Kjøtfri måndag, i dag: blombroksuppe (Toro + litt ekstra brokkoli som måtte brukast opp) og heimelaga krydderkrutongar (halvtørt brød steikt i god olivenolje, rosmarin, timian og havsalt - YUM!)
Har du forresten sett Grønn Hverdag sin palmeoljeguide? G-E-N-I-A-L! Du finn den her. Toro sine supper er palmeoljefri og åkei på ein grå måndag med litt kort tid til matlaging. Supper smakar best laga frå botnen av, men i dag vart det enklaste utveg!
To trøytte små, det tek på med barnehagestart. Dei har gått i barnehagen ei veke no, men i dag var nesten alle barna tilbake og då blir det jo meir leik og slitne ungar. Nokre minutt ettermiddagskvil medan mamma bloggar er åkei det. Dei er snart nok tilbake i rytmen igjen uansett!
mandag 6. august 2012
søndag 5. august 2012
Innpakning
Det er det indre som tel, men av og til er det jo kjekt at det ytre også er fint! Og kan det gjerast enkelt så er jo det det beste! Innpakningspapir frå Søstrene Grene, washitape, gråpapir og teiknesaker - easy peasy!
Her er det storesøster som har laga bursdagsgåver til søskenbarna sine. Sjølvinnpakka og sjølvdesigna, superstolt femåring etterpå! Teikninga er av Selma, og med masse "jenteting" (sommarfugl, blome og kjærleikshjarte). Jakob fekk ballongar utklipt av fargelagt papir.
lørdag 4. august 2012
Eit hjørne kaoskontroll
Nokre gongar er det så deilig å få ting GJORT. Sånne småting som berre blir liggande og gnage på samvitet, men som ikkje gjer vondt nok til at ein får fingeren ut. I dag fekk vi endeleg gjort noko med rotehjørnet i gangen, og det var på tide. Har hatt ei hattehylle (funne i kjellaren hos mampap) liggande i vår kjeller i fleire månader. I dag kom den opp på veggen.
Det er ikkje berre vi som har det sånn, ikkje sant? Ting hopar seg opp til det ekstreme... Det er jo så enkelt å berre legge ting i trappegangen, både på veg ut og inn av huset...
Det er ikkje berre vi som har det sånn, ikkje sant? Ting hopar seg opp til det ekstreme... Det er jo så enkelt å berre legge ting i trappegangen, både på veg ut og inn av huset...
Definitivt betre etter at hattehylla kom på plass, og eg fekk rydda opp i ullkorgene til ungane. Alle reflekser, refleksvestar og sykkellykt fekk plass i det gamle mjølkespannet. Greit å ha det samla! Kommoden er frå loppis. Då vi opna skuffene var dei fulle av gamle silkeskjerf og hanskar, det har blitt tepper i dukkevogna og leikesilker til utkledning, og det eine paret med silkehanskar som passa ligg framleis i skuffen og ventar på ein afternoon tea eller noko *hehe*
Vi har også vore på Knøttepønk-festival med sirkusleiker, skateboardrampe, ansikstmaling, reaggemusikk og is, og strandtur med finaste An-Magritt og kidsa. Herlig, masse sol (kjennest ut som dette var den første ordentlege sommardagen, ungane har gått i shorts og kjole heile dagen!) og deilig middag ute i ettermiddagssola.
fredag 27. juli 2012
Eksamenslukke
Smykke frå H&M, kopp frå Paperchase og kulaste blyanten frå Etsy (kjøpte eit sett med fem ulike - elsk!)
Det beste med å studere er å vere ferdig med eksamen, i alle fall kjennes det slik ut i dag. Det har vore litt utfordrande - men det skal det jo vere også. Det har gått med utallige koppar te og kanelknekkebrød, tankar har blitt skrive ned og forkasta. Men i dag har eg levert! Hurra!
Og helga ser fantastisk ut. Håper helga di også blir bra!
onsdag 25. juli 2012
Gåve frå svigerfar
Vi kjøpte ikkje med oss noko særleg heim frå Mexico utover mat (hermetikk, sterk salsa og chilipulver) og kle/sko. Hadde planer om å ta med oss ein Acapulcostol eller to, men det vart så sjukt dyrt med frakt at det ikkje vart billigare enn å kjøpe heime i Noreg. Storesøster forelska seg heilt i ein regnbogefarga barnestol.
Men svigerfar kjøpte gåver. Og mannen og eg fekk kvar vår gigantiske handmalte kopp med namn på. På spansk sluttar jentenamn på -a eller -r, det er heilt umogleg å få nokon til å uttale namnet mitt rett (på Starbucks har eg fått mange morosame forsøk skrive på pappkoppen min *hehe*) Likeeins med denne, til tross for at den er malt på bestilling og svigerfar sikkert har fortalt korleis namnet mitt skrivast.
Koppane er litt store å drikke kaffi av, men dei passar fint som kaffikrus likevel - på sin måte! Dei er veldig meksikanske, klisjeaktig meksikanske til og med, og ikkje heilt min stil. Men det er godt å ha noko som ER veldig meksikansk i hus. Vi er jo ein tokulturell familie, og nokre gonger må ein litt "over the top", ikkje sant?
søndag 22. juli 2012
torsdag 19. juli 2012
I ♥ sale
Fann ei kul mintgrøn veske på Gina Tricot, og den er berre purrfekt til iPad, kalender, mobil og lippglåssj (som storesøster i huset kallar det).
Kalenderen er frå personligalmanakk.com - diggar det nye A5-formatet. Her er det god plass til å skrive ned alt som skal på plass neste veke når det er jobb igjen!
Også er det så deilig med ting som matchar. Neglelakk foreksempel... Models Own i fargen "Olive Pearl" (denne neglelakken luktar så godt!) og Isadora "Vintage Mint". Grønt stettfat frå loppis og rååsa og lilla plastblomar frå Nille, restar etter prinsessebursdagen til storesøster får framleis stå framme.
Håper du har ein deilig torsdag der du er!
Kalenderen er frå personligalmanakk.com - diggar det nye A5-formatet. Her er det god plass til å skrive ned alt som skal på plass neste veke når det er jobb igjen!
Håper du har ein deilig torsdag der du er!
Abonner på:
Kommentarer (Atom)
















