tirsdag 4. oktober 2011

Øyeblikk

I det eg hadde trykka på "publish post" såg eg i bloggen til Love Peace Pionies at Øyeblikk har fotoutfordring, og då passa det jo kjempebra å kaste seg med!

Det er sommerens siste sang som toner ut en siste gang


Eg måtte velge meg dei fine blomkarsene som framleis står i blom ute i hagen - måtte det vare lenge!


Haust i hagen

Hausten set sitt preg på hagen no, ikkje berre med uante mengder kastanjenøtter. Men sommaren vil ikkje heilt sleppe taket, så no er det deilig kontrastfylt der ute!

















***

Autumn is here, but it doesn't look like summer is ready to give in just yet. There are lovely contrasts in our garden right now.

mandag 3. oktober 2011

Kastanjer

Etter middag gjekk ungane og eg ut i hagen for å plukke kastanjer. Det tok ei stund. Vi plukka og plukka, og plukka litt meir... Opna kastanjeskal og tok ut tvillingar. Spanande saker for små barnefingrar!









Vi hadde opptelling på stovegolvet etterpå, fylte heile golvet med kastanjer (vi HAR jo tross alt ei lita stove!) og vi hadde plukka firehundreogfire kastanjer! No står mesteparten parkert i Briovogna, i ei korg i gangen og i nokre posar på teiknebordet. Anar ikkje kva eg skal gjere med alt, må nok vere litt kreative med julepynten i år!

***

After dinner the kids and I went out in the garden to pick chestnuts. We picked, and picked, and picked some more. The final count was 404 chestnuts! They are not edible, so I don´t really know what to do with them, have to get creative with Christmas decorations or something!

søndag 2. oktober 2011

Søndagsmiddag

I dag har vi hatt skikkeleg norsk husmannskost! Fårikål og tilslørte bondepiker, nydeleg haustmat. Kjøpte epler frå epledugnad i går, frivillege har gått rundt og plukka epler i hagar i Horten og det vart solgt til inntekt for krisa på Afrikas Horn. Flott tiltak!






Tilslørte bondepiker med litt ekstra:

4-5 epler utan skal, i bitar
6 Digestivekjeks
2 kanelknekkebrød (kjøpt i Sverige)
1 pk kremfløyte + litt vaniljesukker
Hakka mandlar og mørk sjokolade

Kok opp sukkerlake (ca 1dl vatn og eit par ss sukker), legg i epla og kok til dei blir møre. Hell eventuelt av litt av sukkervatnet og mos epla. Set til avkjøling på kjøkkenbenken. Knus kjeks og knekkebrød med kjevle (legg i pose og rull/slå i veg) - du kan gjerne bruke kavring eller ein annan type kjeks. Når eplemosen er kald piskar du krem. Legg eplemos, kjeksbitar og krem lagvis, strø over sjokolade og mandlar.


Håper helga di har vore fin!

***

We had a very traditional Norwegian dinner today with steamed lamb and cabbage and a trifle-like dessert with apples. This is the kind of food one would eat here in autumn, when the lambs were slaughtered and cabbage and potatoes are the veggies that grow. Apples are ripening now too. Lovely!

For the "tilslørte bondepiker"-trifle ("covered maidens", I don´t know where the name comes from!)

4-5 apples, peeled and cored.
2 dl double cream
10 Digestive biscuits
Chopped almonds and dark chocolate

Boil the apples in sugar syrup (1 dl of water and a couple of spoons of sugar), when they are soft mash them to a puree (but leave a few bits in!). Leave on the counter to cool. Bash the biscuits. When the apple puree is cool, whip cream and layer apples, biscuits and cream. Top with almonds and chocolate.

lørdag 1. oktober 2011

Dominoeffekt

I Fredrikstad var eg innom Gran Domino - ein verkeleg lekker interiørbutikk! Her var det mykje som gjerne kan stå på ønskelista til jul, i alle fall om eg hadde hatt ei ønskeliste (vi kjøper ikkje julegåver til dei vaksne i familien, overforbruk...redde verda...miljøperspektiv...og sånn). Eg fann også ut at ein svart Eames-stol hadde passa perfekt på kontoret, vi får sjå om det blir med draumen...

Gran Domino er, i følge Dagbladet, ein av dei 13 beste interiørbutikkane i Noreg, og eg må seie meg einig i at det er velfortent. Til tross for at det var litt flyttekaos då eg var der var det skikkelig god stemning i butikken, og flotte produkt skin jo uansett!

Herleg fargesprakande inngangsparti!


Desse stolane frå Hay har eg hatt lyst på lenge, dei er så enkle i forma og så lekre! Og legg merke til det fiiine golvet!


Min kontorstoldraum... Eg hadde ikkje sagt neitakk til Magis-stolen ved sidan av heller altså ;)


Diggar den knall lilla puta mot det duse og naturlege. Også fann eg ut at eg treng eit brunt saueskinn - lekkert!


Desse knallfarga ullputene frå Hay var nok dagens favoritt. Herlige fargekombinasjonar og ull - what´s not to love?!


Gler meg til å kome tilbake hit ein gong, gjerne med velfylt lommebok! 

fredag 30. september 2011

Fredrikstad!

Gamlebyen, fine bygningar, brustein og tatoveringssjappe. Var på tur med finaste An-Magritt i går og fekk både drikke kaffi i sola, fotografere og drøse med herlige damer. Veit ikkje om det finnast ein herligare tatovør en Marianne som driv Kunst med Puls.












Klagar ikkje over ventetid på toget når ein har sol og interiørblad, og pina colada-luktande neglelakk (seriøst, den luktar kokos og vanilje - rare greier!)



Og eg falt for dei kule setetrekka på ferga heim! Herlig bruk av norsk historie!


God helg til deg og dine! Måtte helga bli full av flotte brukt/loppefunn, epler og nydeleg haustsol!

***

Went to Fredrikstad yesterday with my best friend An-Magritt - she was getting a new (or building upon an old) tattoo. The old part of town is so beautiful, with cobbled streets and small shops. Good coffee, sunshine and chatting with the girls. What a way to spend a day! Bliss!

And check out the great seats on the ferry - how cool are they?! I just love that someone can actually be creative, and use lots of different Norwegian history to create the seat covers!

Wishing you a great weekend!

onsdag 28. september 2011

Tidleg morgon

Nokre (få) gongar er det åkei å ha ungar som vekker deg før ringeklokka (og før den fancy dag/natt-klokka du har kjøpt til nevnte barn har skifta til dag), i dag var ein sånn dag. Det var ekstremt tungt å fjerne dyna, men med ein gong ein hadde fått tåa utanfor soverommet innsåg eg at soloppgangar verkeleg gjev meg noko.





No byrjar kroppen snart kome såpass i gong at eg kan sette på tevatn, har brukt ein time på å kome meg hit. Burde sikkert eigentleg drikke kaffi, men får ikkje sånn nevneverdig effekt av koffein (desverre!), så då blir det tevatn. Ungane ser barnetv i pysjen, et druer og bygger med klossar. Deilig!

Håper du har ein flott onsdagsmorgon!



***

Sometimes there are a few perks with having kids who wake up early, today it was rough to leave the duvet behind long before the alarm went off (well, we don´t really have alarms, we have kids - but THEY have an expensive monkey clock which shows the difference between night and day, didn´t really work this morning...). But as soon as I left the bedroom I knew it was worth it, the prettiest sunrise emerged between the clouds. And now I´m almost ready to put the kettle on (I´ve been up for over an hour).

Hope you´re having a lovely Wednesday morning!