Viser innlegg med etiketten barn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten barn. Vis alle innlegg

mandag 14. desember 2015

Enkel julekunst

I går laga toåringen og eg samarbeidskunst! Det var veldig gøy og så enkelt. Dette er perfekt som julekort eller ramma inn som ei lita gåve.


Eg malte eit enkelt juletre og minsta malte "julekuler" med fingrane.




Vi hadde det veldig kjekt saman, og så var det ein passe kort aktivitet, sånn tidsmessig. Anbefalast!



søndag 8. november 2015

haustkunst

I dag har vi hatt litt kunstverkstad med blad vi har plukka ute, og anna haustkunst.



Vi har lagt papir over lauv og fargelagt med kritt. Vi har teikna blad med vokskritt og malt med vannmaling over og vi har brukt bomullspinnar som malepensel og laga tre i haustfargar.




Vi har vokskritt frå Crayola, dei er gode å teikne med og ikkje for tjukke. Teiknepapiret er frå Søstrene Grene. Vi skulle hatt akvarellpapir til malinga, men det gjekk greitt med lette penselstrøk.




På bomullspinnemaleriet teikna åtteåringen stamme og greiner med kritt og malte på blad med bomullspinnar. Veldig enkelt, og det er skikkelig gøy å male med alternative "penslar".



fredag 30. oktober 2015

Enkle kostymer - fleire idear frå det store internett

Eg har sagt det før, og seier det igjen, eg er fan av å kunne kle seg ut som gøye ting på Halloween - kvifor skal det vere så skummelt?! Her kjem fleire idear til sånn siste-liten-enkle-kostymer! Det er så kjekt å lage sjølv, og det er meir miljøvenleg enn å kjøpe kostymer som kanskje berre blir brukt på Halloween. Kostymene eg linkar til her kan du lage av ting du gjerne allereie har heime, og gjenbruk av stoff er supert! 

Giraffkostyme frå The House That Lars Built - tynn ståltråd/blomstertråd og litt stoff, og kle i passande fargar er alt du treng. Innlegget har fleire kostymer laga på same vis!


Nøtteknekker-maske frå Llevo el invierno. Her treng du ein cornflakes-pakke eller liknande og litt papp. Superkul maske som ingen kjem til å ha maken til!


Her er gjenbruk på sitt beste! Superheltkappe av gammal t-skjorte frå The Southern Institute. Vi har brukt denne oppskrifta til Batmankostyme til mellomsten. Superenkelt!


Gratis masker du kan printe ut på kartong. Halloween-masker frå Mr. Printables. Fest ein strikk bak hovudet, eller lim dei på ein liten pinne og vips! Klar for Halloween!



Lucha Libre-Masker frå Happythought - skriv ut og brett saman. Utfør nokre kule meksikanske bryter-moves og hey presto!


Nydeleg indianerkrone frå Jacks and Kate. Denne kan ein sikkert lage enno enklare med å klippe ut fjær av papir/kartong eller bruke fjær frå hobbybutikk eller hønsegården dersom du har høns i nabolaget.


Eller kva med minimasker av eggekartong? Baby Jungle har laga fire ulike dyrenaser - ta på kle i matchande fargar og så har du eit kjempesøtt kostyme! 


Du finn fleire kostymeidear på Pinterest-tavla mi COSTUME

Siste-liten-kostyme! Ninja!

Ninjago er stort her i huset, og mellomsten vil gjerne vere "den grønne ninjaen" på Halloween. Heldigvis har vi litt grøne kle - så det einaste vi mangla var hette/maske og sverd.

Men internett har løysinga! Og då er det ikkje snakk om nettshopping, men enkle kostymeløysingar!


Du treng ein tynn genser i rett farge. Dersom det er trykk på kan den gjerne vrengast ut-inn (vi gjer det i morgon)


Tre genseren rundt ansiktet
 

Knytt ein litt laus knute bak



Brett halskanten inn mot panna


Brett halskanten inn over nasa


Vri og stram den nederste delen, "snurr" stoffet litt innover og før det bakover mot knuten så det held seg stramt. Dette krev bittelitt øving, men på tredje forsøk sit hette-maska stramt nok. Du kan evt. stramme knuten litt om det trengs.





Pappa er flink med tre og har skore ut eit ninjasverd av finer! Hurra! Du kan også lage i papp (det hadde vi i fjor, riddersverd) 

No gler vi oss maks til morgondagen! 

torsdag 29. oktober 2015

Spindelvevmaleri

Dette var kjempekjekt, ungane storkosa seg med å "trylle fram" spindelvev og lage kule effekter med salt.

Du treng:
Akvarellpapir eller litt tjuke treiknepapir
Kvitt vokskritt
Vannmaling og penslar
Salt (vi brukte Himalayasalt)

Først teiknar du spindelvevmønster med kritt på papiret.
Her har eg teikna med blyant for å vise strekane, til illustrasjon. Det kan vere litt vanskeleg å sjå med kvitt kritt, men i godt lys vil du kunne sjå strekane du har teikna opp.






Så er det berre å slå seg laus med vannmalinga. Hugs å bruke mykje vatn! 





Du kan strø på litt salt her og der i den våte malinga. Saltet trekk til seg vatnet og gir ein kul melert effekt!



Så er det berre å la det tørke før det er klart til å pryde veggen. 

lørdag 17. oktober 2015

Heimelaga kostymer

Eg synes Halloween er så gøy, eg elskar å lage kostymer til ungane - og særleg når dei er så kreative i tankegangen. Dei vil gjerne vere litt artige figurar, og det har ikkje vore spørsmål om zombie eller heks eller vampyr - noko eg synes er heilt flott! Skulle gjerne sett fleire vanlege kostymer på Halloween, og ikkje berre blod og gørr og skumle masker!

Første gong vi gjekk knask eller knep i nabolaget ville mellomsten vere ugle og eldste ville vere einhjørning. Yeah! Filt og stoffrestar og ein gammal hettegenser. Ein hårbøyle som hadde sett sine beste dagar og ei kjegle av papp (det får du på hobbybutikk).





I fjor var eldste ein minion og mellomsten ville vere ridder. Det var lite gult i butikkane, men ein naturfarga ullgenser som uansett kunne trenge litt farge for å leve vidare fekk møte konditorfarge og eddik (sjå her for info om farging av ullplagg), litt gult og svart garn vart ein minion-lue (auget er av papp og litt avkappa dorull) og ein seleshorts frå sommarsesongen - veldig enkelt og greitt!
Ridderen fekk ridderlue (oppskrift i Pickles si bok "Voksne ingen adgang") og brynje av filt. Skjold og sverd av papp (knivbladet på sverdet er dekka av refleksteip - så var han ganske synleg i nattemørket).
Eg kjørte Frida Kahlo, med papirblomster i håret og meksikansk rebozo (sjal) over bringa. Det var veldig gøy å kle seg ut sjølv, så det skal eg fortsette med så lenge ungane vil at eg skal gå knask eller knep med dei!




Skal legge ut bilete av årets kostymer også, når ungane berre får bestemt seg og eg får satt meg ned med symaskina. Akkurat no troner "Ninjago-Lloyd" og "BatGirl" eller "katt" høgt på lista.


onsdag 14. oktober 2015

Halloweenfest del 2

11 gutar, ganske stor prosentandel i Spidermankostyme, hadde ein flott Halloweenfest. Vi hadde planlagt ei hinderløype ute med pappkopp-kanon, diger slangeparadis, edderkoppnett, kast-på-boks og ein slimsjø (teikna med kritt), popcorn og pølser, kake, spindelmuffins og gele. Veldig enkelt og skikkelig gøy!


Laga eit digert edderkoppnett av svart garn, og festa små bjeller på - ringte det i bjella var det ut av nettet og prøve på nytt. Alle klarte å kome seg over til den andre sida på første eller andre forsøk (det var relativt mykje enklare utan superheltkapper som hang ned bak og øydela til tross for høge kneløft!)


Malte hermetikkbokser i passande fargar. Akrylmaling altså - det funkar til alt! Erteposane fekk ein av ungane i julegåve av ei venninne ein gong, dei har blitt mykje brukt til både sjonglering og bokskast og kast på blink. Veldig stas! Tennisballar eller liknande funkar også gull til kast på boks, men fordelen med erteposar er at dei blir liggande og ikkje triller avgårde. Gjer jobben til den som skal sette på plass boksane og hente kastereiskap litt enklare. Kast på boks er også overraskande populært, så det vart mange runder på denne posten.



Den digre slangen har skummelt skinn, dei raude kryssa er nemleg GIFTIGE! Det betyr at ein ikkje kjem seg vidare i paradisen før alle har kasta og det vart ganske trangt til slutt. Hadde sånne store terningar som heng i bilspeglar i litt harry bilar (litt usikker på kor dei terningane kom frå, trur kaaanskje dei var premie på tivoli eller noko slikt ein gong i tida), men det går jo også an med småstein og å øve på å kaste treffsikkert! Eg har også sett store terningar på Søstrene Grene og TGR tidlegare, kanskje leikebutikken også har. Supert til å leike paradis, eller digert stigespel, med innandørs om vinteren.



Spindelvevmuffins (superenkelt, sjå her), monsterbrownies med tusen auge (auga er lag av melisglasur, sjå her, men hugs at dei må tørke eit par dagar før bruk!), gresskargelé (aka appelsingelé) og monstergugge (aka sjokoladepudding).



Enkel bordpynt med dei kule monster-gresskar-spøkelsessteinane ungane laga, monsterauge av perler og papirgresskar frå Søstrene Grene. Serviettane er også derfrå. Plastedderkoppane kjøpte eg på ebay, men det får ein sikkert tak i over alt i leikebutikkar no i oktober!