Viser innlegg med etiketten leik. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten leik. Vis alle innlegg

fredag 30. oktober 2015

Siste-liten-kostyme! Ninja!

Ninjago er stort her i huset, og mellomsten vil gjerne vere "den grønne ninjaen" på Halloween. Heldigvis har vi litt grøne kle - så det einaste vi mangla var hette/maske og sverd.

Men internett har løysinga! Og då er det ikkje snakk om nettshopping, men enkle kostymeløysingar!


Du treng ein tynn genser i rett farge. Dersom det er trykk på kan den gjerne vrengast ut-inn (vi gjer det i morgon)


Tre genseren rundt ansiktet
 

Knytt ein litt laus knute bak



Brett halskanten inn mot panna


Brett halskanten inn over nasa


Vri og stram den nederste delen, "snurr" stoffet litt innover og før det bakover mot knuten så det held seg stramt. Dette krev bittelitt øving, men på tredje forsøk sit hette-maska stramt nok. Du kan evt. stramme knuten litt om det trengs.





Pappa er flink med tre og har skore ut eit ninjasverd av finer! Hurra! Du kan også lage i papp (det hadde vi i fjor, riddersverd) 

No gler vi oss maks til morgondagen! 

lørdag 17. oktober 2015

Heimelaga kostymer

Eg synes Halloween er så gøy, eg elskar å lage kostymer til ungane - og særleg når dei er så kreative i tankegangen. Dei vil gjerne vere litt artige figurar, og det har ikkje vore spørsmål om zombie eller heks eller vampyr - noko eg synes er heilt flott! Skulle gjerne sett fleire vanlege kostymer på Halloween, og ikkje berre blod og gørr og skumle masker!

Første gong vi gjekk knask eller knep i nabolaget ville mellomsten vere ugle og eldste ville vere einhjørning. Yeah! Filt og stoffrestar og ein gammal hettegenser. Ein hårbøyle som hadde sett sine beste dagar og ei kjegle av papp (det får du på hobbybutikk).





I fjor var eldste ein minion og mellomsten ville vere ridder. Det var lite gult i butikkane, men ein naturfarga ullgenser som uansett kunne trenge litt farge for å leve vidare fekk møte konditorfarge og eddik (sjå her for info om farging av ullplagg), litt gult og svart garn vart ein minion-lue (auget er av papp og litt avkappa dorull) og ein seleshorts frå sommarsesongen - veldig enkelt og greitt!
Ridderen fekk ridderlue (oppskrift i Pickles si bok "Voksne ingen adgang") og brynje av filt. Skjold og sverd av papp (knivbladet på sverdet er dekka av refleksteip - så var han ganske synleg i nattemørket).
Eg kjørte Frida Kahlo, med papirblomster i håret og meksikansk rebozo (sjal) over bringa. Det var veldig gøy å kle seg ut sjølv, så det skal eg fortsette med så lenge ungane vil at eg skal gå knask eller knep med dei!




Skal legge ut bilete av årets kostymer også, når ungane berre får bestemt seg og eg får satt meg ned med symaskina. Akkurat no troner "Ninjago-Lloyd" og "BatGirl" eller "katt" høgt på lista.


onsdag 14. oktober 2015

Halloweenfest del 2

11 gutar, ganske stor prosentandel i Spidermankostyme, hadde ein flott Halloweenfest. Vi hadde planlagt ei hinderløype ute med pappkopp-kanon, diger slangeparadis, edderkoppnett, kast-på-boks og ein slimsjø (teikna med kritt), popcorn og pølser, kake, spindelmuffins og gele. Veldig enkelt og skikkelig gøy!


Laga eit digert edderkoppnett av svart garn, og festa små bjeller på - ringte det i bjella var det ut av nettet og prøve på nytt. Alle klarte å kome seg over til den andre sida på første eller andre forsøk (det var relativt mykje enklare utan superheltkapper som hang ned bak og øydela til tross for høge kneløft!)


Malte hermetikkbokser i passande fargar. Akrylmaling altså - det funkar til alt! Erteposane fekk ein av ungane i julegåve av ei venninne ein gong, dei har blitt mykje brukt til både sjonglering og bokskast og kast på blink. Veldig stas! Tennisballar eller liknande funkar også gull til kast på boks, men fordelen med erteposar er at dei blir liggande og ikkje triller avgårde. Gjer jobben til den som skal sette på plass boksane og hente kastereiskap litt enklare. Kast på boks er også overraskande populært, så det vart mange runder på denne posten.



Den digre slangen har skummelt skinn, dei raude kryssa er nemleg GIFTIGE! Det betyr at ein ikkje kjem seg vidare i paradisen før alle har kasta og det vart ganske trangt til slutt. Hadde sånne store terningar som heng i bilspeglar i litt harry bilar (litt usikker på kor dei terningane kom frå, trur kaaanskje dei var premie på tivoli eller noko slikt ein gong i tida), men det går jo også an med småstein og å øve på å kaste treffsikkert! Eg har også sett store terningar på Søstrene Grene og TGR tidlegare, kanskje leikebutikken også har. Supert til å leike paradis, eller digert stigespel, med innandørs om vinteren.



Spindelvevmuffins (superenkelt, sjå her), monsterbrownies med tusen auge (auga er lag av melisglasur, sjå her, men hugs at dei må tørke eit par dagar før bruk!), gresskargelé (aka appelsingelé) og monstergugge (aka sjokoladepudding).



Enkel bordpynt med dei kule monster-gresskar-spøkelsessteinane ungane laga, monsterauge av perler og papirgresskar frå Søstrene Grene. Serviettane er også derfrå. Plastedderkoppane kjøpte eg på ebay, men det får ein sikkert tak i over alt i leikebutikkar no i oktober! 












søndag 16. november 2014

Heimelaga playdoh


Dette trur eg må vere den kulaste aktiviteten vi har gjort her heime, ungane har leika masse med playdoh i det siste. Vi fann ein gammal pakke i kjellaren med herleg (eh) gråbrun playdoh-mos, den har vore flittig i bruk dei siste vekene.

Pinterest er mi favorittnettside/app, her finn ein inspirasjon til tusen! Og eg falt fullstendig for Mama Papa Bubba sin Frost-inspirerte playdoh. (Forøvrig ein kjempefin blogg med masse masse tips til inneleik og aktiviteter).

Untitled

Så, korleis gjer ein det? Eg har eit sett med målebeger i cup-storleik, noko som gjer ting enklare når ein brukar amerikanske oppskrifter. Meiningslaust at dei ikkje kan bruke metrisk system, men sånn er det jo berre. Så oppskrifta her kjem i cups, men desilitermål funkar også greitt (du kan f.eks. bruke 1dl for 1 cup, då får du omlag halvparten av oppskrifta eg laga)

1 cup kveitemjøl
1/4 cup salt (eg hadde berre havsalt, knuste det i morteren, men trur det funkar betre med vanleg salt)
1 ss kremortartari (cream of tartar) - eg har kjøpt på iHerb, får sikkert tak i det på fancy kakedekoreringsbutikkar også
1 ss olje (eg brukte raps)
1 ss glyserol (det får du på apoteket, gull til heimelaga såpebobler også!)
 Litt fargestoff (eg brukte Wilton kakefarge, konditorfarge funkar også, men då blir fargen svakare)
3/4 cup kokande vatn

Miks alle dei tørre ingrediensane i ein bolle, ha i olje, glyserol og fargestoff og til slutt det varme vatnet. Bland kjapt saman. Du treng ikkje blande slik at fargen er heilt jamn, berre rør det raskt saman. Du ser korleis vår såg ut etter kjapp røring på det øvste biletet. Det ser ut som klumpete gøgg. Det skal sjå ut som klumpete gøgg. La det stå i omlag 10 minutt til deigen blir kald nok til at du kan ta i den. Etter eit par minutt knaing vil du få ein heilt silkemjuk playdoh (den er litt mjukare enn vanleg playdoh synes eg). Vi helte på masse glitter medan vi knadde (du treng meir glitter enn du trur!)

Sidan ungane her ville ha ulike fargar hadde vi i vatnet før fargestoffet. Helte i vatn, rørte kjapt saman og delte deigen i to. Hadde i fargestoffet og rørte raskt saman igjen. Viss du brukar desilitermål (1 dl i staden for 1 cup) vil du altså få ein deig på storleik med ein liten appelsin. Då må du bruke 2 ts (te-skei altså!) olje og kremortartari.

Så er det berre å slå seg laus med kjevle, kakeformer, knivar eller andre formingsverktøy. Ungane har holdt på i over ein time no, og ser ikkje ut til å bli ferdige med det første! Win!



Untitled

Untitled