torsdag 27. november 2014

For the love of LISTS

Åh, eg elskar lister! Pakkelister før vi skal ut og reise, handlelister, lister over ting som må gjerast - kryss av kryss av kryss av!

No er det snart jul, og det er sikkert ikkje berre eg som likar å skaffe meg litt oversikt med å lage lister. Planen er ein gong i framtida å lage ein perm, der eg kan samle oppskrifter og skrive ned kor eg har kjøpt julepynten frå og kva som funka til juleselskapet og kva som ikkje funka og kor eg trådde feil i vaskeplanen. Eg er ganske så laidback, det er inga storreingjering her med vindusvask og sånn - og vi kjøper ikkje gåver til dei vaksne i familien lengre, så det er ikkje SÅ mykje å halde styr på. Men lister må til!

Untitled


I år har eg skrive ut lister frå Crazy Little Projects - her finn du både kalender, liste over baking/aktiviteter/gåver og anna. Eg skreiv ikkje ut alle sidene, vi plar ikkje skrive brev til nissen t.d.
Medan minsta sov laga eg ferdig adventskalenderen. Først skreiv eg inn alt som allereie er på tapeten i desember i kalenderen, for å sjå kva aktiviteter som passar når (må ha korte/enkle aktiviteter dei dagane det er fritidsaktiviteter eller andre arrangement). Så skreiv eg inn alle aktivitetane eg har planlagt i "Family Activities to Do"-lista før eg laga små lappar og la i kalenderboksane. Blir veldig bra!

Untitled


Untitled

tirsdag 18. november 2014

Årets adventskalender


Konvoluttkalender frå A Beautiful Mess      Adventsbokser til å skrive ut heime og brette frå You are my Fave
Advent i eit syltetøysglas frå Poppytalk       Girlanderkalender frå Nido



Ungane her har ønska seg aktivitetskalender. Det hadde vi for to år sidan, og dei snakkar framleis om den. Opplevingar og julestemning gjev gode minner, og vi får høve til å roe ned litt og finne tid til kvarandre i ein travel kvardag. I fjor var eg ikkje i form og med ganske liten baby, og vi kjørte klistremerke- og fargeleggingskalender (også veldig populært!)

 Her er kalenderen vi hadde for to år sidan, superlekker - ikkje sant?


Denne digre fargeleggingkalenderen frå notonthehighstreet er kjempefin! Elles er HER ein gratis du kan skrive ut sjølv


Eg sit og lagar liste over moglege aktivitetar:
  • Lage fuglemat / henge opp fuglemat (henge opp kan vere aktivitet dagen etter eller ein annan dag)
  • Juleverkstad (gjer det enkelt, lage julelenker eller enkle julekort f.eks. Det treng ikkje vere avansert!)
  • Pynte utandørs 
  • Lage stjerne av greiner
  • Tur til biblioteket (sjølv kjem eg til å ta ein tur no snart for å sikre meg eit utval julebøker!)
  • Lese ei bok (eller to, eller tre?)
  • Lage julekino i stova med popcorn og saft (kan f.eks. sjå Polarekspressen)
  • Sende juleposten (klistre på frimerker og gå til postkontoret)
  • Bake lussekattar og gå Lucia i nabolaget
  • Sjå ei juleforestilling (vi skal på Buggegården)
  • Bake pepperkaker / pynte pepperkaker (pynting kan gjerast dag 2) / pynte pepperkakehus
  • Pysjamasfest / vere oppe ein halvtime ekstra (kan vere på ein vanleg kvardag også - SÅ gøy!)
  • SPA på badet (boblebad i badekaret, stearinlys, plingplongmusikk og heimelaga ansiktsmaske)
  • Lage dørkrans
  • Trille ut marsipan 
  • Turbingo (kanskje gå i nabolaget for å sjå på julelys om kvelden?)
  • Kjøpe juletre / pynte juletre (vi pyntar 23. desember, men kjøper jo gjerne treet litt før)
  • Ete kveldsmat ute (med gløgg/kakao?)
  • Båltur med pinnebrød og speiderbanan
  • Aketur eller skøytetur om det er snø/is (evt. besøke skøytehallen?)
  • Velge middagsmat (og hjelpe til med å lage den)
  • Besøke ein ven/slektning
  • Dra på julemarked eller åpen gård
  • Teikne- og maleverkstad (kanskje printe ut nokre fargeleggingsark med julemotiv?)
  • Lage bivoks-lys og pakke fint inn (gåve til lærar/barnehagetilsette/besteforeldre...)
  • Ete middag på restaurant
  • Grove vafler til kvelds (ungane er med å lagar vaffelrøre)
  • Dessert før middag
  • Lommelykt&refleks-tur (evt. innandørs om veret er skikkelig kjipt)
Eg kjem ikkje til å fylle alle eskene med aktivitetskort 1. desember, sidan forma kan vere ganske varierande må eg ha moglegheit til å endre løp undervegs. Men det er viktig å planlegge litt på førehand uansett, og å legge opp aktivitetane etter andre ting som skjer. Vi kjem t.d. til å legge restaurantbesøk til ein dag det er juleavslutning og vi likevel må ut av huset rett etter middag for å rekke fram. Teikneverkstad ein dag vi har mykje på programmet (finne fram teikne- og malesaker + ark går kjapt!), og å lese ei julebok eller to til leggetid ein dag energinivået er lågt.

Fleire idear til aktivitetar her: 50 things to do at Christmas og 24 Advent Family Activities

Om ein vel enkle aktiviteter som ein veit at ein kan gjennomføre uavhengig av dagsform/aktivitetsnivå er denne lenka perfekt. Stilig og enkel å lage, og veldig visuelt kor mange (eller få) dagar som er att til jul:


Denne adventskalenderskogen kan printast ut også er det berre å skrive aktiviteten på baksida (passar kanskje best for ungar som ikkje les sjølve enno, så blir ikkje freistinga for stor til å lese bakpå alle trea)

Eller kva med ein skikkelig lekker svart og kvit grafisk kalender? Denne er det også berre å skrive ut på tjukt papir og brette i veg. Her er det plass til ein liten ting oppi eska saman med aktivitetskortet om ønskeleg. 


Har du planlagt årets adventskalender?

søndag 16. november 2014

Heimelaga playdoh


Dette trur eg må vere den kulaste aktiviteten vi har gjort her heime, ungane har leika masse med playdoh i det siste. Vi fann ein gammal pakke i kjellaren med herleg (eh) gråbrun playdoh-mos, den har vore flittig i bruk dei siste vekene.

Pinterest er mi favorittnettside/app, her finn ein inspirasjon til tusen! Og eg falt fullstendig for Mama Papa Bubba sin Frost-inspirerte playdoh. (Forøvrig ein kjempefin blogg med masse masse tips til inneleik og aktiviteter).

Untitled

Så, korleis gjer ein det? Eg har eit sett med målebeger i cup-storleik, noko som gjer ting enklare når ein brukar amerikanske oppskrifter. Meiningslaust at dei ikkje kan bruke metrisk system, men sånn er det jo berre. Så oppskrifta her kjem i cups, men desilitermål funkar også greitt (du kan f.eks. bruke 1dl for 1 cup, då får du omlag halvparten av oppskrifta eg laga)

1 cup kveitemjøl
1/4 cup salt (eg hadde berre havsalt, knuste det i morteren, men trur det funkar betre med vanleg salt)
1 ss kremortartari (cream of tartar) - eg har kjøpt på iHerb, får sikkert tak i det på fancy kakedekoreringsbutikkar også
1 ss olje (eg brukte raps)
1 ss glyserol (det får du på apoteket, gull til heimelaga såpebobler også!)
 Litt fargestoff (eg brukte Wilton kakefarge, konditorfarge funkar også, men då blir fargen svakare)
3/4 cup kokande vatn

Miks alle dei tørre ingrediensane i ein bolle, ha i olje, glyserol og fargestoff og til slutt det varme vatnet. Bland kjapt saman. Du treng ikkje blande slik at fargen er heilt jamn, berre rør det raskt saman. Du ser korleis vår såg ut etter kjapp røring på det øvste biletet. Det ser ut som klumpete gøgg. Det skal sjå ut som klumpete gøgg. La det stå i omlag 10 minutt til deigen blir kald nok til at du kan ta i den. Etter eit par minutt knaing vil du få ein heilt silkemjuk playdoh (den er litt mjukare enn vanleg playdoh synes eg). Vi helte på masse glitter medan vi knadde (du treng meir glitter enn du trur!)

Sidan ungane her ville ha ulike fargar hadde vi i vatnet før fargestoffet. Helte i vatn, rørte kjapt saman og delte deigen i to. Hadde i fargestoffet og rørte raskt saman igjen. Viss du brukar desilitermål (1 dl i staden for 1 cup) vil du altså få ein deig på storleik med ein liten appelsin. Då må du bruke 2 ts (te-skei altså!) olje og kremortartari.

Så er det berre å slå seg laus med kjevle, kakeformer, knivar eller andre formingsverktøy. Ungane har holdt på i over ein time no, og ser ikkje ut til å bli ferdige med det første! Win!



Untitled

Untitled

fredag 15. november 2013

Tips til inneleik når uteleik utgår

Snart helg. Dei to dagane då kvardagslivsrutinene er oppheva og dagane kan bli litt lange. Det er ikkje det same med helgefri når ein har barn i alle fall! Aktivisering må til! Og ofte er det ikkje vér som innbyr til mykje uteleik - kva då? 

Ein liten halvtime må i alle fall til, sjølv i pøsregn. Stort sett er det jo kjempekjekt når ein først har kome seg ut! Også kan ein alltids varme seg med kakao inne etterpå!






Heldigvis er det mange kjekke inneaktiviteter ein kan finne på også. Eg har ein unge som trivast med å leike sjølv (lego, togbane, klossar, bilar...) og ei som helst vil teikne eller perle eller lage ting. Ikkje alltid like lett å finne aktiviteter som passar begge to.


Eg har printa ut ein bilbane og laminert bitane. Veldig populært å kunne bygge sine eigne vegar og lage ein by om ein vil! 


Eit anna bilbanetips er å lage ein enorm vegbane med washitape, som hos an-magritt - så kult!




Eg har også printa ut desse heksagon-brikkane på kartong. Veldig kjekt å lage mønster eller finne opp sine eigne spel med dei. Desse er ofte i bruk her i huset! Storesøster lagar avanserte mønster og reglar for korleis korta skal brukast medan mellombror berre matchar fargane.



På pinterest har eg masse barneaktiviteter liggande, elskar å få inspirasjon til ting ein kan drive med heime og ting ein kan lage med ungane. Stay tuned, her kjem det fleire tips på bloggen etterkvart! 


GOD HELG!

onsdag 30. oktober 2013

Papirgøy


Eg elskar at det er så lite som skal til! Dorull og kjøkkenpapirrull, tjukt papir, sugerør, teip og litt maling og plutseleg har vi ein heil fly-skråstrek-rakett-park! Mellomstemann elskar alt som kan fly, og hadde det så kjekt med å utforme sin eigen rakett og kaste mammabretta papirfly.

Inspirasjon fann vi via Pinterest og youtube!
Kjøkkenrullrakett http://www.clel.org/content/literacy-based-crafts-rocket-ship
Sugerørrakkett http://curiouskangaroos.blogspot.no/2011/07/paper-rocket.html
Papirfly som flyg BRA http://m.youtube.com/watch?v=12UJvz0f-8k








No er det siste innspurt på kostymefronten før morgondagens knask eller knep-runde.
Heimemekka enkle saker. Eg synes det er gøy!


torsdag 24. oktober 2013

Fireårsbursdag = dinofest

Tenk at den herlige guten vår har blitt fire! Han har gleda seg sånn til bursdag og fest, og tidlegare i oktober var endeleg dagen her. Det var vingling fram og tilbake om det skulle vere dinosaurfest eller robotfest, men til slutt landa vi på dinofest. Litt shopping på ebay og litt Pinterestinspirasjon og vips!

Banner og anna stæsj printa herfrå, ballongar og papirkuler frå Søstrene Grene


Mat: dinoegg (grøne druer), grøn fruktsalat (pære og kiwi), dinosaurbein (ost- og skinkehorn forma som bein), sukkererter og popcorn. Pynta med leikedinosaurar frå leikebutikken (dei fekk han i bursdagsgåve i fjor faktisk).


Ballongane fekk dinopynt av blå kartong klippa i trekantar og teipa på. Superenkelt og kult!


Ute hadde vi ulike aktiviteter som ungane fekk premie for å gjennomføre. Kast på boks og skyte fotball i mål. Premiane var viskelærdinosaurar frå Søstrene Grene og dinoklistremerker frå ebay (ser dei er utsolgt der eg handla, men søk på "dinosaur foam stickers"). Dinosaurgenser og bukse også frå ebay, etter tips frå Homlepongane.


Kakebord må ein sjølvsagt også ha, i grønt. Må jo matche fargetemaet fireåringen har valgt seg (yndlingsfargen hans er... you guessed it! GRØNN!)


Sjokoladeake (inspirert av denne, men eg printa ikkje ut malen, berre skar ut på frihand). Angra veldig på at eg ikkje hadde grøne serviettar under, hadde vore litt meir estetisk enn kvit plastikk, men hallo - det er fireåringar! Dei bryr seg ikkje om kakefatet ;) )


Dinosaurkjeks (brukte ei sandwich-form som skar ut to kjeks samstundes) med berre vanleg melisglasur farga grøn. Veldig enkelt og superpoppis! Blir definitivt kjeks ved seinare høve også! 
Eg brukte denne oppskrifta frå Bakerella. Mannen fann grøne marshmellows på Rema 1000 (i ein pakke med rosa og gule også då...) som fekk litt smelta sjokolade og kakestrø på seg.


Grøn gele i porsjonsglas (laga ganske mange ekstra etter forrige bursdag der geleen var det som det gjekk mest av). Eg fann ikkje grøn gele i pulverform, så kjøpte ferdig eplegele som eg smelta og hadde i glas. Geleen stivna veldig raskt, mykje raskare enn pulvergele.


Medan ungane åt kake gøymte eg eit dinosauregg (pakka minigodteposar inn i ein stor grøn serviett og forma det som eit egg, hadde det inni ein sånn plastpose frå fruktdisken i butikken og hang opp i epletreet) og ungane gjekk på jakt (gjekk? nei, dei sprang og ropte og hoia og hadde det kjempegøy!) Oppi godteposen var det ein kjærlighet, to minikarameller og ein tyggis. Skal ikkje så mykje til! 







søndag 5. mai 2013

Enkel moro på ein regnversdag

God morgon! I dag skin sola og det ser ut til å bli ein deilig dag. Vi gler oss til søndagsmarknad på Karljohansvern, sjå innlegget under.

Men i går regna det, og det vart berre ein liten tur ut. Då må ein ha noko gøy å finne på inne. Ei pappeske, litt tusj og fargar, ein liten restestoff-bit (for god gli) og tape. Vips - ein båt/racerbil/tog...



(Teipar du ein liten bit glatt stoff under pappeska er det lettare å dytte!)

GOD SØNDAG!