torsdag 19. november 2015

Adventskalender med meining

Vi har hatt LEGO-kalender, aktivitetskalender (fleire år på rad), sjokoladekalender og fuglekalender (24 fuglar som blir hengt opp i vindauget - familien fekk den av min tyske dagmamma). I år har eg lyst til å kombinere aktivitetskalenderen med noko anna, og dette dukka opp på Pinterest:


I bloggen Thirty Handmade Days kan du lese om ein heilt genial adventskalender. Her set familien seg ned og bestemmer i fellesskap kva organisasjon eller arbeid dei vil gi pengestøtte til. Kvar dag blir det trukke ein pinne med ei velsigning på (t.d. kjøkkenredskap eller toalett eller varme kle eller søsken) og så legg ein ei krone i eit glas eller ein boks for kvar velsigning ein kan telle opp: tre søsken = tre kroner, to toalett i huset = to kroner, 24 kjøkkenreiskaper = 24 kroner i glaset. Til slutt kan ein telle opp alle kronene og overføre i nettbanken eller levere inn pengane dersom det er til eit lokalt arbeid.

Ikkje berre er det flott å tenke gjennom kor heldige vi er og kor godt vi har det og få litt perspektiv på livet, vi kan støtte ein organisasjon og hjelpe andre som ikkje har det like bra som oss, og vi kan øve på matte. 

Ungane har i alle år hatt omvendt adventskalender i barnehagen og på skulen, der alle pakkar inn enten eit plagg som har blitt for lite eller ei leike som ikkje blir brukt. Desse blir levert inn til Norsk Nødhjelp, som sender det vidare til barneheimar i Albania. Vi har gjort dette heime også, som ein del av aktivitetskalenderen. No er det mange menneske på flukt som treng varme kle og kanskje ein liten kosebamse, eller kanskje er det nokon nye i nabolaget ditt som har behov for slikt? Du kan kontakte Frivilligsentralen i kommunen din, eller sjå lista her hos RWTN, eller sjekke med Røde Kors der du bur. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar