onsdag 31. august 2011

Eg er så glad i huset vårt! Det var verkeleg meant to be, at vi endte opp nett her! Huset er gamalt, det er bygd i 1918 og er teikna av Morgenstierne og Eide som er kjende for å teikne hageby-aktige boligområde (og mange andre spanande bygg!). Her vi bur teikna dei 18 hus i same stil som vårt, i tillegg til nokre andre hus og heile området her vi bur er verna. Det gjer at vi alle har store hagar og god plass mellom husa, og det er deilig energi og stemning her!

Området vart anlagt i 1917-1920 og laga på forespørsel frå marinen. Det hadde vore spanande å vite kven som budde her opprinneleg! 

Huset har takhøgde på nesten 270cm, noko som hjelp enormt på romkjensla. Kjøkkenet har originalt panel både på veggar og i taket, håpet er å finne liknande veggar (og tak!) bak plater rundt omkring.

Nesten over alt er det spor etter ulik maling som har blitt brukt. Dørkarmane har blitt slitt av både hender, føter og dører. Eg elskar det! Kan ikkje male over slikt, ikkje sant?! 



***

I love our house! It was definitely meant to be that we ended up here! The house is drawn by the architects Morgenstierne and Eide, who were famous for designing neighbourhoods with a roomy feel. The houses in our area were all built between 1917 and 1920, our house is from 1918. 

The signs of this being an old house is everywhere, the door frames have signs of wear. I love it, wouldn´t dream of repainting it! 

tirsdag 30. august 2011

Gjenforeining

Vi har vore ein tur og rota litt på loftet til mamma og pappa. Sidan vi har budd i studentleiligheit heile tida vi har budd saman i Noreg har vi hatt begrensa med plass til oppbevaring, så bryllaupsgåvene våre (og ganske mykje anna!) ligg lagra på loftet hos foreldra mine. Eg følte meg litt smålei av fata våre, dei er litt for store for spisebordet og då var det kjempekjekt å finne fram serviset vi fekk i bryllaupsgåve av brødre og svigerinner! Og vi fann masse anna også, trur eg må finne fram boka med bilete av alt vi fekk og namn på givar, hugsar desverre ikkje kven vi fekk alt av.

No er det i alle fall nytt fruktfat på bordet!

Teakbordet er eit loppefunn som vi elskar! Skal lage eit innlegg om det, for det var ikkje særleg vakkert då vi kjøpte det. Men for ein femtilapp kunne vi ikkje gå forbi! Dei raude stolane er også loppefunn (20kr stk) og den raude tripp trappen har vore i familien lenge (eg har brukt den, og det har minst éin av storebrødrene mine også)


Fatet er laga av keramiker Ingeborg Rørvik Lejon, deilig lyseblått! Elskar kombinasjonen mot det nøttebrune bordet!



Har du noko du har blitt gjenforeina med i det siste?



***

I went to my parent´t to pick up some stuff we have stored in their attic (having lived in student flats since we moved in together we haven´t really been blessed with space, so it´s nice to have parents with a spacious attic!). And I found this bowl which I think fits perfectly on our teak dining table from the thrift shop. Blue and nutty brown - perfect! 

mandag 29. august 2011

Stova vår

Ho er bittelita, berre rett over ni kvadratmeter. Ho har grusom, gul strukturtapet. Ho har "dobbel" brannmur og framleis ope hol inn i pipa etter parafinovnen som sto her då vi flytta inn (og som vi fjerna ganske kjapt). Ho har to ulike fargar på golvet.

Men dette er framleis hjartet i huset. Her ser ungane barnetv, vi les god natt-historier, syng og spelar musikk, ungane teiknar og puslar og eg sjekkar e-post og bloggar. Vi kunne fint fyllt ei stove som var tre gonger så stor, men vi klarer oss jo bra på den vesle plassen vi har!

Skatoll frå loppis (med kalender frå Freya, vår trufaste Klippan (som skal byttast ut når vi finn den rette), Lätt bord/stolar frå Ikea (som bør få litt TLC straks, ungane sin nye hobby er å sage opp fargekritt med linjal...), kvitt salongbord med aviskorg frå Hvitt Rom og kvitmåla mini-skjenk frå loppis fungerer åkei som tv-møbel.




I dag har mannen rydda hus medan eg var på jobb og malte kontoret (berre eitt strøk att på nokre av vinduslistene, så er vi ferdige!), fantastisk å kome heim til reint og ryddig hus. Sjølvsagt var det kaos igjen etter berre nokre minutt etter barnehagehenting, men sånn er jo livet!




Håper du har hatt ein god start på veka!




søndag 28. august 2011

Søndagslukke


Det er kjekt å iføre seg mamma sine sko og danse rundt på golvet. Heldigvis har dei ikkje oppdaga kjole-avdelinga enno! Eller smykkeskrinet! Men storesøster er veldig glad i å perle, så dei ifører seg råååsa perlekjeder og dansar rundt på golvet. "Waka waka" er lillebror sitt mest brukte uttrykk om dagen, medan han viftar hendene i lufta og trampar med beina. Herlige ungar!



Håper helga di har vore flott! Her har helga (og veka) blitt brukt til førebuing til i dag. Eg har holdt mi første preike, og har brukt veka på jobb til å klippe, lime og sy. Haifinn, ein hissig hai, gjorde sin debut i dag! (Sydd av to gamle sokkar, ei brettebleie og litt raud ribb + to gamle knappar frå mamma si knappesamling). Det gjekk veldig bra, ungane var nøgde og kollegaen min og eg hadde ei flott oppleving på vårt første "oppdrag", i full kyrkje!


Ungane baka og pynta muffins til kyrkjekaffi. Dei gjekk ned på høgkant! (Til tross for at vi gjekk tomme for både mjøl og sukker då vi baka, så dei vart laga med halvparten sammalt havre og litt palmesukker)


fredag 26. august 2011

Haustmørket snik seg inn

I dag har det vore overraskande varmt, så varmt at det var ein dårleg idé å finne fram Nøstebarn-trøyer til kidsa. Småsveitte små-ungar er ikkje alltid like blide når gradestokken kryp over atten pluss. Men no utpå kveldinga er det skikkeleg haustleg ute. Regn og mørke.



Eg likar hausten, endringane i naturen. Sjølv om plantane forsvinn og dyra førebur seg til dvale så ligg det eit snev av forventning i lufta. Den friske morgondoggen som riv litt i nasen og sender tusen sommarfuglar i magen sjølv om det ikkje er skulestart for meg i år (for første gong sidan eg byrja på skulen!).




Og det er deilig å tenne lys, fylle vinduskarmen med kubbelys, tenne alle lys i lysestakar og glas. Kunne krype opp i sofaen med ein diger tekopp og ullteppe.





torsdag 25. august 2011

Nokre glimt...

...av barnerommet:

Det er ikkje berre å lage mat mannen i huset driv med. I går kom eg heim til kommode med påsette knottar (den har vore knottelaus i, tjah, ni månader?). Han hadde måla knottane sjølv (det er ikkje umogleg at det var fordi eg aldri klarte å bestemme meg for kva knottar vi skulle bruke...), berre brukte dei originale knottane.

Fint med mann med intiativ! Og det vart jo kjempestilig! Kommoden er ein gamal furukommode. Mamma og pappa hadde telefonen på den, og den har romma alt frå handdukar til panneband, blyantar og refleksbrikker. No rommar den ungane sitt tøy.



Katten er sydd av fine An-Magritt. Kulaste julegåva, ikkje sant?!  Kaninkompisen er frå Kremmerhuset.



Minstemann søv godt i bestemorsydd sengetøy av farmor sitt gamle søttitals-krepp-sengetøy. Det er genialt å sy barnesengetøy av godt brukt retro-stoff, og det er berre så herleg mjukt. Eg har sjølv drøymt mange søte draumar på dette putetrekket, det er så kjekt å tenkjer på at no gjer fjerde generasjon det same! 



onsdag 24. august 2011

Ein smak av Mexico

Det er fantastisk å ha ein mann i hus som trivast med å lage mat (og som tek oppvasken etterpå!), og det er enno betre når han lagar meksikansk mat! I dag har det vore bønnekoking og salsamiksing på tapetet, i fin harmoni med abuela si oppskrift på krispi kylling. Litt kvardagslukke!

Salsaen er frå Thomasina Miers si bok "Mexican Food" er eit fyrverkeri av ei kokebok, med ordentleg meksikansk mat. Det er nok ei av dei mest brukte kokebøkene i hylla nett no (eg er ein notorisk kokebok-kjøpar, eg les kokebøker på sengekanten!). Og er du tilfeldigvis i London så bør du verkeleg stikke innom ein av filialane til Wahaca. Nydeleg mat, økologisk tequila og søte, søte churros.

Og meksikansk salsa og bønner gjer seg særs godt på gamle noregsglas! Ikkje sant?!


Skulle gjerne kunne sendt dykk lukta gjennom dataskjermen. Koriander, syrleg lime og chili som riv litt i nasen. Elsk!

tirsdag 23. august 2011

Indian Summer

Det kjennes nesten litt sånn ut. Dei to siste dagane har det vore sol og nærare tjue grader. Og vi nyt det! Sit ute med kaffikoppen, ungane hoppar og skrålar på trampolina og vi vinker til naboane som går forbi. Må verkeleg lade opp batteria no, sommaren er desverre på hell og det er månadsvis med regn, sludd, kulde og vind føre oss.


Denne flotte solsikka har berre snike seg opp i blomkarsebedet. Tippar eitt frø låg i posen som A plukka hos bestemor i fjor sommar (ho elskar å plukke frø, her kan du sjå bilete av årets fangst!). Då eg kom heim frå hytteturen hadde solsikka blomstra. Tidlegare har det berre vore ein stake midt i bedet, eg har trudd det var ugras, men ikkje heilt hatt ork til å gjere noko med det. Og heldigvis! Elles hadde vi jo ikkje hatt denne flotte blomen i hagen, no i siste halvdel av august!

Det er ikkje berre (nokre få) blomar som held stand i hagen. No kjem epla og plommene for fullt (elskar å ha hage med frukttre - det er fantastisk!). A masar kvar dag om å få plukke epla, men dei treng nok henge litt til før dei er heilt mogne.

Då vi flytta inn sa den tidlegare huseigaren at dei ikkje hadde hatt plommer på årevis, så vi kunne nesten vurdere å berre kutte ned treet. Men jammen er det ikkje ganske mange plommer på treet no, første året vi bur her! Dei er deilig søte, nett sånne som mi bestemor hadde i sin hage. Gule, mjuke (vel, ikkje heilt enno) og søøøte plommer. Himmelsk!




Vi har ikkje fått laga til ein ordentleg uteplass enno, men i sommar har vi hatt utemøblane (arva etter dei dei som budde her før oss) under det store epletreet. Her har vi hatt mange deilige dagar, med grillmat og sushi, gode vener og ungar som spring som jojoar mellom huska og trampolina.

Her er det nydeleg å drikke kaffi i ettermiddagssola, eller eit glas med noko kaldt i sånn utpå kveldinga. 



I dag fekk eg snike meg til ein liten cappuchino med kokosolje og sjokolade-stevia (det er godt altså, sjølv om det kanskje høyres litt rart ut!) og rakk lese nesten to artiklar i interiørbladet mitt før ungane ville ha merksemd igjen. Nydelege minutt som ein må ta vare på i eit småhektisk småbarnsmamma-tilvere.



God tysdagskveld til deg!



mandag 22. august 2011

10 points for guessing

...kva eg har gjort i dag:


Det er kjekt å male. Det er så deilig å sjå at omgjevnadene lysnar. Men forarbeidet er ikkje like artig. Støvsuging, vasking, sparkling og pussing. Yes, rakk ikkje gå over alle veggane med malekosten i dag, så det blir malebukse (og malesko) i morgon også. Men vi kjem til å få det finaste kontoret i bygget! Gler meg til å byrje innreie der. Blir nok litt bilete også etterkvart!



Håper du også har hatt ein fin start på veka!


lørdag 20. august 2011

Borte åleine-helg

Motsett av heime åleine altså, men er jo ikkje heilt åleine. Ein spontan hyttetur, planlagt på få timar, saman med gode vener. Eit deilig avbrekk frå kvardagen med små barn, krangel, kos, brødskivesmøring og barnehagelevering. Og når hytta har trådlaust internett og oppvaskmaskin så kan ein ikkje klage!

Det blir tid til strikking og shopping, ost og kjeks, interiørblad og prat.

Garnet er frå DiscoBaby Knits, fargen heiter Edward.

Det er også ein fin ting at hytta ligg passe nært Karlstad med sine flotte bruktbutikkar. I dag var fangsten til og med ganske stor! Lukka er å finne ein liten haug vintagekjolar (som passar!) og ei halvskummel pipeleike (sånn som pip når du klemmer på den) med femtitals-sleik!



  

Alt i alt, ein særs god laurdag. Håper din har vore like fin som min!



torsdag 18. august 2011

To små loppefunn

Har endeleg fått rota meg innom den nye (eh, nye... Den var ny for eit par månader sidan!) bruktbutikken her. Det trur eg kanskje er den minste butikken eg har vore innom, den er kanskje 10kvm (altså berre litt større enn stova vår *heh*). Det var mykje ræl der, som det jo gjerne er. Men eg fann to små skåler som fekk vere med heim. Eg elskar små glasskåler i pastellfargar, så eg vart veldig glad då eg fann ei lita i dust, grønt glas. Og ved sidan av sto ei lita skål frå Stavanger Flint. Eg har ei i same stil men i mørk grønt. Fekk eit herlig servise av ei venninne for ei stund tilbake - og no har eg ei matchande skål (dog i ein annan farge).

Sjølv om ikkje fangsten var så stor, så er gleda der! Og fordelen med små funn er jo at det ikkje kostar særleg!







No er det pakkemodus i heimen. Ungane skal få sove ei natt hos besteforeldra og eg skal på husmorsferie i helga. Lukke!

onsdag 17. august 2011

Onsdagskjensle

Mittwoch, lille laurdag, midtveke - kall det kva du vil. Eg likar onsdagar! Det er ein sånn vanleg dag. Måndag er vekestart, tysdag er det framleis lenge att til helg, men onsdag - då er det midt i veka og ein kan nesten byrje gle seg litt til helg igjen.

Eg er så glad i den nye jobben min. Eg gler meg til å gå på jobb kvar dag, gler meg til å treffe kollegaer! Det er mykje nytt å sette seg inn i (sånn er det vel alltid når ein startar på noko nytt), men eg føler at for kvar vesle gjennomførte prosjekt så kjenner eg litt på lukkekjensla, det boblar i magen og eg håper at det held fram slik lenge!

Rakk til og med lage ein kopp chai før eg gjekk ut døra og vart plukka opp av C på veg til jobb. Veldig greitt å vere to så ein kan køyre saman. Meir miljøvenleg er det jo óg!


I ettermiddag har vi vore hos mamma og pappa. A fekk plukke blomkarsefrø og blåbær og var veldig stolt! Ungar er deilige folk altså! Og etter ganske passe lang barnehagedag, middag hos besteforeldre og sparkesykling rundt i nabolaget så var dei så trøytte at dei sovna nesten med éin gong hovudet traff puta. Det er sjeldan for mine ungar å vere, så no nyt eg stilla i huset.



Kva er din favorittdag?

tirsdag 16. august 2011

Inspirasjon

Majala var så snill og lot meg arve ein haug interiørblad. Så no har eg massevis av lesestoff for mørke haustkveldar framover! Det er så kjekt, eg vil jo helst ikkje bli styrt av trender, men av det er trivast med - og då kan eg gjerne søke inspirasjon i interiørblad frå år tilbake.



Mjølkespannet (veit eigentleg ikkje om det er eit mjølkespann, men eg likar å tru at det er det!) har eg fått av mamma. Vi hadde tenkt å bruke den til å ha salt i, sånn grovt salt som gamle damer strør med for å unngå å knekke lårhalsen. Vi har nemleg ei ekstremt glatt trapp ute. Men saltet vart berre ståande i den stygge plastsekken sin ute i vindfanget. Vi får sjå om vi brukar spannet til salt-oppbevaring til vinteren. Eg er litt redd for at emaljen ikkje skal tole det, så då blir det kanskje berre ståande til pynt. Og det er jo også greitt!





Håper du har ein fin tysdag!

mandag 15. august 2011

Fargeutfordring

Sukkertøy for øyet har fargeutfordring i dag: Finn noko svart i interiøret ditt. Eg måtte tenkje meg godt om, og spørre el mexicano om litt hjelp. Det er ikkje så mykje svart i Casa Blanca (no pun intended!). Men vi har svarte fliser på badegolvet, og ei svart måleskei til kaffien! Og eg har jo akkurat kjøpt nye, svarte sko!











Eg har starta i ny jobb i dag! Hadde ein veldig koseleg første dag, og gler meg til i morgon. Det er mykje nytt å lære seg, både av datasystem og rutiner, men eg har kjekke kollegaer og skal snart få innreie kontoret mitt. Ein god start på veka, no byrjer kvardagane - og det er eigentleg ganske deilig!

Håper du har ein fin mandag!



søndag 14. august 2011

Bad

Ehem, planen om å henge opp ting i gangen og måle spegel gjekk litt i vasken sidan sola kika fram og det var sal på skobutikken og sånn... Men, El mexicano vaska badet på eiga oppfordring (det er sjeldan, trur det kanskje er det verste av husarbeid han veit om, så vi har grei fordeling på at eg tek badet og han tek stort sett resten ;) ) og då kan eg jo vise fram badet vårt!

Opprinneleg var det berre toalett i kjellaren i huset. Dei som budde her før oss installerte badekar med dusj på vaskerommet. Men for ein småbarnsfamilie (eller, eigentleg for absolutt alle med soverom i 2. etg) var det ganske upraktisk å måtte gå heilt ned i kjellaren for å gå på do. Også er det ganske kaldt der nede...

Herlig med originale planteikningar frå 1918! Som de ser er grunnflata til huset ganske lita...


Då vi var på visning var dette ankepunktet på huset. Vi forelska oss heilt i huset, men såg inga god løysing for plassering av bad verken i 1. eller 2. etasje. Vi tusla molefunkne ut av huset. Så såg eg at naboen (altså dei som bur på andre sida av veggen) var på veg ut i bilen og eg sneik meg over plenen og spurte kor dei hadde bad. Og då fekk eg full omvisning i huset deira, og det var kjempespanande! Vi fulgte same planløysing som dei, med å ta ein bit av stova til å bygge bad.

Dette er altså grunnen til at stova vår berre er 9kvm. Badet er nesten 5kvm og godt utnytta. Med små barn ville vi gjerne få inn eit badekar, og sjølv om det ferdige badet vart litt mindre enn teikningane grunna ekstra isolering (let me tell you, dei isolerte omtrent ikkje hus tidleg på nittenhundretalet...) så er vi godt nøgde med resultatet. Velkomen inn:



Fantastisk såpe som eg fekk i gåve frå to søte kollegaer då eg var ferdig med lærarvikariatet i juni og jojobaolje frå iherb 




Vi har lagt opp rør til 2. etg, sånn i tilfelle vi skulle få lyst til å bygge eit lite toalett der oppe ein gong i framtida. Reknar med at vi kjem til å gjere det, greit å kunne berre rusle rett frå tannpuss og inn i senga!

Håper du har hatt ei fin helg! I dag er det siste fridagen min, i morgon byrjer eg i ny jobb og eg gler meg masse! 


lørdag 13. august 2011

Ein liten teaser

Gangen er ferdigmåla, planen i dag er å få byrje henge opp ting og måle ramma på spegelen som skal henge der. Men ein liten teaser kan de jo få!



No skal eg ut og nyte sola litt, trille ein liten tur med minstemann, hente ein pakke og drikke litt kaffi. Deilig med helg!

fredag 12. august 2011

Fotodag

I dag har eg endeleg brukt kameraet litt igjen, det går alt for lenge mellom kvar gong! I haust meldte eg meg på fotokurs saman med Majala, og i dag var vi på det fantastiske biblioteket som tilhøyrer Preus Fotomuseum (trur det må vere kanskje det flottaste museet eg veit om, Sverre Fehn har gjort ein kremjobb interiørmessig!). Etter å ha funne inspirasjon og nokre latterkuler over tidleg erotisk fotokunst og ei artig bok om Mexico gjekk vi ein tur rundt på idylliske Karljohansvern og tok bilete.

Her er noko av resultatet, du kan også sjå bilete hos Havnegata når Majala bloggar om dagen i dag ;) Det var spanande å rusle rundt og finne motiv, og sola skein frå skyfri himmel - så litt triksing måtte til. Ei mose-bomba dør som såg ut som den var skutt i filler, vakre blomar, gamle anker som var heilt nedrusta og eit gamalt ektepar med dagens aviser...












I ettermiddag har eg måla siste strøket på dørkarmane i vindfanget, så snart blir det litt interiørbilete her også!

Håper du har hatt ein fin fredag, no er det helgeinnleiing med strikketøy og noko godt i glaset.