Viser innlegg med etiketten hage. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hage. Vis alle innlegg

søndag 10. mars 2013

Snøgrafitti



Gamle ketsjup- og sennepsflasker og drikkeflasker med sportstut blir ypperlege malereiskaper i snøen! Ein dæsj gelefarge frå Wilton utrørt i varmt vatn og så blanda med kaldt vatn i flaska og vips - spruteflasker som funkar supert til snøgrafitti! Du kan også bruke vanleg konditorfarge, men betre utval i Wiltonfargar, og du treng berre bittelitt. Eg hadde kanskje 1/5 ts farge i kvar flaske, kunne sikkert brukt mindre også. No har vi påskepynta regnbogesnø i hagen!










God søndag!


mandag 19. mars 2012

Det er måndag morgon, men eg må berre vise nokre glimt frå helga.
Er jo lov å gle seg til helga allereie!





Det passa veldig bra å byrje plantesesongen i solskinet!
No står det jordbær, linblomster, ringblomst og bønner og spirar i vinduskarmen heime.

God ny veke til deg!
(I morgon på denne tida sit eg på flyet til London!)

onsdag 12. oktober 2011

Eg tek det tilbake, det eg skreiv om frosten i går...




Då er det godt å ha ein stor kopp te, det nyaste rom123 som dumpa ned i postkassa i dag og ei stor gryte chili con carne putrande på ovnen. God onsdag til deg!

***

I take it back, what I said about frost in yesterday´s post... But as luck would have it I have a large cuppa, an interior magazine that arrived in the mail and a simmering pan of chili con carne on the stove.

tirsdag 4. oktober 2011

Haust i hagen

Hausten set sitt preg på hagen no, ikkje berre med uante mengder kastanjenøtter. Men sommaren vil ikkje heilt sleppe taket, så no er det deilig kontrastfylt der ute!

















***

Autumn is here, but it doesn't look like summer is ready to give in just yet. There are lovely contrasts in our garden right now.

mandag 3. oktober 2011

Kastanjer

Etter middag gjekk ungane og eg ut i hagen for å plukke kastanjer. Det tok ei stund. Vi plukka og plukka, og plukka litt meir... Opna kastanjeskal og tok ut tvillingar. Spanande saker for små barnefingrar!









Vi hadde opptelling på stovegolvet etterpå, fylte heile golvet med kastanjer (vi HAR jo tross alt ei lita stove!) og vi hadde plukka firehundreogfire kastanjer! No står mesteparten parkert i Briovogna, i ei korg i gangen og i nokre posar på teiknebordet. Anar ikkje kva eg skal gjere med alt, må nok vere litt kreative med julepynten i år!

***

After dinner the kids and I went out in the garden to pick chestnuts. We picked, and picked, and picked some more. The final count was 404 chestnuts! They are not edible, so I don´t really know what to do with them, have to get creative with Christmas decorations or something!

tirsdag 23. august 2011

Indian Summer

Det kjennes nesten litt sånn ut. Dei to siste dagane har det vore sol og nærare tjue grader. Og vi nyt det! Sit ute med kaffikoppen, ungane hoppar og skrålar på trampolina og vi vinker til naboane som går forbi. Må verkeleg lade opp batteria no, sommaren er desverre på hell og det er månadsvis med regn, sludd, kulde og vind føre oss.


Denne flotte solsikka har berre snike seg opp i blomkarsebedet. Tippar eitt frø låg i posen som A plukka hos bestemor i fjor sommar (ho elskar å plukke frø, her kan du sjå bilete av årets fangst!). Då eg kom heim frå hytteturen hadde solsikka blomstra. Tidlegare har det berre vore ein stake midt i bedet, eg har trudd det var ugras, men ikkje heilt hatt ork til å gjere noko med det. Og heldigvis! Elles hadde vi jo ikkje hatt denne flotte blomen i hagen, no i siste halvdel av august!

Det er ikkje berre (nokre få) blomar som held stand i hagen. No kjem epla og plommene for fullt (elskar å ha hage med frukttre - det er fantastisk!). A masar kvar dag om å få plukke epla, men dei treng nok henge litt til før dei er heilt mogne.

Då vi flytta inn sa den tidlegare huseigaren at dei ikkje hadde hatt plommer på årevis, så vi kunne nesten vurdere å berre kutte ned treet. Men jammen er det ikkje ganske mange plommer på treet no, første året vi bur her! Dei er deilig søte, nett sånne som mi bestemor hadde i sin hage. Gule, mjuke (vel, ikkje heilt enno) og søøøte plommer. Himmelsk!




Vi har ikkje fått laga til ein ordentleg uteplass enno, men i sommar har vi hatt utemøblane (arva etter dei dei som budde her før oss) under det store epletreet. Her har vi hatt mange deilige dagar, med grillmat og sushi, gode vener og ungar som spring som jojoar mellom huska og trampolina.

Her er det nydeleg å drikke kaffi i ettermiddagssola, eller eit glas med noko kaldt i sånn utpå kveldinga. 



I dag fekk eg snike meg til ein liten cappuchino med kokosolje og sjokolade-stevia (det er godt altså, sjølv om det kanskje høyres litt rart ut!) og rakk lese nesten to artiklar i interiørbladet mitt før ungane ville ha merksemd igjen. Nydelege minutt som ein må ta vare på i eit småhektisk småbarnsmamma-tilvere.



God tysdagskveld til deg!