onsdag 14. mars 2012

Never let it go

Husk at denne dag må du ta vare på
den forsvinner mellom fingra dine nå...



mandag 12. mars 2012

Ah, måndag!

Eg har vore på vernissage i dag, vi har berre tidenes sjef som inviterer til fest for å feire nye møblar i nyoppussa gang/inngangsparti. Med tale, leskande drikke og kjeks. Herlig!



Burde tatt med solbrillene på jobb i dag, det har vore heilt vanvittig fint vér i dag. Sol, sol, SOL! Og så varmt, det vart nesten for varmt å sitte med langerma genser på trappa i kaffipausen. Fekk innvia dei nye joggeskoa mine då, fann dei på ebay til ein slikk og ingenting (kjøpte likegodt eit par til An-Magritt også, såg ikkje at eg hadde kome inn på britisk ebay og då er jo ikkje skostorleiken lik som i USA... *flau* Heldigvis hadde dei eit par i min storleik også). Eg diggar Simple som lagar joggesko av økologiske og gjenvunne materiale (og eg ser no til min store skrekk at dei skal ha ein pause i produksjonen! Neiiii!), og vårleg neglelakk. Oransje skjerf med cowboyar frå Primark (det vart for varmt å ha det rundt halsen).

Sunshine

Vil berre ønske deg ei flott veke, og håper at solstrålane når deg der du er! Her heng solbrillene klar i vindauget, saman med ei sol teikna av husets fireåring.

onsdag 7. mars 2012

Frukost

Eg må berre, beklager til dykk som ikkje har sånn deilig frukost, men: 


Baking av horn anbefalast verkeleg som sein ettermiddagsaktivitet med ungane! 
Supert til kvelds og perfekt til frukost og lunsj dagen etterpå!


3,5 dl mjølk
2 ss smør
25 g gjær
1 ts salt
1 ss sukker
500 g mjøl (eg brukte 50/50 kveitemjøl og Fibra)

Varm opp mjølk og smør, rør ut gjæra i den lunka væska. Bland alt det tørre og hell væska over.
La deigen heve ca. 60 minutt.
Del deigen i to og kjevle ut ein stor runding av kvart emne. Del i åtte "pizzastykke" og legg på ost og skinke/salami/pizzafyll/ovnsbakte grønsaker/whatnot.
Etterhev i 10-15 minutt og pensle med egg. Strø på evt. frø.
Steikast på 225 grader i 12-15 minutt avhengig av ovn.


God onsdag!

søndag 4. mars 2012

Gamal kokekunst og sykkeltur


Vi har vore hos mampap på føremiddagsbesøk i dag, og ungane har storkosa seg med sparkesykkel og løpesykkel. Deilig med bar asfalt! Vi bur slik til at det er bakke opp og bakke ned, så då er det finfint å ha supre sykkelforhold hos besteforeldre som berre bur eit (litt langt) steinkast unna.



Mamma hadde funne fram husstellsboka si, på jakt etter oppskrift på havrekjeks. Det er vanvittig kult å lese kokebøker frå femtitalet! Og boka er godt brukt, så den er slitt. Illustrasjonen på baksida av "husfluga" er berre fantastisk - inni vengene står det diverse sjukdomar husfluga kan bere med seg; nervefeber, polio, kolera, spedalsksjuke og miltbrann! Farlige greier. Og du må for all del ikkje ha for mykje krydder i maten, det er farlige saker (det må vere eit under at min meksikanske familie framleis er i live!), gamle kjøtrestar kan forøvrig brukast til "forloren skjelpadde". Åh, så moro med gamle bøker!

No lagar meksikanaren Sunday roast, i dag blir det lam med noko blomkålgreier a la Jamie Oliver. Det luktar i alle fall himmelsk her på kjøkkenet no! Håper du også har ein fin søndag!

onsdag 29. februar 2012

Good morning sunshine!


Nokre dagar er det deilig å stå opp tidleg.
Sol.
Tid til å legge neglelakk (som matchar dongribuksa perfekt!).
Storesøster lagar kaffi.
Mor og datter kan drikke god-morgon-kaffi saman (mjølkeskum i koppen hennar).



♥ Ønsker deg ein flott onsdag 


Neglelakken er frå Forever 21. Det er sjeldan eg er så godt nøgd med billig neglelakk, men denne er så lett å legge og utvalet av fargar er heilt fantastisk! Forever 21 har dyr porto, men fyller du handlekorga kostar lakken rundt 40kr flaska, og det er ikkje ille! Eg er ikkje så opptatt av at lakken skal sitte på i dagesvis, eg likar å endre ofte - for denne held ikkje så mange dagar utan base- og topcoat (og det har eg ikkje alltid tid til å legge). 

mandag 27. februar 2012

Gjennom meksikanaren sine auge

Jadda, mannen i huset er også på Pinterest - og han har lagra ein del interiørbilete. Det er så morosamt å sjå at vi veks i same retning, eg er ganske viss på at vi begge har endra oss masse på den reisa vi har gjort så langt i livet saman. Vi kjem jo frå to ulike kontinent, frå to ulike kulturar, har kvart vårt språk, kvar vår luktesans, og bit for bit legg vi eit slags puslespel som blir livet vårt og familien vår.

Heldigvis har han god smak når det gjeld interiør då:





Dei fire første bileta er frå Pinterest, det siste biletet er frå Victor - en bildblogg (masse fin inspirasjon der!)


Håper du har hatt ein fin start på veka! Her har det vore lang jobbdag, men veldig kjekt! Eg er så glad i jobben min, og det er så herlig å gle seg til å dra på jobb. Det er jo sånn det skal vere!