Viser innlegg med etiketten kjøtfri måndag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kjøtfri måndag. Vis alle innlegg

onsdag 22. august 2012

Ostemakaroni

Eller mac 'n cheese? I alle fall. Vi prøver å ikkje ete kjøt på måndagar, av miljøvenlege grunnar. Du kan lese om kjøtfri måndag her. På måndag var det ostemakaroni, det er ganske deilig å lage superenkel vegetarmat - og det smakar jo godt!

Oppskrifa er ei litt modifisert Jamie Oliver-oppskrift:

Skru på steikeomnen (200 grader). Kok opp 500g (fullkorns)makaroni i lettsalta vatn, men la det koke ca. 2 minutt kortare enn koketida. Ta vare på litt av kokevatnet. Smelt litt smør i den største steikepanna du har, når det "boblar" har du i ein liten neve fersk oregano og la det steike til det blir sprøtt (det tek ca. 1 minutt). Ha makaronien i panna saman med nokre ss av kokevatnet. Riv parmesan over og la det smelte i pastaen (her kan det vere lurt å røre litt i blant om du ikkje vil ha fastbrent pasta i botnen... Just sayin'...) Ha på salt og pepar.

Hell alt over i ei ildfast form. Strø riven mozzarella OG nokre skiver vanleg kvitost på toppen. Du kan sikkert bytte ut mozzarellaen med litt blåmuggost for ein vaksen versjon, sånn når eg tenkjer meg om. Evt. kan du rive litt parmesan også på toppen. (Ja, eg er glad i ost!)

Sleng forma i ovnen og la det stå til osten har smelta og byrja bli sånn deilig lysebrun og sprø. Yum!

Serverast med salat eller som tilbehør til anna middag.



Og det beste av alt: Restar! Perfekt matboksmat som krev null arbeid. Berre å fylle matboksen og ta den med på jobb, varme i mikro eller i steikepanne. Går også an å ete den kald, men den smakar best varm. 



 God midtveke - det går mot helg igjen! :)

mandag 6. august 2012

Blombroksuppe

Kjøtfri måndag, i dag: blombroksuppe (Toro + litt ekstra brokkoli som måtte brukast opp) og heimelaga krydderkrutongar (halvtørt brød steikt i god olivenolje, rosmarin, timian og havsalt - YUM!)

Har du forresten sett Grønn Hverdag sin palmeoljeguide? G-E-N-I-A-L! Du finn den her. Toro sine supper er palmeoljefri og åkei på ein grå måndag med litt kort tid til matlaging. Supper smakar best laga frå botnen av, men i dag vart det enklaste utveg!



To trøytte små, det tek på med barnehagestart. Dei har gått i barnehagen ei veke no, men i dag var nesten alle barna tilbake og då blir det jo meir leik og slitne ungar. Nokre minutt ettermiddagskvil medan mamma bloggar er åkei det. Dei er snart nok tilbake i rytmen igjen uansett!


mandag 30. april 2012

Maiutfordring

Eg ramla innom bloggen til FatMumSlim i dag og fann ut at eg må kaste meg på photo a day-utfordringane hennar, byrjer i morgon! Det har vore litt bloggtørke her inne, men satsar på at denne utfordringa får litt liv her inne! Bli gjerne med du også. Eg kjem til å poste på Instagram (tonjeglez), hashtaggen der er #photoadayMay


Elles kan eg melde om at den kjøtfrie middagen i dag vart pasta med grøne grønsaker og litt fløyte. Steikte lauk, kvitlauk, squash, asparges, brokkoli og spinat i smør og helte over nokre ss fløyte. Helte sausen rett i spaghettipanna og blanda saman. Masse parmesanost på toppen sjølvsagt! Og ein liten skvis med sitron og nykverna pepper - deilig!

God ny veke til deg!