fredag 14. september 2012

Fotofredag

Fantastiske naturen, værbitt og slitent i haustsola.
Fin fredag. 










søndag 2. september 2012

Loppelukke

To loppemarknader her i helga. Fredag fann eg ingenting, minstemann fekk seg eit lite fly og storesøster fekk ei barbiedukke. Men laurdag var loppelukka større!

Trur eg var stort sett den einaste som såg det vakre i teak-møbler. Hadde skikkelig lyst til å kjøpe eit lite sett med små bord. Men det er jo greit å ha plass til det. Har eg høyrt rykter om i alle fall. Så eg kjøpte speil og taburett. 80 kroner. Heilt åkei!




Også vart det nokre gamle sandkakeformer som skal bli telysestakar. Jobbprosjekt neste helg trur eg. Kjøpte vel tretti stykker. Nokre gamle bøker. Fiint!




Måtte berre ta med denne mugga heim. Litt for lita til vatn og litt for stor til mjølk. Men eg har trua på at den passar ypperleg til smågodt! Og eg har jo nokre koppar, fat og skåler i same serie. Stavanger Flint altså - kule greier! Ei lita glasskål i grått glas vart også med i veska. Fem kroner. Kan jo ikkje gå frå slikt (sjølv om eg sikkert burde - har ei passe stor samling av små glasskåler no!)



Total loppesum (inkludert ein munk og brus) var under tohundrelappen. Nøgd med det!

Håper du har hatt ei fin helg! Straks er det ny veke, den første i ein travel jobbhaust (altså, eg har ikkje hatt ferie fram til no, men det har vore rolege dagar på jobb). Det blir bra!


fredag 31. august 2012

Morgonmoro!

Eg har følgt FatMumSlim ei stund, og kosar meg med fotoutfordringane hennar. Og i dag var det ein liten overraskelse på Instagram-feeden hennar. Anbefaler å følge!


Så eg kosar meg her medan eg drikk morgonkaffi, og no ventar eg på mi første fotobok. Yay!

Heime med småsjuk unge i dag. Og det er opning på den største loppemarknaden i området i dag. Satsar på at han treng ein liten kvil i løpet av føremiddagen, han er jo i god form og har sikkert lyst på ein trilletur (kan ikkje hugse sist gong vi trilla, han går jo stort sett alltid no, eventuelt sit litt i bereselen).

GOD FREDAG!

onsdag 22. august 2012

Ostemakaroni

Eller mac 'n cheese? I alle fall. Vi prøver å ikkje ete kjøt på måndagar, av miljøvenlege grunnar. Du kan lese om kjøtfri måndag her. På måndag var det ostemakaroni, det er ganske deilig å lage superenkel vegetarmat - og det smakar jo godt!

Oppskrifa er ei litt modifisert Jamie Oliver-oppskrift:

Skru på steikeomnen (200 grader). Kok opp 500g (fullkorns)makaroni i lettsalta vatn, men la det koke ca. 2 minutt kortare enn koketida. Ta vare på litt av kokevatnet. Smelt litt smør i den største steikepanna du har, når det "boblar" har du i ein liten neve fersk oregano og la det steike til det blir sprøtt (det tek ca. 1 minutt). Ha makaronien i panna saman med nokre ss av kokevatnet. Riv parmesan over og la det smelte i pastaen (her kan det vere lurt å røre litt i blant om du ikkje vil ha fastbrent pasta i botnen... Just sayin'...) Ha på salt og pepar.

Hell alt over i ei ildfast form. Strø riven mozzarella OG nokre skiver vanleg kvitost på toppen. Du kan sikkert bytte ut mozzarellaen med litt blåmuggost for ein vaksen versjon, sånn når eg tenkjer meg om. Evt. kan du rive litt parmesan også på toppen. (Ja, eg er glad i ost!)

Sleng forma i ovnen og la det stå til osten har smelta og byrja bli sånn deilig lysebrun og sprø. Yum!

Serverast med salat eller som tilbehør til anna middag.



Og det beste av alt: Restar! Perfekt matboksmat som krev null arbeid. Berre å fylle matboksen og ta den med på jobb, varme i mikro eller i steikepanne. Går også an å ete den kald, men den smakar best varm. 



 God midtveke - det går mot helg igjen! :)

tirsdag 21. august 2012

Jobboverrasking

Sjå kva som venta på meg på jobb i dag! Eg har berre verdas beste kollega!


mandag 20. august 2012

Gøteborg

Nokre glimt frå helga via Instagram (eg heiter tonjeglez der - følg meg gjerne!). Liseberg, Kulturkalas, leik og moro. Det vart ei helg på ungane sine prinsipp, noko som medførte skuffande lite shopping og kaffi. Men heldigvis er Gøteborg så nære at det ikkje er umogleg at det blir ein ny tur om ikkje så lenge. Budde på Mektagonen - genialt med familierom og kjøkken på rommet! Så kunne vi vaksne lage oss litt god kveldsmat etter at ungane hadde sovna. I alle fall i teorien, ungane sovna ganske seint begge kveldane...


Håper du har hatt ei strålande helg! Ønsker deg ei god ny veke, måndag altså! Stay tuned for eit kjøtfri måndag-innlegg.

fredag 17. august 2012

Sol og hengestol

Det har endeleg vore litt ordentleg sommar her på austlandet. Sjølvsagt etter at ferien er over. Men ungane har jo vore ute i barnehagen heile dagen, og når ein har ganske fri arbeidstid går det an å slutte tidleg og jobbe litt om kvelden - så vi har utnytta dagane som best vi kan!

Hengestolen kjøpte eg på ferie i Costa Rica for sju år sidan. Reiste som ryggsekkturist, men fekk den med i sekken heim. No heng den på terrassen til mamma og pappa, og ungane elskar den. (Det blir sjølvsagt litt krangling, så når vi får opphengsmoglegheiter i hagen vår må vi nok kjøpe ein til!)


Skulle du ha eit restauranttips i Gøteborg så tek eg gjerne i mot. Fint om det er åkei å ta med ungane dit (treng ikkje leikerom, men at det ikkje er krise med litt høgare støynivå og litt...ehm... søling.)

GOD FREDAG! Straks er det helg!