søndag 24. mars 2013

Ut på tur, med "skattejakt"

Det er is og kaldt og ikkje så fint uteleikever, sjølv om sola skin. Då må ein finne på noko. Inspirert av desse reisebingo-setta lagde eg avkryssingsark for ungane, sjå om du kan finne alle ti tinga i løpet av turen! Femåringen fekk ord (ho elskar å "lese", og parkeringsplass var ikkje noko problem) og treåringen fekk teikningar. Femåringen burde nok også fått fleire enn 10 ord, ho fann sju av tinga i løpet av fem minutt og mista litt motivasjon på slutten av turen. Å teikne skilt er lurt om de er i sentrale strøk. Detaljer på hus eller veldig konkrete ting til litt større barn (altså ikkje berre "bil" men "grønn stasjonsvogn" for eksempel).

"Nei, skatten min, du skal få slippe å leite etter ein rev, mamma prøvde å teikne ein katt!"

Klare med ark og fargestift (NB: Sjekk at fargestiften gjev skikkelig farge, vi valgte nokre dårlege gratis-på-restaurant-fargestiftar som var umoglege å teikne med i kulda og utan hardt underlag)




Premien etter endt "skattejakt" (vi fann skuffande nok ikkje påskeliljer, hadde trudd vi kom til å finne det på trappa på nokre av husa vi gjekk forbi, elles fann vi alt) var kafébesøk med brus og sveler. Lukke!

Fleire tips om korleis overleve påskeferie med barn når ein ikkje har planar om hyttetur eller å reise bort kjem i bloggen denne veka! God søndag!




2 kommentarer:

  1. Åh! Kor kjekt! Ditta "opplegget" stjele ej;) Håpe dåkke fe ei nydelig påskeveke:)

    SvarSlett
  2. Tusen takk for et supert tips! Har nå tre ivrige barn som er ute på skattejakt. Jeg utstyrte de i tillegg med et kamera slik at de kan ta bilde av tingene i stedet for å bare krysse av.

    SvarSlett