mandag 31. oktober 2011

Happy Halloween!

Eg har skore ut mitt første gresskar! Ungane syntes det var litt skummelt med dei vi fann bilete av på nett, så vi gjekk for ei høveleg snill ugle. Håper du har ein fin kveld, om det er Halloween-feiring eller ikkje. Her ventar vi på knask-eller-knep-besøk, enn så lenge har det ikkje vore nokon innom her.


Elles kan eg jo berre skryte av den fine familien min, flinke Majala har fotografert oss og noko av resultatet kan du sjå her og her. Eg gler meg sånn til å få resultatet og kunne henge opp bilete her heime. Vi hadde det så kjekt under bildetakinga, blide ungar og masse latter! Og mannen i huset har fått blod på tann og vil ta vinterbilete også. Satsar på at det blir ein familiefotoshoot til når snøen kjem! :)

Tusen takk for så fine kommentarar på gårsdagens innlegg. Ser jo no at eg har teke heilt feil av temaet for konkurransen, hadde glatt hoppa over "gåvetips" og gått rett på interiør! *riste på hovudet* Men det vart jo litt julestemning i alle fall, så får det heller vere.

***

I´ve cut my first pumpkin. The kids thought the photos we found on Google were a bit to scary, so I made a rather harmless owl. We´re still waiting for trick or treaters, nobody has been here so far...

Majala has posted some of the pictures she took of us on her blog. You can see the awesome shots here and here. We had such a fun photo shoot, and hopefully we´ll do it again when winter is here.

søndag 30. oktober 2011

Jul i kosekroken

Her er det julestemning på kontoret. Vi bur ganske trangt i ein gamal tomannsbolig frå 1920, her er det knappe 40 kvadratmeter grunnflate, men heldigvis to etasjer pluss loft og kjellar. Planløysinga er ganske satt, med små rom, men vi har det veldig koseleg her! Kontorplassen lev difor dobbeltliv som strikke- og lesekrok, med ein femtitalsstol der ein kan nyte utsikta med strikketøyet i fanget. Strikketøyet får plass i ein vintagekoffert under kommoden og lesestoffet har fått plass i det vesle bordet. Her er det rom for å drøyme seg bort med Nigella si julekokebok eller strikke julegåver til store og små.

Snøfnugg i vinduet, levande lys og eit enkelt, minimalistisk juletre (eller, julegreiner er kanskje eit betre ord, juletreet kjem ikkje inn før vesle julaftan!) står i kontrast til kommoden i teak med kitchy julepynt i turkis, limegrønt, rosa og lilla. Glitter galore! Her i huset er ikkje jula nødvendigvis raud, her er det plass for både fargekick og meir duse, avstemte fargar.




Den grå glasskåla og det grøne stettfatet i glas er bruktfunn, epleskåla er frå Heal's. Turkis reinsdyr og funky, farga julekuler frå Primark, her har eg putta dei i eit gamalt Noregsglas. Kommode og koffert til strikketøyet kjøpt på loppemarknad. Stolen sto att i huset etter den tidlegare eigaren. Kvitt bord med magasinholder frå Hvitt Rom. Raud fugl i vinduskarmen frå Marks and Spencer.

I huset vårt er det eit pluss med alle aktiviteter som kan gjennomførast saman med barna, så papirklipp og ein enkel lysdekorasjon er lett gjennomførbart i samarbeid med små hender. Og dei blir jo så stolte av resultatet! Det er kjekt å sjå sin eigen julepynt hengande i vinduet.

Papirklipp
Denne aktiviteten likte fireåringen kjempegodt, det er så enkelt å klippe papir, og det blir fint nesten uansett kva ein gjer. Brett eit kvadratisk ark slik at du får ein trekant. Brett til ein trekant igjen, og så ein gong til. For unge hjelparar kan det vere fint å teikne eit mønster å klippe etter, berre teikn inn halvsirklar og trekantar som barna kan klippe etter. Brett ut og heng opp. Papirsnøfnugg passar også flott som uro over senga!



Litt julesnop må ein kunne kose seg med i førjulstida. Her er det nøtteblanding, Walters Drasjé og rista pinjekjerner. Ein kopp varm drikke høyrer også med til førjulskosen, og er du lei av gløgg eller varm sjokolade (kan ein eigentleg bli lei av sjokolade?!) er det deilig med varm, krydra eplejus! Passe julete i smaken, frisk og litt syrleg.            


Rista gresskarkjerner

Gresskarkjerner (av mitt gresskar fekk eg tre nevar gresskarfrø, har du meir aukar du smør- og saltmengda litt)
2 ss smør, smelta
1-2 ts mineralsalt
Nokre omdreiingar med Chili Explosion frå Santa Maria (eller 1 ts chiliflak)

Fjern så mykje av trådane frå gresskarkjernene som du får til med fingrane.Vend så kjernene i smelta smør. Du treng ikkje skylle dei, eller fjerne skalet, men det er greitt om det ikkje er for mykje kliss på dei! Legg utover i ei langpanne og steik i ovnen på 150 grader i omlag éin time. Vend kjernene no og då medan dei står i ovnen. Ikkje la dei stå for lenge, dei skal knapt få farge.

Varm eplejus med krydder (éin kopp)

2 dl eplejuice
½ kanelstang
Eit par nellikspiker
Ei skive appelsin

Varm opp og nyt. Søt eventuelt med litt honning om jusen er litt syrleg.



Enkelt u-julete og u-jålete juletre
Hent passande greiner ute i naturen, eg har brukt plommegreiner frå hagen. Sett dei i ein potte eller bøtte, her er det brukt ein gamal champagne-kjølar. Fyll opp med avispapir, pass på at du fordeler greinene slik at vekta blir jamn, og bøtta ikkje tippar. Du treng minst to aviser. Dekk så over med silkepapir for å skjule avispapiret, eller aluminiumsfolie for ein glitzy versjon! Greinene er pynta med dropeforma julekuler i sølv, blått og turkis. Jula treng definitivt ikkje vere raud og grøn!



Enkel lysdekorasjon
Sett fire telys på eit lysfat. Pynt med kongler, kastanjenøtter og eit lite rådyr. Legg på kanelstenger og nellikspiker. Det luktar deilig julebakst når du tenner lysa og det blir litt varme rundt krydderet! Ikkje gå frå lysfatet med lysa tent, her er det brennbar pynt.
Denne lysdekorasjonen kan også brukast som adventslysestake.





Dette er bidraget mitt i Studio sin konkurranse som er utlyst no, siste frist i dag. Konkurransen er som følgande:

Nå gir vi DEG mulighet til å få din drømmereportasje på trykk i Nordens nyeste og fineste interiørmagasin. Det eneste du trenger å gjøre, er å skrive et blogginnlegg om dine beste julegavetips. Julegavetipsene må selvfølgelig være basert på interiør og/eller innpakning, og inneholde elementer av interiør, redesign, innpakning eller annen form for dekor. Du står selv fritt til å velge vinkling. Teksten må være på minimum 4000 tegn. Bidrag må også 6-7 bilder som illustrerer innlegget.Til sammen 5 vinnere trekkes – 1  publiseres i magasinet, de resterende 4 publiseres på www.studiomag.no
 Studio er eit nytt interiørblad med fokus på små bustader (svært passande for oss, med andre ord!). Du kan lese meir på nettsida til Studio http://studiomag.no/ og på Facebook-sida deira: http://www.facebook.com/pages/Studio/171333912931989?ref=ts

lørdag 29. oktober 2011

Washi wa kawaii desu!

Eg har også kjøpt. Den derre tapen. Japanske greier.



Tapen er kjøpt hos PrettyTape på Etsy, saman med fantastiske japanske klistremerker til fireåringen.

Har gresskarkjerner i ovnen og søte ungar som ventar på laurdagssnopet i sofaen. Vi har planta blomelauk i dag (litt i seinaste laget kanskje), fireåringen har storkosa seg med å putte lauk i hola eg grov. Forhåpentlegvis får vi krokus, perleblomar og Mount Everest i hagen til våren! Ha ein nydeleg laurdagskveld, med innrykk av utkledde barn eller ei (satsar på at dei fleste ventar til måndag, men har litt snop liggande i tilfelle).


Disclaimer: Overskrifta er berre skrive etter vage minner frå japansk-kurset eg gjekk på for fem år sidan. Alle som måtte kunne japansk får berre lukke att augo om det er feil adjektiv-bruk!

fredag 28. oktober 2011

Ein liten skatt frå jobb

Vi har samlokalisert jobben, så det har vore ein ekstrem flyttesjau og mykje oppussing. Blant det som skulle kasserast fann eg denne kule lampa som eg redda og tok med heim. Ikkje heilt bestemt kor den skal vere, og eg veit ikkje heilt korleis eg skal feste den sidan den manglar den skru-dingsen som ein kan feste den til bordplata med.

Kjøpte meg nye Converse i London også, det er definitivt ikkje slutt på sesongen når ein får vinter-Converse! Ikkje noko å gå med i slaps og sludd, men trur dei vil funke fint i tørr snø, og no før snøen kjem. Varme er dei i alle fall!





Nett heimkomen frå Oslo, var på konferanse i går og hadde fagdag på Menighetsfakultetet i dag. Deilig med litt fagleg påfyll, fekk nesten litt lyst til å byrje studere litt att!

Ønsker deg ein fin fredagskveld, her blir det eit tidleg møte med puta.

***

Found this lamp at work, we´ve relocated this summer and during the moving process some things were to be thrown away. I rescued this lamp, although I haven´t decided where to put it. It is very cool! 

Converse season has been prolonged with a new pair of winter Converse. They won´t do here in Norway during winter, but they are perfect for autumn! Love them! Hope you have a lovely Friday night!

onsdag 26. oktober 2011

Nokre morgonar startar berre altfor tidleg. Våkne ungar, trøytte foreldre (eller, i dette tilfellet: trøytt mor...). Legokonstruksjonar, magnetbokstavboks rett foran kjøleskapet (som ein sjølvsagt snublar i), ein lillebror som ikkje kan vente på frukosten. Må. Ha. Kaffi.




God onsdagsmorgon til deg, håper din ikkje starta like tidleg som min! (05:56)

***

Some mornings just start way to early. Toys everywhere. Kids who cannot wait for breakfast. Coffee is absolutely nescessary. Hope your Wednesday morning is nice, and that you didn´t have to start as early as me (5:56am)

tirsdag 25. oktober 2011

Når mørket no har senka sæ...

Stille og roleg her i Casa Blanca i kveld. Stor tekopp. Strikketøy. Tente lys. Håper tysdagskvelden din også er god! 

Resirkulert bilete, tom for batteri på kameraet (whoops!)


Eg slit med at ikkje alle bloggane kjem opp i bloggrullen min, nokon som har tips til kva som må fiksast?

mandag 24. oktober 2011

Magnetpoesi

Fann settet mitt med "magnetic poetry" som vart innkjøpt for mangfoldige år sidan og vart litt inspirert av Røsslyng. Det er så kjekt med sånne magnetar, enkelt å skape vakre ting, og artig å sjå kva som skjer med kjøleskåpet når ein har besøk! Du finn magnetpoesi mellom anna hos Amazon.




Håper du har hatt ein fin start på veka! Vi har hatt haustleg familiefotoshoot i dag med Majala, gler meg til å sjå resultatet! 

Og til veggis-inspirerte som ønsker tips til kjøtfri måndag: I dag hadde vi restemiddag (hadde lammegryte med ris i går): Egg fried rice med riven ingefær, blomkål, sukkererter, paprika og lauk. Veldig poppis hos ungane og heilt fint for vaksne når ein køyrer på med soyasaus med chili i (berre å opne soyasaus-flaska og slenge oppi eit par bitar med grovhakka chili, la stå og vent på litt chilikick i soyaen).