fredag 17. august 2012

Sol og hengestol

Det har endeleg vore litt ordentleg sommar her på austlandet. Sjølvsagt etter at ferien er over. Men ungane har jo vore ute i barnehagen heile dagen, og når ein har ganske fri arbeidstid går det an å slutte tidleg og jobbe litt om kvelden - så vi har utnytta dagane som best vi kan!

Hengestolen kjøpte eg på ferie i Costa Rica for sju år sidan. Reiste som ryggsekkturist, men fekk den med i sekken heim. No heng den på terrassen til mamma og pappa, og ungane elskar den. (Det blir sjølvsagt litt krangling, så når vi får opphengsmoglegheiter i hagen vår må vi nok kjøpe ein til!)


Skulle du ha eit restauranttips i Gøteborg så tek eg gjerne i mot. Fint om det er åkei å ta med ungane dit (treng ikkje leikerom, men at det ikkje er krise med litt høgare støynivå og litt...ehm... søling.)

GOD FREDAG! Straks er det helg!

torsdag 16. august 2012

Barnerom

Malmkommoder skrudd saman (FOR ein jobb!), nytt teppe og knaggrekke. Litt årnings, og litt som framleis står att (tapet på den blå veggen f.eks.) Men ungane er supernøgde med å ha kvar sin kommode, og tøyet litt lettare tilgjengeleg. Og teppet har dei leika så masse på, gotta love IKEA!


Bloggen min har blitt eitt år! Faktisk eitt år og nokre dagar. Så det må feirast! Skal sjå om eg finn nokre fine premier i løpet av helga og så blir det fargerikt blogglotteri!

mandag 13. august 2012

Rettvis morgonkaffi

Eg har oppdaga noko, noko som gleda meg langt inn i hjartet! Ethical Coffee Company lagar biologisk nedbrytbare kapslar som passar i Nespresso-maskina. Vi bur ikkje i Oslo, så det å resirkulere kapslane har vi ikkje gjort - dei har gått i restavfallet, saman med ein liten porsjon dårleg samvit. Men no:


Den grøne (Inca soave, ikkje like sterk som ristrettoen til Nespresso, men eg treng ikkje  sterk kaffi) er til og med fair trade - dobbelt hurra! No drikk eg kaffi med godt samvit. Eg har kjøpt mine hos Elkjøp, men har også sett dei på ICA. Synes absolutt ikkje smaken står tilbake for Nespresso!


søndag 12. august 2012

To Frustrerte Fruer

I går opna det ein ny bruktbutikk slæsj kafé på Karljohansvern i Horten. Kjempefint område på Verftsporten, rett ved Marinemuseet og min favoritt - Preus Fotomuseum (som forøvrig straks skal arrangere fotografiets dag og alle som vil er invitert til å stille ut sitt eige bilete!). Uansett, bruktbutikk! To Frustrerte Fruer (du finn dei på facebook) - eit supert, bittelite, lokale med masse lekkert til sals og nydelege kaker. Yum! Økologisk is og ripssaft frå Horten Fruktdugnad - det er berre purrfekt!

Eg ønsker meg veldig ein sånn lekker petrolblå rørstol...

Minstemann langar innpå med kake og deilig saft, og finaste catrineholm-gryta fekk bli med heim i sykkelkorga!

Eg er så GLAD for at desse flotte fruene har opna bruktbutikkkafe. Karljohansvern treng eit sånt tillegg til alt det bra som allereie er her. Gler meg til neste besøk! 

Håper du har hatt ei strålande helg, her har det vore SOL heile helga, og det er berre deiilig! I dag har vi  mannen skrudd saman Malm-kommoder til den store gullmedaljen og barnerommet er i organiseringsfasen. Vi har også ordna meir i gangen, skal snart vise fleire bilete derfrå! No ventar kinesisk tamedmat i skuggen under epletreet. Bliss!

mandag 6. august 2012

Blombroksuppe

Kjøtfri måndag, i dag: blombroksuppe (Toro + litt ekstra brokkoli som måtte brukast opp) og heimelaga krydderkrutongar (halvtørt brød steikt i god olivenolje, rosmarin, timian og havsalt - YUM!)

Har du forresten sett Grønn Hverdag sin palmeoljeguide? G-E-N-I-A-L! Du finn den her. Toro sine supper er palmeoljefri og åkei på ein grå måndag med litt kort tid til matlaging. Supper smakar best laga frå botnen av, men i dag vart det enklaste utveg!



To trøytte små, det tek på med barnehagestart. Dei har gått i barnehagen ei veke no, men i dag var nesten alle barna tilbake og då blir det jo meir leik og slitne ungar. Nokre minutt ettermiddagskvil medan mamma bloggar er åkei det. Dei er snart nok tilbake i rytmen igjen uansett!


søndag 5. august 2012

Innpakning

Det er det indre som tel, men av og til er det jo kjekt at det ytre også er fint! Og kan det gjerast enkelt så er jo det det beste! Innpakningspapir frå Søstrene Grene, washitape, gråpapir og teiknesaker - easy peasy!



Her er det storesøster som har laga bursdagsgåver til søskenbarna sine. Sjølvinnpakka og sjølvdesigna, superstolt femåring etterpå! Teikninga er av Selma, og med masse "jenteting" (sommarfugl, blome og kjærleikshjarte). Jakob fekk ballongar utklipt av fargelagt papir.

lørdag 4. august 2012

Eit hjørne kaoskontroll

Nokre gongar er det så deilig å få ting GJORT. Sånne småting som berre blir liggande og gnage på samvitet, men som ikkje gjer vondt nok til at ein får fingeren ut. I dag fekk vi endeleg gjort noko med rotehjørnet i gangen, og det var på tide. Har hatt ei hattehylle (funne i kjellaren hos mampap) liggande i vår kjeller i fleire månader. I dag kom den opp på veggen.


Det er ikkje berre vi som har det sånn, ikkje sant? Ting hopar seg opp til det ekstreme... Det er jo så enkelt å berre legge ting i trappegangen, både på veg ut og inn av huset...


Definitivt betre etter at hattehylla kom på plass, og eg fekk rydda opp i ullkorgene til ungane. Alle reflekser, refleksvestar og sykkellykt fekk plass i det gamle mjølkespannet. Greit å ha det samla! Kommoden er frå loppis. Då vi opna skuffene var dei fulle av gamle silkeskjerf og hanskar, det har blitt tepper i dukkevogna og leikesilker til utkledning, og det eine paret med silkehanskar som passa ligg framleis i skuffen og ventar på ein afternoon tea eller noko *hehe*

Vi har også vore på Knøttepønk-festival med sirkusleiker, skateboardrampe, ansikstmaling, reaggemusikk og is, og strandtur med finaste An-Magritt og kidsa. Herlig, masse sol (kjennest ut som dette var den første ordentlege sommardagen, ungane har gått i shorts og kjole heile dagen!) og deilig middag ute i ettermiddagssola.