onsdag 27. mars 2013

Eggefritt eggeverkstad

Hadde eigentleg tenkt å byrje blåse ut egg i februar ein gong, for å samle opp nok egg til å ha maleverkstad. Men sånne planer, ja... Og det er ganske vanskeleg å male på egg (har ikkje sånn stativ som du kan kjøpe t.d. på Panduro), og dei knuser lett. Så vi har hatt eggefrie eggeverkstad i heimen, her kjem første del!

Filtegg er så genialt enkelt. Det vanskelegaste er å ikkje skvise ut halve limflaska om gongen (i alle fall når ein er tre år). Du treng: filt, garn (eller tråd), auge (kan også klippast ut i filt) og perler (valfritt), saks og lim.

Klipp ut to egg, legg garn mellom til oppheng og lim saman. Lim på detaljer. Viss du vil ha perlebein må du ha ein lengre tråd og det er lurt å feste på perlene før du limer saman. Legg ferdiglimte egg unna tre år gamle fingrar, viss ikkje må du sikkert lime på nytt tre-fire gongar og egga blir veldig stive av mykje lim og vanskelegare å lime slik at garnet heng fast. Det går an å hjelpe til med klippinga, eller justere litt etter at egga har tørka, men det ER litt sjarmerande at det ser ut som det er ein treåring og ein femåring som har laga dei!




Når dei er tørre er det berre å plukke litt greiner ute, sette i vase og henge opp! 


Femåringen sydde også eitt egg, og fylte med vatt, men det gjekk mykje fortare å lime - og speedjunkien ville heller gjere det som går raskt!

Kaninhalen frå karnevalskostymet til femåringen fekk litt filt på seg og vart ei kyllingprinsesse!




Stay tuned for fleire eggefrie egg i morgon!

2 kommentarer:

  1. Så fine filtkyllinger! Dette er jo et absolutt gjennomførbart prosjekt med barn i den alderen. Takk for tips!

    SvarSlett