Viser innlegg med etiketten draumar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten draumar. Vis alle innlegg

onsdag 4. januar 2012

Skape meir plass

Eg forelska meg litt i den kule kjøkkenhylla som vart bygd på "Tid for hjem" på Tv2 i går kveld. Og kjenner at eg ønsker å skape meir plass i Casa Blanca i 2012. Organisere, ha ting på SIN plass, få betre oppbevaringsmoglegheiter... Så i dag har eg brukt litt tid på inspirasjonsjakt på Pinterest (alle bilete er funne der).

Ikea-hyllene kan jo bli kjempelekre! MÅ gjere noko med vår! No er det berre fullstendig kaos, med bøker, leiker, strikketøy og elektroniske dingsar - og roteplass på toppen for post/teikningar/det som ligg på kjøkkenbordet og som må flyttast for å få plass til middagen og som ikkje blir lagt tilbake...



Og apropos strikketøy. Skulle gjerne hatt ein bra oppbevaringsplass for det og garnet som hopar seg opp etter seine nattetimar i diverse nettbutikkar. Og alt det andre krea-greiene. Det får bli første prioritet: Finne fin oppbevaring for strikketøyet som er på stova (dvs det som er i nesten-dagleg bruk)! Så får resten av papir/garn/stoff/tråd/knappe/whatnot-lageret få eit skap i kjellaren etterkvart.



Badet treng også sårt litt ekstra oppbevaringsplass og betre organisering. No har vi berre eit gigantisk servantskap med to skuffer. Den eine er full av tøybleier, klutar og små handdukar og den andre er berre eit katastrofeområde med neglelakk, deodorantar, kremar, øyredobbar, leppepomade, hårtørkar, hårmousse, parfymer, sminke, barbermaskin og Hello Kitty-hårspenner. Vi har ikkje plass til så mykje meir der inne eigentleg, men kanskje nokre hyller kunne vore løysinga.



Også ønsker eg meg tørketrommel. Miljøsvin... Vi har berre ikkje plass til å tørke tøy på stativ anna enn på vaskerommet, som er i kjellaren - og der er det så kaldt at tøyet ikkje tørkar ordentleg. Skulle gjerne pussa opp heile vaskerommet i same slengen, men det var dei pengane då... For å få organisert det best mogleg på vaskerommet må vi nok flytte litt rør og sånn, så det får bli med draumen i denne omgong.



No er det middagsmekking som står på planen, i kveld har eg tenkt å gøyme meg i sofaen med pledd og tekopp og det nyaste Rom123 og berre kose meg! Håper du har ein nydeleg onsdag der du er!