lørdag 31. desember 2011

Godt nytt år!

Her har det vore full rulle med matlaging og rydding i dag, og likevel kom middagen litt brått på og eg rakk ikkje ta bilete. Men men. Her er i alle fall den flotte buketten, kjøpt på den lokale blomebutikken (dei er så flinke der, elskar å handle hos folk som KAN faget!)


Menyen i år var ein forrettsmiks (antipastispyd, fylt sopp, squashrull med kremost og chili-og-kvitlauksreker), kalkunbryst til hovudrett, med hasselbackpotet, ovnsbakte rotgrønsaker, rosenkål med bacon og appelsin- og chilisaus. Til dessert laga eg pavlova med bringebær og granateple. Yum, om eg får seie det sjølv! :)

Telysestakar frå SIA

Eg vil ønske alle eit fantastisk nytt år, fyllt med glede, god mat og gode minner vi kan ta med oss vidare i livet. Tusen takk for flotte bloggevenskap, eg har kosa meg verkeleg med å bli ein del av blogglandia - så mange fine folk og fine hus og fin inspirasjon!




fredag 30. desember 2011

Siste jobbdag for i år!

Har brukt tida på jobb i dag til å sjå framover, lage nye opplegg og fylle ting i kalenderen... Apropos kalender, eg fann ut at eg trengte ein stor vegg-kalender på kontoret. Litt googling, printing, klipping og liming og hurra! Finfin kalender og ein liten inspirerande bildevegg (lett blanding av kort, små prints frå Etsy og teikningar). Kalenderen laga eg av eit par A3-ark og limte på seks månader på kvar side - det er så deilig å få litt overblikk, ikkje berre sjå kvar månad for seg! Kalenderen finn du her (masse anna fint hos CreativeMamma også!)

Ja, eg klarte å lime mai foran april, men printa ut nye og limte på, så det er rett no... Såg det ikkje før eg byrja fylle inn kalenderen...

Eg brukar enten gummistøvlar eller tjukke vintersko på veg til/frå jobb no, så då er det deilig å ha eit par småsko ein kan kippe på seg om ein ikkje orkar gå i tunge sko heile dagen. Skoa er frå Ebay og veska er frå Primark. Har ingenting i mot kule ting som kostar lite pæng :)


Sjølv om eg har hatt skikkelig julemodus i det siste, så var det eigentleg ganske befriande å ikkje tenke jul i dag. Kjem ikkje til å hive ut jula med det første (vi har ikkje SÅ mykje jul i huset heller), men det var godt å tenke litt framover - ha lyse og vårlege fargar rundt seg. 

torsdag 29. desember 2011

Romjulsdraum

I dag har vi vore hos mi beste venninne og kosa oss storleg med verdas beste sjokoladefondantmuffins (trur storesøster i familien bør vurdere å bli konditor!), nydeleg kaffi og herleg selskap! Det er så godt å sjå at ungane stortrivast sjølv om dei ikkje ser kvarandre så ofte, og vi to kan sitte i sofaen og la skravla gå.

Kulaste pepperkakehusa finn du i denne heimen; eitt skikkelig fargerikt med englar og nissar på taket, eitt "tradisjonelt" med kvit melisglasur og ein heil stall med vismenn, sau og kamel og ei diger pepperkakestjerne! Fantastisk! 



Det er kanskje nokon som kjenner seg att? Eg har sjølvsagt vore hos finaste An-Magritt! Minstemann har susa rundt på H sin superkule bil, ungane har vore på skogstur og eg har berre nytt å vere i ein så vakker heim!

tirsdag 13. desember 2011

Litt stille

Det har vore ganske stille her i det siste, og det beklagar eg - det har berre vore så mykje jobb og mykje ungar, og når dei er i seng har eg ikkje heilt den bloggedriven i meg. Legg til vanskelege lysforhold for fotografering, og der har du meg.

Men har nokre planar framover, så forhåpentlegvis blir det meir liv her om eit par dagar!

Tysdagsklem frå meg, her blir det jentekveld med grønnsaker og dipp og The Holiday!

fredag 9. desember 2011

Sånn går no dagan...

Sjukdom i heimen. Febril veslebror og stemmelaus mor. Lågt energinivå. Men desember er jo ein deilig månad likefullt (kanskje berre ikkje akkurat i dag, med slaps, ekstremhoste og éin sjuk unge og éin med fullt aktivitetsnivå). Juleverkstad. Minstemann har laga sin første engel (smelt!) og St. Nicholaus har vore innom med gåver og ei kyrkje med lys har fått plass i vindaugskarmen.


Håper du har hatt ein fin desembermånad så langt, tenk - no er vi snart halvvegs til jul. Kjenner at eg nesten blir litt stressa av det.

Av ein eller annan merkeleg grunn vil ikkje bileta mine vise i bloggrollen hos andre - what to do?

torsdag 8. desember 2011


Sjokoladekalender og sjokoladekaffi. Ein fireåring som søv natta gjennom (i blant). Life is beautiful!

onsdag 7. desember 2011

Tente lys

Det fine med å ha blokkys er at ein kan tenne adventsstaken kvar dag. Advent er verkeleg tida for lystenning, vi ventar på jo på lyset. Enten lyset som kom til jorda for å endre alt, eller at lyset skal vende tilbake når sola snur. Det er viktig for oss i denne tida, å ha små lyspunkt. Enten fysiske lyspunkt i dét vi riv fyrstikka mot fyrstikkeska, eller magiske lyspunkt i hjartet - når ungane stolt viser fram sin første kakemann eller den augneblinken når dei nett har sovna, den første snøen, ein stor kaffikopp som varmar. La oss nyte lyspunkta vi har rundt oss!


Vi tenner lys for Ham som gav oss solen, og lar oss leve på den gode jord.
Vi tenner lys for alle barn i verden. Vi tenner lys for søsken, far og mor.

Vi tenner lys for vise menn på vandring, vi tenner lys for stjernen over dem.
Vi tenner lys for Josef og Maria, og for den lange ferd mot Betlehem.

Vi tenner lys for englene og stallen, for okse, esel, gjetergutt og lam.
Vi tenner lys for barnet som skal fødes. Vi tenner lys for dem som tror på ham.

Vi tenner lys på alle mørke steder. Vi tror at lyset skinner i Guds Ord.
Vi tenner lys for Frelseren i stallen, for ham som bringer himmelen til jord.

Eivind Skeie, 1997   

søndag 4. desember 2011

Ventetid


Øyeblikk har ny konkurranse på gong. Ventetid er tema. 

Pappa og snart-storesøster ventar på veslebror. Pappa øver seg på å bere på magen igjen, storesøster har blitt så stor at ho blir båre på ryggen. Då må ein øve. Og snart-storesøster er velvillig prøvekanin. Det er kos å vere nær. Gode minner å sjå tilbake på. Godt å vite at det ein venta på er her no.



lørdag 3. desember 2011

Adventsstemning


I morgon er det allereie andre søndag i advent. Tida går så fort, men det er eigentleg åkei. Jul blir det uansett!

God laurdagskveld til deg!

fredag 2. desember 2011

Oppmuntringsgåve

Eg vart inspirert av Lidenskapelse sin avispose og tenkte eg kunne ta med med ei lita oppmuntringsgåve når eg straks skal ut og vere barnevakt for ei lita jente som gret så mykje. Eg veit kor vanvittig slitsomt det er å vere mamma til sånne jenter, så i dag skal eg knyte på meg fine, vesle S på magen og gå tur medan mammaen får slappe av.

Og mødre som har gråtebarn treng litt oppmuntring! Her er det tepose, hjartesjokolade, Love Hearts, badetrøffel og ein liten muffins til å ha i badekaret. Hadde ikkje finansavis eller utanlandsk avis i hus, så kultursidene i Vestfold Blad får duge - dei matcha i alle fall i fargen! :)


Det er fredag! Dagens aktivitet i kalenderen er å bake "julemanna" (aka kvite kakemenn). Mannen kjørte rundt i ni butikkar i går kveld utan å få tak i smør, så planen er å lage smør sjølv. Hadde ein pakke fløyte i frysaren, så satsar på at den blir åkei smør til kakene.

Håper du har ein flott fredag og at det blir ein god start på HELGA! Her er det frost og nesten litt julestemning!

***

I´m babysitting today and I´m bringing a little present for the new mum. Her daughter cries a lot, and I know everything about crying daughters. So I´m bringing a baby wrap, and I´ll take her for a walk while  mummy relaxes at home. The present includes a tea bag (with relaxing tea), chocolate, Love Hearts, a truffle and muffin for the bath. A good, long soak would do the trick today I think.

Lidenskapelse has a tutorial on how to fold a paper bag, it was really easy! 

Hope you´re having a great Friday, everything is covered in frost outside so the Christmas spirit is creeping in...