søndag 11. september 2011

Puh, søndag!

I min jobb er jo ikkje alltid søndag fridag, og denne helga har det vore masse jobb, og lite tid til blogging. Men no er jobbehelga over, og i morgon har eg FRI, så det kjem fleire innlegg i dagane framover!

Mannen i huset har jobba og slipa og pussa - og snart blir det flott oppe i gangen/kontoret. Han har fjerna to lag golvbelegg, smelta lim med varmepistol og skrapa seg trælar i fingrane. Men resultatet blir så fint!! Så får vi sjå kva vi gjer med golvet på "kontoret". No er det ein vinylbane der, under er det kanskje ei treplate. Trur ikkje det er golvplankar der desverre. Men vi skal uansett male det kvitt. Trappa skal også få eit par strøk kvitmaling etterkvart.





Det gjenstår litt maling av dørlista (den grå dørlista er inn til ungane sitt soverom, rett fram er det "walk in closet" før ein kjem inn på vårt soverom). Også står "kontoret" for tur, vi har kjøpt inn listverk. Gler meg til å kome i hus der oppe, for der har vi den finaste utsikta i huset! Veldig greit å kunne sitte der når ungane skal sove, enten med strikketøy eller med dataen. Manglar berre den perfekte lenestolen, den kan det nok ta litt tid å finne...

Må jo også legge til at eg vann 3. premien i Romantisk Retro sitt fantastiske blogglotteri! Hurra hurra, føler eg har skikkelig vinnarlukke om dagen!

4 kommentarer:

  1. Gratulerer med premien, Tonje!

    Ser ut som om de har god gang i heimeprosjekta! Er sikker på at det vert kjempefint til sist, og gler meg til å sjå bilete av resultatet!

    SvarSlett
  2. Blir nesten litt sjalu når jeg leser i bloggen din, jeg elsker nemlig å pusse opp hihi ;)
    Syntes det er fantastisk å gjøre ting til helt mitt eget.
    Ser ut som dette blir kjempefiint :)
    Og gratulerer med premie, du er heldig om dagen :)

    SvarSlett
  3. Gratulerer med premien, muligens på tide å sende inn en lottokupong? ;)

    Gleder meg til å se det ferdige resultatet, er alltid spennende å følge oppussinger :)

    SvarSlett
  4. Det er kjekt med oppussing ja, og mange prosjekt å ta tak i når ein kjøper gamalt hus. "Kontoret" og gangen er det vi skal ta i denne omgang (kjem ikkje til å gjere gangen ferdig, men forbetre det som er der). Og forhåpentlegvis blir det varmepumpe-innstallering også i haust!

    Kjem eit innlegg om "kontoret" snart, vi driv og riv av gamal tapet no :)

    SvarSlett