Eg er godt gift, og vi hadde ein nydeleg dag for snart seks og eit halvt år sidan. Men vi har fabulert litt om å fornye løfta våre i Mexico. Vi gifta oss i Noreg, og det hadde vore fint å få gjort det same (eller, ikkje heilt det same, men noko liknande i alle fall) med familie og vener i Mexico også. Og då fabelaktige Maia laga utfordring med drøymebryllaup, og eg ligg på sofaen med crp på 122, så er det deilig å berre surfe på nettet etter inspirasjon.
Enkelt, avslappa, rolig, men likevel med litt fargar (vi er jo tross alt i Mexico!), masse god mat, meksikanske bryllaupskaker (ein slags kjeks rulla i melis), deilig drikke og masse lys. Sollys om dagen og levande lys og faklar om kvelden. Danse barbeint i sanda til langt på natt, det blir jo ikkje kaldt!
Delta sjølv eller sjå fleire bidrag her (hehe, eg la akkurat merke til at Maia og eg har same brudekjolefavoritt! Du skal få ha den Maia! Det spørs om det ikkje passar best med ein lang, flagrande kjole på stranda, sjølv om femtitalskjolane er überlekre)
lørdag 7. januar 2012
fredag 6. januar 2012
Kjipt å vere sjuk, er heime på andre dag og skal snart til legen. Heldigvis har eg små lyspunkt, som foreksempel den fine boka eg vann i blogglotteriet til Wilhelmines og som eg ikkje har rukke å bladd i i jula. Veldig åkei med ei bok med økonomiske tips når det ser ut som at mesteparten av oppussingsbudsjettet i år går med til ein tur til Mexico!
Strikketøy frå Pickles ligg klart til å strikkast vidare på, enn så lenge har ikkje energinivået vore heilt der. Men snart tek eg fatt igjen! Her er det tovegskjole som er på pinnane, til lille rååsa storesøster i huset. Den blir heilt villt mjuk, skulle nesten hatt ein sjølv også (men ikkje så rosa)!
Og i vindaugskarmen er amaryllisen i full blom, godt å sjå at det er nokon som har energi til å blomstre her i huset no om dagen!
Ein fordel med å vere innesperra i huset (senga) er jo at ein får masse tid til å tenkje, og planlegge... Nesten sånn at ein får lyst til å vinne i lotto, for når oppussingspengane går til flybillettar til Mexico så kjem det sjølvsagt tusen prosjekt i hovudet som ikkje vil sleppe taket. Soverommet treng ei real overhaling, stova MÅ vi gjere noko med (grøssar litt av det gule strukturtapetet) og kontoret er jo ikkje ferdig enno. Og det hadde vore veldig deilig med toalett i andreetasje. Også hadde vi jo planer om å bygge terrasse i hagen... Vi får telle litt på knappane og sjå kva vi får råd til. Mexico-tur MÅ vi prioritere, treffe familie, fylle opp skap og hyller med tørrvarer og hermetikk (det minkar kjapt i lageret no), få sol og sommar og kjøpe minst èin Acapulco-stol *hehe*
Fin fredag!

onsdag 4. januar 2012
Skape meir plass
Eg forelska meg litt i den kule kjøkkenhylla som vart bygd på "Tid for hjem" på Tv2 i går kveld. Og kjenner at eg ønsker å skape meir plass i Casa Blanca i 2012. Organisere, ha ting på SIN plass, få betre oppbevaringsmoglegheiter... Så i dag har eg brukt litt tid på inspirasjonsjakt på Pinterest (alle bilete er funne der).
Ikea-hyllene kan jo bli kjempelekre! MÅ gjere noko med vår! No er det berre fullstendig kaos, med bøker, leiker, strikketøy og elektroniske dingsar - og roteplass på toppen for post/teikningar/det som ligg på kjøkkenbordet og som må flyttast for å få plass til middagen og som ikkje blir lagt tilbake...
Og apropos strikketøy. Skulle gjerne hatt ein bra oppbevaringsplass for det og garnet som hopar seg opp etter seine nattetimar i diverse nettbutikkar. Og alt det andre krea-greiene. Det får bli første prioritet: Finne fin oppbevaring for strikketøyet som er på stova (dvs det som er i nesten-dagleg bruk)! Så får resten av papir/garn/stoff/tråd/knappe/whatnot-lageret få eit skap i kjellaren etterkvart.
Badet treng også sårt litt ekstra oppbevaringsplass og betre organisering. No har vi berre eit gigantisk servantskap med to skuffer. Den eine er full av tøybleier, klutar og små handdukar og den andre er berre eit katastrofeområde med neglelakk, deodorantar, kremar, øyredobbar, leppepomade, hårtørkar, hårmousse, parfymer, sminke, barbermaskin og Hello Kitty-hårspenner. Vi har ikkje plass til så mykje meir der inne eigentleg, men kanskje nokre hyller kunne vore løysinga.
Også ønsker eg meg tørketrommel. Miljøsvin... Vi har berre ikkje plass til å tørke tøy på stativ anna enn på vaskerommet, som er i kjellaren - og der er det så kaldt at tøyet ikkje tørkar ordentleg. Skulle gjerne pussa opp heile vaskerommet i same slengen, men det var dei pengane då... For å få organisert det best mogleg på vaskerommet må vi nok flytte litt rør og sånn, så det får bli med draumen i denne omgong.
No er det middagsmekking som står på planen, i kveld har eg tenkt å gøyme meg i sofaen med pledd og tekopp og det nyaste Rom123 og berre kose meg! Håper du har ein nydeleg onsdag der du er!
tirsdag 3. januar 2012
Så var det over for denne gong
I dag har vi rydda ut jula. I alle fall nesten. Amaryllisen byrja ikkje blomstre før rett før nyttår, så i vindaugskarmen er det framleis julestemning. Men eg har ikkje vist eit einaste bilete av Casa Blanca i juleform, så sjølv om jula sånn nesten er over så får de halde ut med litt julete bilete i dag. Vi har ikkje hatt det så ekstremt, juletre i stova og på kontoret, og litt pynt i vindaugskarmane.
Sidan kontoret ikkje vart ferdig til jul (kremt), så innreia vi med kosekrok og masse bøker. Ungane fekk ei minifuru dei kunne pynte, og plommegreinene har jo stått her ei stund (ikkje med julepynt altså!).

Litt ny pynt frå John Lewis, Søstrene Grene og Marks & Spencer. Isbjørnen mista auget 1. juledag då minstemann flytta han rundt på juletreet.
Verdas enklaste girlander av ulltråd og kongler
Håper alle har hatt ei fin julehøgtid. Her har det vore rolege dagar med litt sjukdom (eg har vore tett i nasa sidan 2. juledag, ghh...). No er det tilbake på jobb og i barnehage, og kvardagane sig inn. Det er deilig det òg!
Fin tysdagskveld til deg!
lørdag 31. desember 2011
Godt nytt år!
Her har det vore full rulle med matlaging og rydding i dag, og likevel kom middagen litt brått på og eg rakk ikkje ta bilete. Men men. Her er i alle fall den flotte buketten, kjøpt på den lokale blomebutikken (dei er så flinke der, elskar å handle hos folk som KAN faget!)
Menyen i år var ein forrettsmiks (antipastispyd, fylt sopp, squashrull med kremost og chili-og-kvitlauksreker), kalkunbryst til hovudrett, med hasselbackpotet, ovnsbakte rotgrønsaker, rosenkål med bacon og appelsin- og chilisaus. Til dessert laga eg pavlova med bringebær og granateple. Yum, om eg får seie det sjølv! :)

Telysestakar frå SIA
Eg vil ønske alle eit fantastisk nytt år, fyllt med glede, god mat og gode minner vi kan ta med oss vidare i livet. Tusen takk for flotte bloggevenskap, eg har kosa meg verkeleg med å bli ein del av blogglandia - så mange fine folk og fine hus og fin inspirasjon!
fredag 30. desember 2011
Siste jobbdag for i år!
Har brukt tida på jobb i dag til å sjå framover, lage nye opplegg og fylle ting i kalenderen... Apropos kalender, eg fann ut at eg trengte ein stor vegg-kalender på kontoret. Litt googling, printing, klipping og liming og hurra! Finfin kalender og ein liten inspirerande bildevegg (lett blanding av kort, små prints frå Etsy og teikningar). Kalenderen laga eg av eit par A3-ark og limte på seks månader på kvar side - det er så deilig å få litt overblikk, ikkje berre sjå kvar månad for seg! Kalenderen finn du her (masse anna fint hos CreativeMamma også!)
Ja, eg klarte å lime mai foran april, men printa ut nye og limte på, så det er rett no... Såg det ikkje før eg byrja fylle inn kalenderen...
Eg brukar enten gummistøvlar eller tjukke vintersko på veg til/frå jobb no, så då er det deilig å ha eit par småsko ein kan kippe på seg om ein ikkje orkar gå i tunge sko heile dagen. Skoa er frå Ebay og veska er frå Primark. Har ingenting i mot kule ting som kostar lite pæng :)
Sjølv om eg har hatt skikkelig julemodus i det siste, så var det eigentleg ganske befriande å ikkje tenke jul i dag. Kjem ikkje til å hive ut jula med det første (vi har ikkje SÅ mykje jul i huset heller), men det var godt å tenke litt framover - ha lyse og vårlege fargar rundt seg.
torsdag 29. desember 2011
Romjulsdraum
I dag har vi vore hos mi beste venninne og kosa oss storleg med verdas beste sjokoladefondantmuffins (trur storesøster i familien bør vurdere å bli konditor!), nydeleg kaffi og herleg selskap! Det er så godt å sjå at ungane stortrivast sjølv om dei ikkje ser kvarandre så ofte, og vi to kan sitte i sofaen og la skravla gå.
Det er kanskje nokon som kjenner seg att? Eg har sjølvsagt vore hos finaste An-Magritt! Minstemann har susa rundt på H sin superkule bil, ungane har vore på skogstur og eg har berre nytt å vere i ein så vakker heim!
Kulaste pepperkakehusa finn du i denne heimen; eitt skikkelig fargerikt med englar og nissar på taket, eitt "tradisjonelt" med kvit melisglasur og ein heil stall med vismenn, sau og kamel og ei diger pepperkakestjerne! Fantastisk!
Abonner på:
Innlegg (Atom)