torsdag 24. november 2011

Torsdagslukke

På jobb i dag kom ei mor frå babysongen innom med ein nydeleg blome til meg, frå eit par av mødrene. Eg vart så glad og rørt, nesten heilt på gråten. Og ikkje nok med det - tidlegare i veka fekk eg ein kjempefin telysestake av ein kollega. Eg er velsigna med gode folk rundt meg!!




No er det deilig adventsstemning i kjøkkenvindauget. Herlig! Tenk at det berre er ein månad att til jul i dag! I morgon har eg fri, planen er å få gjort unna litt juleførebuingar. Det er jo faktisk ganske mykje som skal gjerast, og på søndag er det første søndag i advent allereie!

Ein gledesklem til lesarane mine - for ein deilig torsdag det er i dag!

mandag 21. november 2011

Måndagsmys

Litt restar med heim frå jobb i dag, peparkakemuffins med deilig ostekrem. Yum! Og perfekt i selskap med ein myntete frå Pukka, på sofaen med barnetv-ungar. Litt måndagsmys må til. Umogleg å ta bilete om dagen, det er nesten-mørkt når vi kjem heim frå barnehagehenting.


Peparkakemuffins (ca. 16 stk)

1 egg
2 - 2,5 dl mjølk
Juice frå ein halv klementin
100 g smør, smelta

4,5 dl kveitemjøl, sikta
1,5 dl sukker
3 ts bakepulver
1 ss kakaopulver
2 ts kanel
1 ts nellik (malt)
1 ts riven muskatnøtt

Bland det våte og det tørre kvar for seg. Hell så det våte i det tørre og rør rundt. Spe med litt mjølk om røra blir veldig tjukk, men røra skal ikkje vere flytande! Berre visp lett saman, ikkje bekymre deg for å røre ut klumpar!

Steik i muffinsbrett på 180 grader i ca 15-18 min (sjekk etter 15 min, og la dei eventuelt stå litt lengre om dei treng det)

Ostekrem laga eg av 100 g smør, ein pakke kremost frå Tine (sånne litt små firkanta pakkar), juice frå resten av klementinen og melis til passe konsistens.


Servise frå Stavanger Flint


Dagens veggismiddag (vi prøver å halde oss til kjøtfri måndag) var minestronesuppe. Det var mannen i huset som laga den, så eg har ikkje oppskrift. Men den inneheldt i alle fall poteter, gulrøter, vårlauk, spaghetti og store kvite bønner + vegetarkraft, hermetisert tomat og litt pesto.Yum!

Ønsker deg ein knakande god start på veka! 

søndag 20. november 2011

Og vinnaren er...


*trommevirvel*



Kjempeflott respons på gjevekken min, heile 172 lodd var med i trekninga. Eg har brukt ettermiddagen på å møysommeleg skrive ned alle namn og nummer, og har trekt ein vinnar via random.org og vinnartalet var lodd nummer 96 


Gratulerer så mykje til Bitteliten - som eg gler meg til å treffe i morgon, så her blir det kjapp overlevering av premie!

Og eg lova ein trøystepremie. Den har eg faktisk ikkje fått tatt bilete av, men det får bli spanande for den heldige :) Det er i alle fall noko godt og varmande det også! Trøystepremievinnarloddet var 101 og det loddet tilhøyrer Nina med bloggen dill og dall og sånt og bloggbutikken Budeiesøm (fantastisk namn!)


Igjen, tusen takk for så flott respons. Kanskje det ikkje blir så lenge til neste gjevekk - dette var jo skikkelig KJEKT!


God søndag til fine lesarar! Eg har hatt ein herlig dag med avslutning for babysang i kyrkja (så mange fine folk altså! ), storesøster har vore på sitt første venebesøk utan foreldre (ho elska det!), deilig andebryst til middag og no skal dei vaksne i huset sjå film i sofaen, ete litt snop og vere kjæraster.

lørdag 19. november 2011

Mekke mokka

Laurdag morgon, for lite søvn etter sein kveld i går og våkne ungar i natt. Må. Ha. Kaffi.








Heimelaga sjokoladesirup er SÅ godt, og med rått kakaopulver, agavesirup og to dropar sjokoladestevia - alt handla på iHerb blir kaffiopplevinga på eit nytt nivå. Rått kakaopulver har ein annan smak - det er meir "jord" på ein måte, du må berre prøve det trur eg! Uansett: 1 ss kakaopulver + 1 ss agavesirup + 2 dropar stevia = sjokoladelukke! Stevia er ekstremt søtt, så det kan droppast om du ikkje vil ha søt kaffi, berre kraftig sjokoladesmak. Det er litt vanskeleg å røre ut kakaopulveret, men det er berre å røre i veg, eventuelt ha i nokre dropar vatn for å få ein jamn "saus".

Har du ikkje handla på iherb før får du $5 i rabatt ved å oppgikoden ZAL941 når du skal betale.

No står det ei vaniljekake i ovnen, vi skal i bursdag i dag og bursdagsbarnet ønska seg jordbærkake. Det luktar heilt himmelsk på kjøkkenet, eg testar ei ny oppskrift og den luktar i alle fall lovande. Skal prøve å hugse å ta bilete av ferdig kake!

GOD laurdag til deg, håper dagen blir strålande!!

***

Nothing beats a large cup of mocha after a night with hardly any sleep (I went to bed to late yesterday, and the kids were awake during the night). And home made chocolate syrup is so much better than from the shop, especially with agave sirup and raw cocoa powder! Everything bought at iHerb (if you haven´t shopped at iHerb before you can use this code ZAL941 for a $5 discount on your first order), and I must say that raw cocoa powder has a special taste - it tastes healthy in a way, a bit "earthy", you just have to try it!

I have a vanilla sponge in the oven. We´ve been invited to a birthday party today and my niece really wanted a strawberry cake. It smells delightful!

Hope you´ll have a GREAT Saturday!

Adventskalenderinspirasjon

*puh* Langt ord å byrje med!

Men eg har vore på adventskalenderinspirasjonsjakt (*puh*) i dag. Eg fekk så vondt i nakken, så det vart ikkje vasking og grunning av vegg. Eg fekk lagt opp gardinene og hengt dei opp, så dagen var ikkje totalt vekkasta foran maskina ;)

Frå Martha Steward, elskar at ein snur eska og lagar eit bilete!


Via Pinterest, men bloggen er her - utrulig søt julepynt ein kan henge på adventstreet i løpet av desember. 


Frå Hobbycraft, via Pinterest, utrulig kul konvolutt-kalender!


Vi har ingen nissar i huset vårt (ikkje sånn veldig bevisst, men nissen har ingen stor plass her), men denne kalenderen er råkul!


Hadde eg skulle kjøpt ein kalender trur eg det måtte blitt denne frå John Lewis.


Vi skal ha aktivitetskalender, har ikkje tenkt på pakkekalender. Då eg var lita hadde vi blåfuglkalender og etterkvart sjokoladekalender, og det funka kjempefint. Synes det er kjekt å finne på ein ting saman kvar dag i ventetida, og det er jo gjerne ting vi skal gjere uansett (typ bake kaker, pynte pepperkakehus, henge opp lys på treet ute etc.). Det blir gjerne nok gåver på julaftan uansett, sjølv om vi begrenser det litt i vår familie. 

Her er kalenderen vi brukte då eg var yngre, tjuefire blåfuglar som flaug bort til vindauget og vart hengt opp i gardinstanga. 

"Fløy en liten blåfugl bort til vindu, bort til vindu, bort til vindu. 
Fløy en liten blåfugl bort til vindu en desemberdag"

Vi får sjå kva det blir til, eg likte fyrstikkeske-prinsippet. Akkurat passe til eit lite aktivitetskort og kanskje ein sjokoladebit om det skulle passe ;) Skal sjølvsagt vise fram når eg har bestemt meg!

No er det ein fireåring som ligg i dobbeltsenga og ventar på mamma. Eg har vore på kino (Twilight, yay!) og no var ho klar for litt mammakos.



fredag 18. november 2011


Det er fredag og fridag! Deilig! Planen er å levere krangletrolla i barnehagen og så gå i gang med gangen. Salmiakkvaske ein vegg og grunne eitt strøk (treng vel litt tørketid no som det har blitt kaldt ute) og henge opp gardiner. Treng litt isolasjon, vi har stoore vindauge - så vi må ha gardiner no om vinteren.

Håper du får ein flott fredag! 

PS: Minner om gjevekken - trekning på søndag, så det er framleis moglegheit til å stikke av med premie eller trøstepremie! :)

torsdag 17. november 2011

moi




Øyeblikk har ny fotokonkurranse på gong, denne gongen er det sjølvportrett som er tema. Mitt bidrag er teke i vindaugskarmen på eit hotell i Hiroshima (forøvrig eit fantastisk studieopphald - vil tilbake til Japan!)
"Hvem er jeg?"

Selvportrett



Denne uken ønsker vi å se din tolkning av et selvportrett. Om du ønsker å ta bilde av ansiktet ditt, en annen kroppsdel, en ting som sier noe om hvem du er, huset ditt, stolen du pleier å sitte i, eller noe annet som kan fortelle oss hvem du er, det er opp til deg!