Viser innlegg med etiketten oppussing. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten oppussing. Vis alle innlegg

tirsdag 13. september 2011

Kontor to be

Dette er altså "kontoret". Eit bittelite rom, eller, det er ikkje eit rom eingong, øverst i trappa. Her held vi på å pusse opp om dagen, det går i sneglefart framover, men håpet er å bli ferdig i løpet av to veker, med alt av pussing/sparkling/maling, fikse golvet og møblere.

Her var det tidlegare eit lite vindauge, men det var i ganske dårleg stand. Så då vi etterisolerte ytterveggen skifta vi like godt vindauget, og no ser det mykje betre ut, er du ikkje einig?



Då vi fjerna listene såg vi at det har vore tapet her tidlegare, det er ikkje malt rett på sponplatene. Eg fattar nesten ikkje at nokon kan male over ein så kul tapet som dette?


No er det litt kaos der oppe, men eg gler meg veldig til å få alt på plass. Dette blir mitt kveldsrom, det er rett utanfor ungane sitt soverom, så då kan eg sitte der og blogge når dei skal legge seg. Strikketøyet skal også få plass der oppe, forhåpentlegvis!



***

We´ve started redecorating "the office". It is not even a room, it is just a tiny space at the end of the staircase. But I think it will be a really nice place to sit while the kids fall asleep! When we insulated the outside wall we decided to change the window, since it wasn´t in the best condition, and the room has changed completely - don´t you agree?

søndag 11. september 2011

Puh, søndag!

I min jobb er jo ikkje alltid søndag fridag, og denne helga har det vore masse jobb, og lite tid til blogging. Men no er jobbehelga over, og i morgon har eg FRI, så det kjem fleire innlegg i dagane framover!

Mannen i huset har jobba og slipa og pussa - og snart blir det flott oppe i gangen/kontoret. Han har fjerna to lag golvbelegg, smelta lim med varmepistol og skrapa seg trælar i fingrane. Men resultatet blir så fint!! Så får vi sjå kva vi gjer med golvet på "kontoret". No er det ein vinylbane der, under er det kanskje ei treplate. Trur ikkje det er golvplankar der desverre. Men vi skal uansett male det kvitt. Trappa skal også få eit par strøk kvitmaling etterkvart.





Det gjenstår litt maling av dørlista (den grå dørlista er inn til ungane sitt soverom, rett fram er det "walk in closet" før ein kjem inn på vårt soverom). Også står "kontoret" for tur, vi har kjøpt inn listverk. Gler meg til å kome i hus der oppe, for der har vi den finaste utsikta i huset! Veldig greit å kunne sitte der når ungane skal sove, enten med strikketøy eller med dataen. Manglar berre den perfekte lenestolen, den kan det nok ta litt tid å finne...

Må jo også legge til at eg vann 3. premien i Romantisk Retro sitt fantastiske blogglotteri! Hurra hurra, føler eg har skikkelig vinnarlukke om dagen!