søndag 10. mars 2013

Snøgrafitti



Gamle ketsjup- og sennepsflasker og drikkeflasker med sportstut blir ypperlege malereiskaper i snøen! Ein dæsj gelefarge frå Wilton utrørt i varmt vatn og så blanda med kaldt vatn i flaska og vips - spruteflasker som funkar supert til snøgrafitti! Du kan også bruke vanleg konditorfarge, men betre utval i Wiltonfargar, og du treng berre bittelitt. Eg hadde kanskje 1/5 ts farge i kvar flaske, kunne sikkert brukt mindre også. No har vi påskepynta regnbogesnø i hagen!










God søndag!


5 kommentarer:

  1. Så kult! Det der må vi også prøve tror jeg :)

    SvarSlett
  2. Ja, ungane ELSKA det! Måtte fylle på flaskene eit par gongar då, så neste gong skal eg lage dobbelt så mykje farga vatn om gongen og ha det på ei mugge eller noko.

    SvarSlett
  3. gøy!! Må absolutt prøves ut her også :-D

    SvarSlett
  4. Stilig! Ditta må prøvast!

    SvarSlett
  5. Så godt funne på :) Frå no av skal òg ketchupflasker samlast på i dette allereie så oppsamla rotehuset :) Hihi :)

    SvarSlett