tirsdag 15. november 2011

Du veit du har pedagogforeldre når dei har vore barnevakt og dette møter deg på spegelen på badet:


Eg er velsigna med fantastiske foreldre som stiller opp og som ungane har eit nært forhold til! Det er så godt å ha dei i nærleiken, og det er heilt herleg når storesøster på fire år våknar neste morgon og les ord på fem bokstavar og veslebror på to "les" teikningane på lappen ved sidan av, stolt som ein hane!

***

I am blessed with wonderful parents who are there for us and look after the kids when we need them to. And you know you have teachers for parents when this is what you see in the bathroom mirror coming home from work :) Our four year old daughter is incredibly proud of herself when she can read five letter words, and the two year old "reads" the drawings. Great!

mandag 14. november 2011

Blåmandag

Dagane flyg avgarde heilt villt fort no! Rekk knapt sitte ned føler eg, og bloggen lid deretter. Så litt blå stemning her inne i dag... Etsy er ei av favorittsidene mine på nett, er stadig innom og sug til meg inspirasjon (og handlar litt i seine nattetimar...) - her er litt blåmandagsinspirasjon til deg óg!

Hjortegevir frå MadeByCassandraSmith, særs humane dyrehovud til å ha på veggen frå FrenchMelody, liten fugl frå SeaPinks og leikekamera frå OneLateNight

Får eg meg nokon gong eit gevir så skal eg verkeleg vurdere å male det - innmari kult! Og eg får så lyst til å sy søte små leiker til små familiemedlemmer, men når eg knapt rekk skrive på bloggen er det kanskje ikkje rimeleg å tru at eg får tid til å finne fram symaskina med det første. Heldigvis er det førti dagar att til jul! 

Og TUSEN TAKK for at så mange vil vere med på gjevekken! Eg er så glad, hei til nye følgarar og lukke til til alle som har teke lodd - det er framleis fleire dagar att, så her er det berre å henge seg på!

Håper mandagen din er fin, blå eller ei! Det blir rolegare dagar her i heimen ein gong ut i neste veke håper eg. No nyt eg berre små "friminutt" med store tekoppar, litt inspirasjonshenting i diverse juleblad og litt strikking. Skal finne fram strikketøyet i kveld også, men først er det kosekveld med mannen. Han har jobba ekstremt masse i helga, så no blir det fredagsstemning med eit lite glas raudvin, ost og spekeskinke.

torsdag 10. november 2011

Gjevekk! *stengt*



Det er på tide med ei lita feiring. Eg har passert femti følgarar (hurra!) og det er snart jul! Ein varmande gjevekk må det bli, den må jo passe litt til bloggnamnet mitt, OG at det snaaart er jul.

Gjevekken er: 
♥ "Best of Christmas ideas" - ei julebok (eg veit ikkje heilt kva det heiter på norsk - sånn mellomting mellom bok og blad? Bookazine på engelsk i alle fall!) med masse juleinspirasjon, både til dekor, blomepynt, snop, mat og lage-sjølv-prosjekt.
Ein deilig chili-pakke med sjokolade, chutney og chilipaste
♥ Økologisk kanelte


Reglane er som vanleg:
♥ 1 lodd for kommentar
1 lodd for følgar av bloggen
♥ 1 lodd for link på facebook
1 lodd for link på eigen blogg (bruk biletet øverst)

Fire lodd til saman altså, skriv i kommentaren kor mange lodd du tek. Har du ikkje blogg kan du sjølvsagt vere med, berre skriv inn e-posten din sånn at eg kan kontakte deg om du stikk av med premien!

Trekning 20. november, etter at ungane er i seng.


Ikkje umogleg at det blir ein liten trøystepremie også ;)

tirsdag 8. november 2011

Adventspynt og spaghetti

Fireåringen og eg har mekka litt adventspynt. Hamaperler er berre så artig å halde på med! Her er eit litt improvisert adventslys, vi hadde ingen svarte perler, men fireåringen meinte det gjekk heilt fint med raudt som "veke" i lyset! Og når sommarblomane er ferdige funkar pottene supert til snopeoppbevaring, og til å gøyme adventspynten i!


Også gløymte eg å blogge gårsdagens kjøtfrie middag! Det gjekk litt i eitt, berre såvidt eg rakk heimom for å lage mat og hente ungar i barnehagen før det var ut på jobb igjen. Då vart det skikkelig fast food, trur dette er den enklaste og kjappaste pastaoppskrifta som finst, og ungane ELSKAR den!



Pasta med cherrytomatar

Spaghetti (eller annan pasta)
1 boks cherrytomatar (meir om du har ungar som likar tomat, mine er ikkje så begeistra desverre)
1-2 fedd kvitlauk
Olivenolje
Tørka eller fersk basilikum
Salt, pepar
Evt. chiliflak (eg brukar Santa Maria Chili Explosion, men då bør du kutte litt ned på saltet)

Kok pasta etter anvisning på pakken. Del tomatane i to og steik i ganske masse olivenolje med finhakka kvitlauk. Krydre. Når pastaen er ferdigkokt heller du av vatnet, bland i tomatane og server med masse parmesan. Dersom du har kapers i kjøleskapet er det også godt i, vi brukar gjerne 1-2 ss kapers til denne oppskrifta.



Håper du har hatt ein finfin vekestart! Eg har ein gjevekk på gong, ventar berre på det siste som manglar til pakken!

søndag 6. november 2011

Helg

Tida flyg jo reint avgarde utan stopp. Helga har vore full av herlige folk, huset fullt av ungar og mødre, sushi og sjokoladekake laurdag (herligaste An-Magritt var her, og to andre deilige småbarnsmødre! ) Vi har også vore på skogstur med andre fine folk og ungar, båltenning, pølser og marshmallows, ein diger stein vart eit fly og eit tau som hang i eit tre vart finfin huske ved hjelp av ein liten stokk!


Tippar at vi hadde laurdagens største sushibestilling... Vi bestilte 74 bitar til saman + eit lite fjell med vårrullar. Det er berre lukke å ha så god (og rimeleg!) sushi i nærleiken, sjølv om ein ikkje bur i storbyen!


Imponert over Pernilla sine bålkunnskaper, det gjekk med berre to fyrstikker til å få fart på bålet med fuktig opptenningsved!


Dette måtte berre dokumenterast! Kranglefantane 1 og 2 frivillig hand i hand! Det varte ikkje så lenge, det vart krangel om kven som skulle vere førstesolist på "bæ bæ lille lam" - rare småtrolla mine!


Håper helga di også har vore fin! Måtte det bli ei fantastisk veke også, med mange gode minner du kan ta vare på framover! Her blir det bissibissi med masse møter og jobb, men håper det blir nokre pustepauser også.


***

I´ve had a wonderful weekend. Great friends came over Saturday, and the house was F-U-L-L of kids    and mums, sushi, chocolate cake and coffee. Today the kids and I went for a walk in the forest with some other lovely people and kids, and we had such a nice day with grilled sausages and marshmallows, and playing among the trees. 

I hope your weekend has been good too, and that the coming week will bring lots of great memories to cherish in the future!

fredag 4. november 2011

Varmande haustmiddag

Nokre gongar er hausten litt kjip, med grått vér. Men det er absolutt ikkje grått inne hos oss! På slike dagar passar det supert å invitere gjestar på varmande mat, og gjere gråstein til gul(l)! 





Chili con carne, til fire vaksne og to ungar

600g kjøtdeig
2 bokser hakka tomat
2 bokser bønner
2 gulrøter, raspa
1 lauk, finhakka
2-3 fedd kvitlauk, finhakka
Salt, pepar, tørka chili og spisskummin
1/2 kanelstang

Steik kjøtdeigen (gjerne litt i porsjonar, med mindre du har diiiger steikepanne). Ha over i ei stor jerngryte. Steik gulrot og lauk kjapt og ha over i gryta. Hell av laken til bønnene og sleng dei i gryta saman med tomatane, skyll tomatboksene med litt vatn og ha vatnet i gryta. Smak til med krydder. La putre så lenge du har tid til, smakane blir berre betre om dei står lenge. Men du kan fint servere den med ein gong alt er varmt!

Server med avokado, jalapeno og tortillachips. Ungane ville gjerne ha agurk og paprika ved sidan av også.


Dette tøystykket fekk eg i Japan då vi var på konsert med Sizzle Ohtaka, ein heilt fantastisk japansk artist! 



Må berre vise fram litt av resultatet etter fotoshooten med Majala Bjørnsen Tamber. Har allereie linka på bloggen, men synes bileta vart så fine at eg berre må vise fram. Har jo så fine ungar!





Eg slit framleis med at ikkje alle bloggane dukkar opp i bloggrullen min. Ser at dei ligg hos andre eg er innom, men dei kjem ikkje opp hos meg. What to do?

tirsdag 1. november 2011

Av og til treng ein litt gull og glitter på ein heilt vanleg tysdag!




Håper du har ein gullkanta tysdag!