fredag 2. desember 2011

Oppmuntringsgåve

Eg vart inspirert av Lidenskapelse sin avispose og tenkte eg kunne ta med med ei lita oppmuntringsgåve når eg straks skal ut og vere barnevakt for ei lita jente som gret så mykje. Eg veit kor vanvittig slitsomt det er å vere mamma til sånne jenter, så i dag skal eg knyte på meg fine, vesle S på magen og gå tur medan mammaen får slappe av.

Og mødre som har gråtebarn treng litt oppmuntring! Her er det tepose, hjartesjokolade, Love Hearts, badetrøffel og ein liten muffins til å ha i badekaret. Hadde ikkje finansavis eller utanlandsk avis i hus, så kultursidene i Vestfold Blad får duge - dei matcha i alle fall i fargen! :)


Det er fredag! Dagens aktivitet i kalenderen er å bake "julemanna" (aka kvite kakemenn). Mannen kjørte rundt i ni butikkar i går kveld utan å få tak i smør, så planen er å lage smør sjølv. Hadde ein pakke fløyte i frysaren, så satsar på at den blir åkei smør til kakene.

Håper du har ein flott fredag og at det blir ein god start på HELGA! Her er det frost og nesten litt julestemning!

***

I´m babysitting today and I´m bringing a little present for the new mum. Her daughter cries a lot, and I know everything about crying daughters. So I´m bringing a baby wrap, and I´ll take her for a walk while  mummy relaxes at home. The present includes a tea bag (with relaxing tea), chocolate, Love Hearts, a truffle and muffin for the bath. A good, long soak would do the trick today I think.

Lidenskapelse has a tutorial on how to fold a paper bag, it was really easy! 

Hope you´re having a great Friday, everything is covered in frost outside so the Christmas spirit is creeping in...

tirsdag 29. november 2011

Litt grønt


Litt grønt må det jo vere til jul. Er inspirert av An-Magritt sin adventsstake og Signe sitt vinterland og har lyst til å lage ein liten skog. Har starta så vidt på eitt tre, fleire skal det bli (men trur ikkje det blir så mange med paljettar - det tek tiid...) Nydelege juleplata til Solveig Slettahjell og stemninga brer seg. For ei dame - for ei stemme! Plata heiter "Veien til Betlehem" og anbefalast verkeleg!

Har også fått Etsypakke med fire vintage julekuler. Har leita litt rundt, men alt på ebay glir mellom fingrane mine. Lukka var stor då eg kom over desse på Etsy til ein billig penge (og veldig mykje billigare porto enn alt eg har funne på ebay). Må berre bestemme meg for om juletreet skal få vere litt fargerikt i år, eller om desse skal få henge på Ikea-treet i gangen.

No er det strikketøy og tvkveld. Håper du kosar deg i tysdagskvelden! 



mandag 28. november 2011


Ønskelista mi frå hviit.no - det er så masse fint i den nettbutikken altså. Her er mine favorittar som står på ønskelista mi. Så er det berre å krysse fingrane på søndag! 

Svart manokopp
Mugtail Ekorn (seier ikkje neitakk til dådyret, haren og katten heller!)




Inspirasjonsjakt


Fridagen i dag skal brukast på å gjere ferdig adventskalenderen og planlegge litt dagane framover. Det er så deilig å kunne starte dagen med ein stor kopp te og eit blad med masse juleinspirasjon. Fekk til og med sove lenge i dag. Bliss!

Ønsker deg ein flott start på den nye veka!
***

I´m off today, and the plan is to finish the advent calendar and plan ahead. Just perfect to start the day with a huuuge cup of tea and a magazine with lots of inspiration. I even got to sleep in this morning. Bliss!

Wishing you a lovely Monday!

lørdag 26. november 2011

Adventsstake


Eg vart så glad då eg såg kva som fulgte med siste utgåve av Rom 123 som dumpa i postkassa her om dagen - eg hadde planer om å kjøpe slike tal å ha på lysa i adventsstaken i år, men no slapp eg jo det! Gjorde det veldig enkelt, lysa står på eit lysfat frå Ikea og har fått selskap av kongler og kastanjer vi plukka i haust.


No skal eg gå på jakt etter adventsstjerna, den ligg ein eller annan plass i kjellaren. Må jo få ting ferdig til i morgon! :)
Minstemann våkna klokka 05:38 i dag tidleg. Han sovna heldigvis igjen, men då var eg jo allereie vaken. Gjekk ned og tente lys - det var berre vidunderleg å få nokre minutt i stillheit!

Lyslykt med tremotiv frå Nille og sinkhus frå Rema1000 - trur det er første gong eg har handla noko til interiøret frå Rema.

Etterkvart kom ungane ned og vi lagde kaffi og spelte Gruffalo-kortspel. Veldig stas. Sidan vi gjekk glipp av gårsdagens episode av Vaffelhjarte såg vi den, og høyrte på musikkvideoen tre gonger. No kjem eg til å synge "Besteven" i heile dag! :)

Alle bilete teke i ekstremt dårleg lys og med iPhone - sårri!


God laurdagsmorgon til deg!

fredag 25. november 2011

Adventskalender

Jess, eg er i gong! Etter eit lite søk på Etsy fekk eg hjartebanken, eg fann ein kalender eg berre MÅTTE ha. Og eg var jo allereie inne i fyrstikkesketankegangen, så denne passa perfekt! I dag var eg ute og kjøpte fyrstikkesker, og satte meg ved bordet for å lime printet på fyrstikkeskene. Eg hadde tydelegvis ikkje fulgt heilt med då eg bestilte, for det eg hadde bestilt var ein "brett din eigen fyrstikkeskekalender" og ikkje "lim-på-fyrstikkeskekalender". Så no har eg masse masse fyrstikkesker til overs, kanskje blir det ein Martha Steward-kalender også. Sånn når eg likevel har eskene liksom. Eller kanskje eg sparar dei til neste år.

Uansett - eg har storkosa meg med klipp, brett og lim i dag. Og kalenderen blir heilt rå! No kan eg å brette fyrstikkesker også, kanskje det er skills eg får bruk for seinare i livet, kven veit?!


Oppi eskene skal det ligge aktivitetsforslag. Kanskje noko bittelite snop på laurdagar (eska er tross alt mindre enn ei vanleg fyrstikkeske, så ganske begrensa med plass!), men stort sett blir det lappar med aktivitetar på. Mogleg at det blir skattejakt etter pepperkakeformer f.eks. den dagen vi skal bake, med eit hint til kor ein bør leite.

Draw! Pilgrim har også nokre forslag til korleis bruke kalenderen på nettsida si. Nettsida er verkeleg eye candy, kjenner at eg gjerne skulle kunne meir om grafisk design når eg er der inne - så masse kult!

Viss du også har lyst til å lage aktivitetskalender kan eg dele mine aktivitetar, må planlegge litt kva aktiviteter som skal kome når.

♥ Henge opp lyslenker i syrinbusken
♥ Bake julemanna (aka kvite kakemenn)
♥ Bestemme middag og hjelpe til med å lage den
♥ Lese julebok (brukar denne to gongar)
♥ Ete kveldsmat ute, med pledd, stearinlys og lommelykter
♥ Fortelle historien om St. Nicholaus + snop eller lita gåve i skoen (må vere 6. desember)
♥ Gå på posten og sende julekort og gåver
♥ Rydde i kle/leikehaugen og gje bort det vi ikkje treng
♥ Bake og pynte pepperkaker
♥ Bygge pepperkakehus (her kjem eg til å bruke butikkjøpt deig, men heimelaga til den førre pepperkakerelaterte aktiviteten)
♥ Popcorn og julefilm
♥ Invitere barn i veneflokken på juleverkstad
♥ Bake lussekattar og gå Lucia til naboane (har kjøpt sånne batteridrivne Lucia-lys på Nille)
♥ Tur på biblioteket
♥ Grille pølser på bål til middag
♥ Henge opp refleks i hagen og leike med lommelykter
♥ Vafler og kakao til kveldsmat
♥ Besøke ein ven (satsar på ein tur til An-Magritt)
♥ Gå på julemarknaden
♥ Skogstur eller aketur (kjem an på véret)
♥ Ete middag på restaurant
♥ Trille marsipan
♥ Papirjuleverkstad (klippe snøfnugg, lage julelenker etc.)
♥ Pynte minijuletre på barnerommet
♥ Bygge julekrybbe (24. desember)




***

I found this great advent calendar on Etsy, it is made by Draw! Pilgrim and it is just perfect! I´ve spent the day cutting, folding and gluing, and I can´t wait for December 1st! I´m planning a calendar with different activities every day, baking cookies, decorating, being creative, going for a walk in the forest etc. I think the kids will be happy! There are some suggestions for how to use the calendar on the Draw! Pilgrim website, you have to stop by - the vibrant colours and the great designs, you just have to love it! I wish I knew how to design stuff like that!