Viser innlegg med etiketten dagens. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dagens. Vis alle innlegg

mandag 12. mars 2012

Ah, måndag!

Eg har vore på vernissage i dag, vi har berre tidenes sjef som inviterer til fest for å feire nye møblar i nyoppussa gang/inngangsparti. Med tale, leskande drikke og kjeks. Herlig!



Burde tatt med solbrillene på jobb i dag, det har vore heilt vanvittig fint vér i dag. Sol, sol, SOL! Og så varmt, det vart nesten for varmt å sitte med langerma genser på trappa i kaffipausen. Fekk innvia dei nye joggeskoa mine då, fann dei på ebay til ein slikk og ingenting (kjøpte likegodt eit par til An-Magritt også, såg ikkje at eg hadde kome inn på britisk ebay og då er jo ikkje skostorleiken lik som i USA... *flau* Heldigvis hadde dei eit par i min storleik også). Eg diggar Simple som lagar joggesko av økologiske og gjenvunne materiale (og eg ser no til min store skrekk at dei skal ha ein pause i produksjonen! Neiiii!), og vårleg neglelakk. Oransje skjerf med cowboyar frå Primark (det vart for varmt å ha det rundt halsen).

onsdag 21. september 2011

Ahh...

Det beste med å kome heim frå jobb er av og til å ta av seg skoa...



...og lage ein kopp te!



Skal tilbake på jobb om to timar, så må maksimere pausen med te, eit blad eller to, nyte solskinet på trappa og Adele på øyret. God onsdag til deg!

***

Sometimes the best thing about coming home from work is taking off your shoes, and make a cup of tea. Off to work again in two hours, so I´m making the best of my break with tea, magazines and Adele on my iPhone in the sunshine! Happy Wednesday to you!

torsdag 15. september 2011

Elskar "bestemorsveska" mi!

I dag fekk eg endeleg brukt "bestemorsveska" eg kjøpte på loppis for to veker sidan. Betalte heile ti kroner for den (og med på kjøpet fekk eg ei gamal neglefil og ein kulepenn *hehe*).


Trengte ikkje ha med så masse på jobb i dag, så då fekk denne æra av å bere lommebok, mobil, nøklar og filofax (heiter det framleis det? Sånn god, gamaldags kalenderbok til å notere i?). Det var sjølvsagt ikkje tilfeldig at den stod til genseren heller (den er ny forresten, eit verkeleg godt kjøp på H&M!)


Håper de har ein fin torsdagskveld, no er det snart helg! Eg skal bake ein focaccia og kanskje finne fram strikketøyet.


***

Finally got to use my "granny bag" I bought in the flea market two weeks ago, I paid the grand sum of £1 for it! Today I didn´t need to bring so much stuff to work, only my wallet and phone basically. Love my new jumper (which totally match the bag of course!), it´s a steal from H&M, and I´m considering buying it in the other colours too! 

The weekend is almost here, hope you´re enjoying your Thursday evening!