Viser innlegg med etiketten stove. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten stove. Vis alle innlegg

tirsdag 20. september 2011

Stova vår

Vi har ommøblert på stova, og eg likar det godt - når ein har ei bittelita stove er det viktig å skape så mykje plass som mogleg. Og bittelita er den definitivt, rundt 9kvm. Heldigvis høgt under taket, og eit stort vindauge, det hjelp på romkjensla!

Det er framleis mykje som skal gjerast her, taket skal fiksast, det gule tapetet skal vekk (grøss!) og vi har ikkje bestemt oss for kva vi skal gjere med golvet. Det er litt kult at det er så stygt og uflidd, så enn så lenge får det vere lakka/grønmalt. Lurer på kva som har vore her før - lakka dei golvet, la teppe på og malte rundt?!



Dei mest populære barnebøkene har fått plass i aviskorga. Funkar finfint som utstillingsbibliotek i miniformat! Og lettare å finne fram enn oppi ei kasse!


Klarte ikkje halde meg unna The Indifferent Giraffe frå Etspirasjonsinnlegget mitt tidlegare i september.




Måtte skvise plass til ungane sitt teiknebord. Blir ikkje brukt om det står oppe på soverommet. Og vi har jo ungar, og dei er ein del av interiøret dei også! Teiknebøker kjøpt på loppis.




No skal eg legge mitt legeme i badekaret saman med ei badetrøffel eller to frå Såpebobla, trur det må bli 
noko frå Oh my achy muscles-serien. Nett heimkome frå 2.5 timars pilgrimsvandring med ein gjeng flotte konfirmantar, og er rimelig støl i beina.

God tysdagskveld!

***

Thought I´d show you some pics from our (tiny!) living room. We just rearranged the furniture and I like the new look. It feels slightly more spacious, if one can ever call a 9 square metres living room spacious?! 

I´m running a hot bath as I write, filling it with bath truffles from Såpebobla. I need some therapy from the Oh my achy muscles-series after a 2.5 hour hike today.

søndag 4. september 2011

Septembersøndag

I dag har vi hatt ein fantastisk søndag, veret til tross! Det har bøtta ned til tider, men vi har kosa oss inne med deilig mat, perling, høgtlesing av Inger Hagerup sine dikt og kake til kaffimat. Mannen svinga seg på kjøkkenet og diska opp med ovnsteikt lammeskanke og grønsaker, heilt nydeleg. Oppskrifta er frå Jamie Oliver, litt modifisert sidan vi ikkje hadde kvitvin i hus (anna enn sånn dyyyr kvitvin som ein ikkje vil kokkelere med *hehe*)

Uppskrift er som følger (med nevnte modifikasjoner)

Ovnssteikt lammeskanke (dette var til fire vaksne og bittelitt til to ungar som heller ville ha pølse...)

2 lammeskankar på litt over 500g
3 gulrøter, skore opp i rundingar
1 raudlauk, hakka
6 fedd kvitlauk, heile og med skal på
1 vårlauk, finsnitta

Lag kryddersmør i blender/kjøkkenmaskin av rosmarin, timian og laurbærblad og 75g smør

Skjer eitt snitt i lammeskankane og stapp kryddersmøret inni. Legg så skankane i kvar sin bit folie, fyll på med gulrøter og lauk og hell over ein god klunk olivenolje. Brett folien rundt slik at dei dekker skanken. Sett inn i oppvarma ovn (ca 200g) og la stå i 2,5 timar (litt mindre om du skankane ikkje er så store)

I tillegg hadde vi brokkolisuppe, fritt etter hovudet mitt. Den vart faktisk veldig god og superenkel!

Omlag 1l buljong (lagast enkelt med å koke opp 1l vatn, legge brokkolistilken oppi med litt salt og laurbærblad)
1 brokkoli, oppskoren
1 potet, i bitar

Kok brokkoli og potetbitar i buljongen i 4-5 minutt. Hell av buljongen (men spar på den!) og legg grønsakene i blenderen. Hell buljong ca. halvvegs opp i blenderen og blend i veg til fløyelsmjuk konsistens. Smak og juster evt med litt meir salt (og pepar om du ønsker).

Serverast med sprøsteikt bacon og eit lite dryss parmesan.



Fekk nydelege blomar på jobb i dag, som fekk pryde bordet. Herlige haustfargar, nett same rosene som eg hadde i brudebuketten min!



Når det pøsar ute er det greitt å sitte inne og perle. Planen då eg kjøpte skatollet var at det skulle bli A sin hobbyplass. No har ho alle perlene sine der inne (og vi har også eindel saker og ting der, ho har ikkje fått overtatt den heilt enno). Veldig greitt å ha alt hobbystæsjet samla éin plass!

Kalender frå Freya Art og armband frå eye2eye

No skal eg senke mitt legeme i vatn og slappe av litt. Nyte søndagskvelden og ta ei lita runde i blogglandia. Drikke eit glas raudvin. Lese litt interiørblad. Kanskje strikke litt.



Jadda, eg fylte opp med så varmt vatn at eg skulle rekke å blogge før eg la meg oppi karet. Og ja, det er lov å bli litt misunneleg ;)


God søndagskveld til deg!

***

Had a lovely Sunday with a great meal (broccoli soup, roast lamb shank and cake&coffee). It´s raining, so we´ve spent the day inside with beads, good food, wine and old books. Now I´m off to relax, with a long bath, interior magazines, a glass of red... 

Hope you´re having a lovely Sunday too!




mandag 29. august 2011

Stova vår

Ho er bittelita, berre rett over ni kvadratmeter. Ho har grusom, gul strukturtapet. Ho har "dobbel" brannmur og framleis ope hol inn i pipa etter parafinovnen som sto her då vi flytta inn (og som vi fjerna ganske kjapt). Ho har to ulike fargar på golvet.

Men dette er framleis hjartet i huset. Her ser ungane barnetv, vi les god natt-historier, syng og spelar musikk, ungane teiknar og puslar og eg sjekkar e-post og bloggar. Vi kunne fint fyllt ei stove som var tre gonger så stor, men vi klarer oss jo bra på den vesle plassen vi har!

Skatoll frå loppis (med kalender frå Freya, vår trufaste Klippan (som skal byttast ut når vi finn den rette), Lätt bord/stolar frå Ikea (som bør få litt TLC straks, ungane sin nye hobby er å sage opp fargekritt med linjal...), kvitt salongbord med aviskorg frå Hvitt Rom og kvitmåla mini-skjenk frå loppis fungerer åkei som tv-møbel.




I dag har mannen rydda hus medan eg var på jobb og malte kontoret (berre eitt strøk att på nokre av vinduslistene, så er vi ferdige!), fantastisk å kome heim til reint og ryddig hus. Sjølvsagt var det kaos igjen etter berre nokre minutt etter barnehagehenting, men sånn er jo livet!




Håper du har hatt ein god start på veka!