mandag 16. juli 2012

Bilveske


Vi var på bilferie i helga, og før vi reiste tenkte eg at det hadde vore praktisk med eittelleranna som storesøster kunne ha stæsjet sitt i, heller enn at det fyller opp mellom seta bak (og kan vere farleg i trafikken, ikkje bra med lause gjenstander som blir prosjektiler viss ein må ta ein kraftig brems!). Vurderte eigentleg å sy noko som denne frå Amazon, men så tenkte eg at det var endå meir praktisk om alt stæsjet kunne berre berast med inn, og at eg ikkje måtte bruke lang tid på å flytte alt frå bilseteorganisatoren til ein plastpose for å få det med inn i hus/hotellrom/telt/whereever. Og vips så vart bilveske-ideen født!


Den er litt stor å bere rundt på som veske for ein femåring (men purrfekt til meg!), men ho klarer fint å bere den frå bilen til destinasjonen.



Bilveska er passe kjapp og enkel å sy, og den har mange lommer (gull verdt!) Det tok omlag like lang tid å klippe ut stoffbitane som å sy den. Har brukt stoff frå Ikea (det første eg fann, orka ikkje rote gjennom alle dei svarte søppelsekkane med stoff som står i kjellaren), og ein liten bit av ei gamal julegardin (trur også eg har ein julekjole str. 5 år som mamma sydde til meg på åttitalet i same stoff!)

Mi måler 35x30x12 centimeter, veldig kjapp kladd (med kaffisøl) ser omlag sånn ut:


Dersom du vil ha lange hankar som meg må du måle rundt nakkestøtta på bilen, slik at hankane blir lange nok (eg vart litt overraska over kor lange hankar eg måtte ha for å kome rundt nakkestøtta, med litt ekstra å gå på, hankane er 60cm lange) 

Klipp ut alle delane du treng. Eg har brukt ulike stoff til ytterside, innside og hank. Av ytterstoffet og innerstoffet klipper du to rektangel 38x33cm (forside/bakside), to rektangel 15x33cm (sider) og eitt rektangel 15x38 (botn). Du treng også to hankar som måler 9x62cm. Alle desse måla er inkludert saummonn (teikninga har dei ferdige måla på veska). Klipp så ut lommer. Du kan foreksempel legge noko du vil ha plass til i lomma på stoffet og klippe rundt. 
Veska mi har i tillegg til innerlomme til iPad, tre lommer på framsida (21x21cm, 12x12cm og 12x15cm) og ei lomme på kvar side. Sidelommene måler 15x19 og 15x19cm (med saummonn).

(Du kan med fordel stryke stoffa før du klipper med mindre du er ein speedjunkie som meg og vil ha ting unnagjort asap)


Så er det klart for moroa: å sy!
Først kantar du øverste kanten på sidelommene, brett inn 0,5cm og sy ein saum langs denne brettekanten. Så brettar du stoffet ein gong til og syr ein ny saum. Sy så fast sidelommene til sidestykka av ytterstoff.
På framsidelommene har eg kanta rundt alle sidene eller sydd skråband på øverkanten og kanta rundt dei tre andre sidene. Sy fast sidelommene (det er lurt å feste dei med knappenåler før du byrjer sy, viss du  likar symmetri i alle fall...)


Sånn ser mine lommer ut på veska, dei små lommene har eg kanta med svart skråband:



Så kantar du rundt og syr fast innerlomma viss du vil ha det. Det kan vere lurt å feste den ganske høgt på innerstoffet, i alle fall om den skal vere tilgjengeleg medan veska heng i bilen!



Sy saman ytterdelane av veska rette mot rette. Gjer det same med innsida av veska. For å få veska fin i botnen er det lurt å sy saman fram- og bakstykket og sidestykka først, men ikkje sy heilt ned, la det stå att ca. 1cm i kvart "hjørne" av veska. Så nåler du fast botnen og syr rundt.



Så må hankane syast. (Stryking optional, men kan gjerne gjerast før alle trinn her, igjen dersom du ikkje er ein speedjunkie som meg...) Brett inn 0,5cm langs langsida og sy ein saum. Gjer det same på motsatt side. Brett så hanken i to på midten (her kan du eventuelt bruke knappenåler om du er pirkete) og sy saman. Sy så ein saum på motsatt side (kun for det estetiske, det er ikkje nødvendig, men eg synes det ser finast ut med saum på begge sider). Fest hanken med knappenåler på innerveska, ca. 5cm frå sidekantane, og sy den fast med ein saum øverst. 


Legg ytterveska og innerveska rette mot rette og sy saman med ein saum langs øverkanten, la det vere att fem-seks cm på eine sida til å vrenge veska. Pass på at hankane ligg nedi veska. Vreng veska.



Sy ein saum langs øverkanten av veska slik at du lukker holet der veska vart vrengt.




Så er det berre å fylle veska med leiker, teiknesaker, drikke og snacks og henge den opp i bilen! Klar for bilferie. Eit lite tips er å snike ei lita overrasking oppi ei av lommene (tyggis, små rosinesker eller kjærlighet på pinne er gull hos oss!) når ein f.eks. har rastestopp og neste gong ungen er lei kan du gje dei oppdrag: gå på skattejakt i bilveska!






søndag 15. juli 2012

Dejt

Nyinnkjøpt Apple TV, vino frå Systembolaget og masse deilig ost. Breaking Dawn frå iTunes. Dejt!




Håper du har hatt ei nydeleg helg. Her har det vore miniferie med ein kollega, ungar som har storkosa seg på "råkkesjåååo" (aka konsert) og ganske fullt bagasjerom etter litt shopping og sånt. Lovely!

torsdag 12. juli 2012

Long time, no see

Det har vore litt ferie, litt jobb, litt av livet som har kome først. Men ein aldri så liten update av mai og juni kjem her:

Mai kjem med løvetenner, 17. mai-feiring med eige tog gjennom nabolaget og potetløp i hagen, hårfletting ("det MÅ være prinsessehår mamma!") og babyshower for to flotte kollegaer som deler termindato.



I juni var vi i Mexico. Deilige dagar på stranda. Tacos. Familie og vener. Sol, varme, puslespel og såpebobler.



Storesøster har blitt fem år. Det må sjølvsagt feirast. "Jeg vil ha prinsesse-bursdag, mamma!" (som i fjor, og i forfjor...). Litt stæsj fekk bli med heim i kofferten frå Mexico, elles kan eg tipse om at Lagerhaus har rååsa skeier, søte pappfat og fine sugerør. Popcorn i heimebretta bokser (printa herfrå og pynta med cupcake toppers herfrå).



Håper du har hatt ein fin sommar så langt! 


søndag 6. mai 2012

Lukke er å ha ein ven...


...som dyttar deg i oppoverbakke


...som du kan filosofere med (om pepperkakehuskonstruksjon og låvebygging)


...som du kan le med



mandag 30. april 2012

Maiutfordring

Eg ramla innom bloggen til FatMumSlim i dag og fann ut at eg må kaste meg på photo a day-utfordringane hennar, byrjer i morgon! Det har vore litt bloggtørke her inne, men satsar på at denne utfordringa får litt liv her inne! Bli gjerne med du også. Eg kjem til å poste på Instagram (tonjeglez), hashtaggen der er #photoadayMay


Elles kan eg melde om at den kjøtfrie middagen i dag vart pasta med grøne grønsaker og litt fløyte. Steikte lauk, kvitlauk, squash, asparges, brokkoli og spinat i smør og helte over nokre ss fløyte. Helte sausen rett i spaghettipanna og blanda saman. Masse parmesanost på toppen sjølvsagt! Og ein liten skvis med sitron og nykverna pepper - deilig!

God ny veke til deg!

tirsdag 24. april 2012

London

Her kjem endeleg innlegget om husmorferien vår i London for ein månad sidan (!) Fem deilige dagar utan barn, med masse god mat, shopping, museum og parkliv. London er litt min andre heim, det var her eg møtte mannen min, her vi budde saman i ei bittelita studioleiligheit i Sør-London, her vi har hatt jobb og vener...

Dette biletet tok eg ein tidleg morgon då vi nett hadde blitt kjæraster, på veg heimover etter ein sein kveld i Hoxton.

Må berre elske at dei framleis har mjølkerute midt i byen, og mjølk på glasflasker!
Fin etikett på økologiske drikkevarer og morosamt namn på ein liten restaurant ved Charing Cross.


Ei lita Londonguide i matvegen, by Tonje:

MAT - sitte på restaurant
Wagamama - deilig japansk, nuddelbasert mat. 
Wong Kei - gigantisk restaurant i Chinatown, må prøve and og sånne tynne rispannekaker!
Wahaca - fantastisk meksikansk mat, mange gode vegetarianske alternativ for den det måtte passe for.
Canteen - britisk mat, enkelt og godt. Prøv dagens roast (på biletet under: roast duck)

Wagamama, Canteen, Wahaca og Starbucks

MAT - ta med (til parken)
Pret a Manger - godt utval av sandwichar og salatar + suppe, frukt, fransk bakverk etc. (dropp kaffien)
Wasabi - nydeleg japansk tamedmat, med ein liten varmdisk for varm mat også. Genialt å plukke sushibitar, så får du akkurat det du vil ha!
M&S Food Court - alt mogleg av sandwichar, salatar, asiatisk "tapas", frukt, dessert og stort sett alt inngår i ein "meal deal"
Planet Organic - her kan du både sitte og ete lunsj eller kjøpe tamedmat, ALT økologisk!

Ta-med-mat til parken er eit must for meg, det er så godt utval av sandwichar, salat og alt mogleg. 
Planet Organic, Wasabi og Marks & Spencer Food Court + fine reisefølget i parken.


MAT - søtt
Primrose Hill - cupcakebakeri med finfint utval av deilige cupcakes og kaker.
Beas of Bloomsbury - kakehimmelen, god te. MÅ prøvast!
Afternoon tea - bestill gjerne gjennom http://www.afternoontea.co.uk, der er det ofte 2 for 1 på fancy hotell eller restaurantar. Vi var på Kensington Hotel sist, og fekk kjempefin avslutning med gratis cocktails (bursdagsfeiring).


 


Den einaste nedturen innanfor mat/drikke var at vi ikkje rakk ete meir. Og turen innom Bubbleology. Kult konsept og veldig kul kafe, men det smakte heilt forferdeleg! Altfor søtt, og dei bær-gele-greiene oppi var heilt grusomme. Teksturen var som å tygge fiskeauge, og sugerøret var så stort at du aldri visste når det kom ei bær-kule. Blæh! Mogleg at vi berre valgte feil smak altså, men eg fekk ikkje ned meir enn 0,5 dl (ein tiandedel av koppen).



Elles var vi på Saatchi Gallery. Anbefalast! Utrulig kult bygg, og eg er glad i moderne kunst. Museet ligg i King's Road, så Anthropologie, Habitat og Heal's er i same gata, i tillegg til mange andre bra butikkar. Vi var også på evensong i Westminster Abbey, det var utrulig flott! 



Vi shoppa m.a.s.s.e. Var innom Primark (kle og kjempestor koffert til heimreisa), John Lewis (Gruffalo-trunki til minstemann), New Look (kle), Paperchase (melaminkrus, tekoppar, skriveblokker... alt mogleg!), Waterstones (bøker), Planet Organic (te, økologisk "snop" til kidsa, snacks til hotellrommet...), Uniqlo (kle), M&S (kle til kidsa, meir te...). Kofferten vog rett over 20kg på veg heim, heldigvis flaug vi med British Airways som har 23kg tillate bagasje.

Ja, det er ein Lynet McQueen-koffert! Til sonen til venninna mi.

No vil eg berre tilbake, men vi skal jo snart til Mexico - så eg trur reisebudsjettet for 2012 er stort sett oppbrukt...

søndag 22. april 2012

Frukostbento

No er det veldig lenge sidan eg blogga, nesten ein månad. Det eine tok det andre, også vart det litt tiltak å byrje på igjen, og eg føler ikkje eg har hatt så mykje å blogge om. Ungar som våknar ofte om kvelden (og natta...) gjer jo sitt til at det ikkje blir mykje vaksentid om kvelden heller.

Denne veka har vi levert ungane tidleg og endeleg har eg fått lage matpakkar igjen. Eg synes det er så kjekt! Ungane får lunsj og to-mat i barnehagen, så det er berre til frukost ein eventuelt har med matboks. Og ungane er så fornøgde også, kjekt med matboks og leveringa går så mykje enklare.

Her er eit utval matpakkar frå veka som gjekk.

Lomper med prim, eplebåtar, mango og div. tørka frukt


Grove pølsebrød med syltetøy og ost, jordbær, tørka mango, ost, brødpinnar og agurk


Knekkebrød med ost, epler, kokt egg og lita boks med tørka frukt og nøtter


Håper du har hatt ei fin helg. Eg skal straks på jobb, og resten av dagen blir berre kos!