søndag 22. juli 2012

La oss fylle dagen med håp. Gje plass til sorg og gråt, men ikkje gi opp håpet. Vi kan bli betre, det gror vakre ting frå håpet! 



torsdag 19. juli 2012

I ♥ sale

Fann ei kul mintgrøn veske på Gina Tricot, og den er berre purrfekt til iPad, kalender, mobil og lippglåssj (som storesøster i huset kallar det).
Kalenderen er frå personligalmanakk.com - diggar det nye A5-formatet. Her er det god plass til å skrive ned alt som skal på plass neste veke når det er jobb igjen!



Også er det så deilig med ting som matchar. Neglelakk foreksempel... Models Own i fargen "Olive Pearl" (denne neglelakken luktar så godt!) og Isadora "Vintage Mint". Grønt stettfat frå loppis og rååsa og lilla plastblomar frå Nille, restar etter prinsessebursdagen til storesøster får framleis stå framme.

Håper du har ein deilig torsdag der du er!

mandag 16. juli 2012

Bilveske


Vi var på bilferie i helga, og før vi reiste tenkte eg at det hadde vore praktisk med eittelleranna som storesøster kunne ha stæsjet sitt i, heller enn at det fyller opp mellom seta bak (og kan vere farleg i trafikken, ikkje bra med lause gjenstander som blir prosjektiler viss ein må ta ein kraftig brems!). Vurderte eigentleg å sy noko som denne frå Amazon, men så tenkte eg at det var endå meir praktisk om alt stæsjet kunne berre berast med inn, og at eg ikkje måtte bruke lang tid på å flytte alt frå bilseteorganisatoren til ein plastpose for å få det med inn i hus/hotellrom/telt/whereever. Og vips så vart bilveske-ideen født!


Den er litt stor å bere rundt på som veske for ein femåring (men purrfekt til meg!), men ho klarer fint å bere den frå bilen til destinasjonen.



Bilveska er passe kjapp og enkel å sy, og den har mange lommer (gull verdt!) Det tok omlag like lang tid å klippe ut stoffbitane som å sy den. Har brukt stoff frå Ikea (det første eg fann, orka ikkje rote gjennom alle dei svarte søppelsekkane med stoff som står i kjellaren), og ein liten bit av ei gamal julegardin (trur også eg har ein julekjole str. 5 år som mamma sydde til meg på åttitalet i same stoff!)

Mi måler 35x30x12 centimeter, veldig kjapp kladd (med kaffisøl) ser omlag sånn ut:


Dersom du vil ha lange hankar som meg må du måle rundt nakkestøtta på bilen, slik at hankane blir lange nok (eg vart litt overraska over kor lange hankar eg måtte ha for å kome rundt nakkestøtta, med litt ekstra å gå på, hankane er 60cm lange) 

Klipp ut alle delane du treng. Eg har brukt ulike stoff til ytterside, innside og hank. Av ytterstoffet og innerstoffet klipper du to rektangel 38x33cm (forside/bakside), to rektangel 15x33cm (sider) og eitt rektangel 15x38 (botn). Du treng også to hankar som måler 9x62cm. Alle desse måla er inkludert saummonn (teikninga har dei ferdige måla på veska). Klipp så ut lommer. Du kan foreksempel legge noko du vil ha plass til i lomma på stoffet og klippe rundt. 
Veska mi har i tillegg til innerlomme til iPad, tre lommer på framsida (21x21cm, 12x12cm og 12x15cm) og ei lomme på kvar side. Sidelommene måler 15x19 og 15x19cm (med saummonn).

(Du kan med fordel stryke stoffa før du klipper med mindre du er ein speedjunkie som meg og vil ha ting unnagjort asap)


Så er det klart for moroa: å sy!
Først kantar du øverste kanten på sidelommene, brett inn 0,5cm og sy ein saum langs denne brettekanten. Så brettar du stoffet ein gong til og syr ein ny saum. Sy så fast sidelommene til sidestykka av ytterstoff.
På framsidelommene har eg kanta rundt alle sidene eller sydd skråband på øverkanten og kanta rundt dei tre andre sidene. Sy fast sidelommene (det er lurt å feste dei med knappenåler før du byrjer sy, viss du  likar symmetri i alle fall...)


Sånn ser mine lommer ut på veska, dei små lommene har eg kanta med svart skråband:



Så kantar du rundt og syr fast innerlomma viss du vil ha det. Det kan vere lurt å feste den ganske høgt på innerstoffet, i alle fall om den skal vere tilgjengeleg medan veska heng i bilen!



Sy saman ytterdelane av veska rette mot rette. Gjer det same med innsida av veska. For å få veska fin i botnen er det lurt å sy saman fram- og bakstykket og sidestykka først, men ikkje sy heilt ned, la det stå att ca. 1cm i kvart "hjørne" av veska. Så nåler du fast botnen og syr rundt.



Så må hankane syast. (Stryking optional, men kan gjerne gjerast før alle trinn her, igjen dersom du ikkje er ein speedjunkie som meg...) Brett inn 0,5cm langs langsida og sy ein saum. Gjer det same på motsatt side. Brett så hanken i to på midten (her kan du eventuelt bruke knappenåler om du er pirkete) og sy saman. Sy så ein saum på motsatt side (kun for det estetiske, det er ikkje nødvendig, men eg synes det ser finast ut med saum på begge sider). Fest hanken med knappenåler på innerveska, ca. 5cm frå sidekantane, og sy den fast med ein saum øverst. 


Legg ytterveska og innerveska rette mot rette og sy saman med ein saum langs øverkanten, la det vere att fem-seks cm på eine sida til å vrenge veska. Pass på at hankane ligg nedi veska. Vreng veska.



Sy ein saum langs øverkanten av veska slik at du lukker holet der veska vart vrengt.




Så er det berre å fylle veska med leiker, teiknesaker, drikke og snacks og henge den opp i bilen! Klar for bilferie. Eit lite tips er å snike ei lita overrasking oppi ei av lommene (tyggis, små rosinesker eller kjærlighet på pinne er gull hos oss!) når ein f.eks. har rastestopp og neste gong ungen er lei kan du gje dei oppdrag: gå på skattejakt i bilveska!






søndag 15. juli 2012

Dejt

Nyinnkjøpt Apple TV, vino frå Systembolaget og masse deilig ost. Breaking Dawn frå iTunes. Dejt!




Håper du har hatt ei nydeleg helg. Her har det vore miniferie med ein kollega, ungar som har storkosa seg på "råkkesjåååo" (aka konsert) og ganske fullt bagasjerom etter litt shopping og sånt. Lovely!

torsdag 12. juli 2012

Long time, no see

Det har vore litt ferie, litt jobb, litt av livet som har kome først. Men ein aldri så liten update av mai og juni kjem her:

Mai kjem med løvetenner, 17. mai-feiring med eige tog gjennom nabolaget og potetløp i hagen, hårfletting ("det MÅ være prinsessehår mamma!") og babyshower for to flotte kollegaer som deler termindato.



I juni var vi i Mexico. Deilige dagar på stranda. Tacos. Familie og vener. Sol, varme, puslespel og såpebobler.



Storesøster har blitt fem år. Det må sjølvsagt feirast. "Jeg vil ha prinsesse-bursdag, mamma!" (som i fjor, og i forfjor...). Litt stæsj fekk bli med heim i kofferten frå Mexico, elles kan eg tipse om at Lagerhaus har rååsa skeier, søte pappfat og fine sugerør. Popcorn i heimebretta bokser (printa herfrå og pynta med cupcake toppers herfrå).



Håper du har hatt ein fin sommar så langt! 


søndag 6. mai 2012

Lukke er å ha ein ven...


...som dyttar deg i oppoverbakke


...som du kan filosofere med (om pepperkakehuskonstruksjon og låvebygging)


...som du kan le med



mandag 30. april 2012

Maiutfordring

Eg ramla innom bloggen til FatMumSlim i dag og fann ut at eg må kaste meg på photo a day-utfordringane hennar, byrjer i morgon! Det har vore litt bloggtørke her inne, men satsar på at denne utfordringa får litt liv her inne! Bli gjerne med du også. Eg kjem til å poste på Instagram (tonjeglez), hashtaggen der er #photoadayMay


Elles kan eg melde om at den kjøtfrie middagen i dag vart pasta med grøne grønsaker og litt fløyte. Steikte lauk, kvitlauk, squash, asparges, brokkoli og spinat i smør og helte over nokre ss fløyte. Helte sausen rett i spaghettipanna og blanda saman. Masse parmesanost på toppen sjølvsagt! Og ein liten skvis med sitron og nykverna pepper - deilig!

God ny veke til deg!