søndag 19. februar 2012

Fastelavn og karneval

Det er ingen bolle-krem-galore-bilete her i dag. Faktisk ingen bollar i hus! Men eg har vore på jobb, starta jobbdagen med å sy ein raud vest med gullknappar, for på karnevalsgudsteneste må ein jo kle seg ut, og vi var kirkerotter. Eg fekk vere Fredo, med blått hår og raud vest. Herlig!




Ungane har hatt karneval i barnehagen. Storesøster ville vere prinsessefe (det er jo mykje betre enn å "berre" vere prinsesse), fann ein søt fekjole på Søstrene Grene. Tryllestaven laga vi superkjapt med eit grillspyd i bambus og litt lilla papp, og nokre glitrande klistremerker. Veslebror ville vere RaRa - den bråkete løven. Strikka ein hale, sydde den fast i ei gul selebukse og på hovudet hadde han ei pelshue eg kjøpte på ein bruktbutikk i Sverige for eitt år sidan. Funka gullefint!



Håper du har ein finfin fastelavnssøndag, med eller utan bollekrem og fest!

13 kommentarer:

  1. Så flotte dere var hele karnevalgjengen! Og du, det er den skjønneste løva jeg har sett! <3

    SvarSlett
  2. Og eg må skrive ein liten korreks: Pappa kom og leverte fastelavnsbollar på døra! Eitt fat med krembollar og ein pose med bollar utan krem. LOVE! Mamma baker dei beste bollane i verda, så no blir det herlig kaffimat i ettermiddag!

    SvarSlett
  3. Takk for søte ord, eg er veldig for kostymer som er enkle å lage og som kostar next to nothing!

    SvarSlett
  4. Så herlige unger i flotte kostymer, å jaggu så du festlig ut i kostymet ditt og. Veldig kreativ er du :) Her er det boller med krem om bare noen få strakser. Ha en fortsatt flott søndag.

    SvarSlett
  5. Det er den søteste løven jeg har sett!
    Koose dere videre i dag!
    klem

    SvarSlett
  6. helt herlige ;) både store og små

    SvarSlett
  7. Kor fine dokke va i kostymene!! :) Kreative kostymer, forresten :D

    SvarSlett
  8. Skjønn prinsessefe, tøff løvegut og søt rottemor;) Her skal toåringen i karneval i morgon, han får på seg politiskjorta si, og er fornøgd med det... ;)

    SvarSlett
  9. Dei e so søte dissa ungane dine!

    SvarSlett
  10. Åååh! Gullevennene mine!! Dere var så vakre alle sammen!!!

    SvarSlett
  11. SÅ søt liten RaRa!
    Smelt:-)

    SvarSlett