onsdag 22. juli 2015

Kanelbollepinnebrød



Kaffimat på grillen (skulle eigentleg grille lunsj, men ja - ting skjer eller ikkje skjer...)

Kanelbollepinnebrød

500g mjøl (brukte 200g Fibra, 50g havregryn og 250g kveitemjøl)
2ts bakepulver
3ss sukker
Litt salt
Ca. 1dl olje (brukte smelta kokosolje for litt søtare deig)
2,5-3dl vatn (juster mengda til deigen er passe, havregryn sveller litt og treng litt ekstra vatn, eg brukte 3dl)

Til grillinga: sukker og kanel

Bland saman til ein deig som er lett å jobbe med. Klem ut tynne pølser, strø med sukker og kanel og snurr rundt pinnen. Grill i veg!







mandag 20. juli 2015

Vannballongpiñata

Jippi! Endeleg sommarvarme og ferie og søskenkrangling og alt som høyrer med. I dag har vi laga vannballongpiñata etter inspirasjon frå Pinterest.



Vi la vannballongane litt i sola etter å ha fyllt dei i utekrana (iskaldt vatn), den første batchen tolte ikkje varmen så godt og halvparten berre opna seg. Lurt å ikkje la dei ligge for lenge (eller fylle med ikkje-heilt-iskaldt-vatn).

Knytta berre ein enkeltknute i enden av ein tråd. Knytta tre ballongar ved sidan av kvarandre og tre i den andre enden (tråden var kanskje 60cm lang).




Veldig kjekt og pluss for at det vart lite å rydde opp (ballongane heng jo fast i tråden). Og det var litt vanskeleg å sprekke ballongane med ein pinne, så aktiviteten varte ei stund! Win! 









søndag 5. juli 2015

Sommarstemning

Sommarferie. Smak. Lukter. Vi skaper minner for ein ny generasjon, og det er så uendeleg godt at ein hyttetur, piknik på stranda, vannleik, telttur i hagen og få lese bok til ein sovnar er nok. Det skal ikkje så mykje til, litt meir tid, litt rolegare dagar. 

Enkelt, miljøvenleg, økonomisk og lite stress.