cm øverst ved brettekanten. Snurr strimlane rundt seg sjølv til ein fin knute/krøll.

La bollane heve i ca 30 minutt (mine heva ikkje så lenge), pensle med egg og steik på nesten 200 grader i ca 15 minutt. Eg fekk 30 (ganske så store) bollar av denne oppskrifta.


***

Celebrating our sugar wedding today (having been married for six years), and my daughter and I made cinnamon rolls (which are, well, full of sugar!) and bought flowers. She didn´t really like the orange flowers I picked (which matched my original wedding bouquet) so I ended up with two bunches of flowers. Not a bad thing! She also made me a "balloon flower" and wrote my name all by herself. I am immensely proud of my four year old daughter´s writing skills! 

If you want the recipe for the cinnamon rolls feel free to contact me via e-mail ;)

fredag 14. oktober 2011

Flamingo!

Eg henta pakke frå Pur Glede i går, eg har lenge ønska meg flamingoknaggane frå Rice og no måtte eg berre kjøpe ein mintfarga til den kreisi knaggveggen vår (bilete kjem, snart ferdig med å henge opp knaggane vi har no, og fleire skal få kome til!). Pur Glede har også ein eigen kategori som heiter "godsaker" og plutseleg låg det nokre vaniljekaramellar i handlekorga. Dei er heilt himmelske!




Finaste Åse hadde lagt nokre sjokoladebitar oppi pakken også, i tillegg til litt anna fint. Anbefaler å stikke innom butikken hennar, enten på nett eller om du er så heldig å bu i nærleiken av Måløy. Mykje augesnop!!

No skal vi i barnehagen og ete grønsakssuppe. Dei har kokt suppe på bål i dag, og alle foreldre er inviterte på suppemiddag med heimebaka rundstykker. Herlig!

onsdag 12. oktober 2011

Eg tek det tilbake, det eg skreiv om frosten i går...




Då er det godt å ha ein stor kopp te, det nyaste rom123 som dumpa ned i postkassa i dag og ei stor gryte chili con carne putrande på ovnen. God onsdag til deg!

***

I take it back, what I said about frost in yesterday´s post... But as luck would have it I have a large cuppa, an interior magazine that arrived in the mail and a simmering pan of chili con carne on the stove.

tirsdag 11. oktober 2011

Det er oktober, ein sånn månad som kan vere litt kjip, men også utrulig vakker! Hausten gjer sitt fulle inntog med fargesprakande lauv, mogleg frost på bakken (heldigvis ikkje her langs austlandskysten enno) og vinterepler. Også er det ein fin månad med mange feiringsmoglegheiter. For seks år sidan gifta eg meg (i strålande sol og NITTEN varmegrader!), og for to år sidan vart eg mamma for andre gong! 


Brudebilete er (c) Sven Mattis Folkestad, babyen er innepakka i Fuglemammas omslagsbody frå boka Myk Start.


Håper de ikkje er leie av å sjå den fantastiske kalenderen min frå Freya Art


God tysdagsettermiddag og kveld til deg og dine!

***

October is a great month. The weather can be so-so, but there is true beauty in nature with leaves going wild with colour, the first frost (luckily we haven´t had any here YET) and winter apples. October is a month of celebration in Casa Blanca. Six years ago I got married, and two years ago I became a mother again.

Happy Tuesday 

søndag 9. oktober 2011

Brunch

Av og til er det berre fint å ikkje ha brød i brødkorga, for då MÅ ein berre bake! I dag vart det grove chia-scones (chiafrø = eit meksikansk frø som er særs omega-rikt) med ost og syltetøy. Og sjølvsagt store mengder te!

Ingen som legg merke til at vi ikkje brukte opp adventslysa våre i fjor, er det vel? Alt unnateke barneskeiene frå Ikea er brukt-/loppefunn, eller arva.

Herlige koppar og fat frå Stavanger Flint, gåve frå ei flott venninne!






Åtte store scones:
3 dl kveitemjøl
1 dl havregryn/havrekli
ca 1 dl rugmjøl
2 måleskeier chiafrø
2 ts bakepulver
1 ss sukker
1/2 ts (mineral)salt
0,5 dl matolje
Kefir til passe "deig"

Bland alt det tørre, hell i matolje og rør inn kefir til du får ei tjukk deig-røre. Bruk to spiseskeier og legg deigen i store klattar på bakepapir. Steikast i ovnen på 225 grader i ca 15 minutt. Perfekt med mat som er ferdig på ca 20 minutt!

***

Today´s brunch: Scones with cheese and jam, and lots and lots of tea. We were out of bread as luck would have it, so I just HAD to bake something! Almost everything on the table (including the table) are flea market/thrift store finds or inherited from my parents.







lørdag 8. oktober 2011

I dag har vi fått gjort unna litt i hagen, tatt ned trampolina og raka litt lauv. Også har vi hatt finfint besøk av herlige An-Magritt og den deilige familien hennar. Ungane plukka kastanjer (kanskje blir det kastanjetre i hagen hos An-Magritt etterkvart?), drakk kakao og leika med lego og brannbilar. Nydeleg å ha fullt hus! Rakk til og med å lakkere neglane på alle jentene/damene som var her!

Fine neglelakkar kjøpt hos Såpebobla og kuul duk frå loppis!


Den yngste som fekk manikyr i dag, med nye øyredobb-klips, hårspenner, ring og armband (gjett om det var ein LUKKELEG fireåring i hus i dag!!)




Kveldens syssel er strikketøy og film. Bordet er frå Hvitt Rom.


***

Today we had a short visit from the lovely An-Magritt and her wonderful family. Hot cocoa, Lego, picking chestnuts and lots of laughter. Even managed to squeeze in three manicures for the ladies/girls! A great day! Tonight: knitting and maybe a film.

fredag 7. oktober 2011

Bursdagsfeiring

I går var det to år sidan eg vart mamma til vår herlige veslebror, og det var full feiring hos mampap. Det er heilt vidunderleg å vere mamma til to så flotte ungar, og det er heilt sprøtt at minstemann ikkje er liten lengre, han er på god veg til å bli ein stor gut!



Og sidan den herlige to-åringen vår er heilt fullstendig Gruffalo-fan måtte det sjølvsagt bli "tema" for bursdagen. Den gåva han likte best var faktisk eit heimelaga memoryspel printa herfrå - heilt genialt!





Kaka fann eg inspirasjon til her - brukte marsipan i staden for sugar paste sidan eg ikkje hadde det tilgjengeleg. Bakte ei 26cm rund sjokoladekake (oppskrifta er "Barnas sjokoladekake" frå Det søte liv og skar ut av den, det funka kjempefint! Biten bak nakken og opp til øyret passa HEILT perfekt som kjevebein!



Gratulerer med dagen til min deilige skatt! Vi elskar deg!

***

Yesterday the youngest one turned two, it is so crazy that he´s not a baby anymore, he´s turning into a young boy. He is so charming and beautiful and I love him with all my heart!
His favourite book (and film!) is Gruffalo, so we had to make a "themed" party for him. I baked a Gruffalo cake (found inspiration here, baked a 26cm round chocolate cake and used marzipan instead of sugar paste). His favourite present was a homemade Gruffalo memory game which I printed from gruffalo.com and laminated! How great!