onsdag 25. juli 2012

Gåve frå svigerfar

Vi kjøpte ikkje med oss noko særleg heim frå Mexico utover mat (hermetikk, sterk salsa og chilipulver) og kle/sko. Hadde planer om å ta med oss ein Acapulcostol eller to, men det vart så sjukt dyrt med frakt at det ikkje vart billigare enn å kjøpe heime i Noreg. Storesøster forelska seg heilt i ein regnbogefarga barnestol.

Men svigerfar kjøpte gåver. Og mannen og eg fekk kvar vår gigantiske handmalte kopp med namn på. På spansk sluttar jentenamn på -a eller -r, det er heilt umogleg å få nokon til å uttale namnet mitt rett (på Starbucks har eg fått mange morosame forsøk skrive på pappkoppen min *hehe*) Likeeins med denne, til tross for at den er malt på bestilling og svigerfar sikkert har fortalt korleis namnet mitt skrivast.

Koppane er litt store å drikke kaffi av, men dei passar fint som kaffikrus likevel - på sin måte! Dei er veldig meksikanske, klisjeaktig meksikanske til og med, og ikkje heilt min stil. Men det er godt å ha noko som ER veldig meksikansk i hus. Vi er jo ein tokulturell familie, og nokre gonger må ein litt "over the top", ikkje sant?




1 kommentar:

  1. Smart til å ha kaffekapslene oppi da. Jeg Slet med det samme i Brasil, der jentenavn slutter på a. Etter hvert presenterte jeg meg som Katharina for å slippe unna mange misforståelser og komplikasjoner.

    Det er ikke alltid så enkelt med gaver fra foreldre, det hender vi har fått noen som ha blitt liggende i en skuff.

    SvarSlett