mandag 20. august 2012

Gøteborg

Nokre glimt frå helga via Instagram (eg heiter tonjeglez der - følg meg gjerne!). Liseberg, Kulturkalas, leik og moro. Det vart ei helg på ungane sine prinsipp, noko som medførte skuffande lite shopping og kaffi. Men heldigvis er Gøteborg så nære at det ikkje er umogleg at det blir ein ny tur om ikkje så lenge. Budde på Mektagonen - genialt med familierom og kjøkken på rommet! Så kunne vi vaksne lage oss litt god kveldsmat etter at ungane hadde sovna. I alle fall i teorien, ungane sovna ganske seint begge kveldane...


Håper du har hatt ei strålande helg! Ønsker deg ei god ny veke, måndag altså! Stay tuned for eit kjøtfri måndag-innlegg.

3 kommentarer:

  1. Herlige bilder!
    Og gjett om jeg kjenner igjen den "hadde tenkt å kose oss med god mat når barna var lagt" - ikke alltid det går som planlagt! :-)

    SvarSlett
  2. Ser ut som dokke he hatt en bra tur:)

    SvarSlett
  3. Så koseleg! Kjekt å ha ei helg for borna:) Berre dei vaksne også får ei vaksenhelg av og til;) No fylgjer eg deg på IG!

    SvarSlett