I dag er det klart for eggejakt, ungane gler seg til rebusløp og fangst. Det er så kjekt når dei hugsar frå tidlegare år. Såpebobler og hårpynt er kjøpt inn, i tillegg til store mengder snop.
lørdag 30. mars 2013
Paradis!
Sjølv om det er snø ute kan ein likevel drive med vårlege aktiviteter som paradis! Washitape, papir og noko du kan kaste (ein fuktig klut fungerer mykje betre enn legoblome fann vi ut etter at desse bileta vart teke)
torsdag 28. mars 2013
Eggefritt eggeverkstad del 2
Her kjem del to av påskeverkstaden vår. Du treng ståltråd, perler og (silke)band. Tre perlene på ståltråden, form til egg og heng opp med fine band. Eg har kjøpt perler og silkeband på Søstrene Grene, i tillegg til å raide perleboksene til femåringen. Nabbiperler fungerer også kjempefint, og passar godt til tre år gamle fingrar!
Plukk greiner og sett i ein heimelaga vase av malt syltetøysglass med klistremerker på. Heng opp egga. Voila, kjempefin påskepynt!
Plukk greiner og sett i ein heimelaga vase av malt syltetøysglass med klistremerker på. Heng opp egga. Voila, kjempefin påskepynt!
Added bonus: Organisere alle perlene etterpå, dette kan ta lang tid. Sortere etter farge og form. Du får fine perleorganiseringsbokser på Claes Ohlson f.eks. Dei er nok eigentleg laga for skuar og spiker, men supre til perler!
Etiketter:
barn,
inspirasjon,
kreativ,
påske
onsdag 27. mars 2013
Eggefritt eggeverkstad
Hadde eigentleg tenkt å byrje blåse ut egg i februar ein gong, for å samle opp nok egg til å ha maleverkstad. Men sånne planer, ja... Og det er ganske vanskeleg å male på egg (har ikkje sånn stativ som du kan kjøpe t.d. på Panduro), og dei knuser lett. Så vi har hatt eggefrie eggeverkstad i heimen, her kjem første del!
Filtegg er så genialt enkelt. Det vanskelegaste er å ikkje skvise ut halve limflaska om gongen (i alle fall når ein er tre år). Du treng: filt, garn (eller tråd), auge (kan også klippast ut i filt) og perler (valfritt), saks og lim.
Klipp ut to egg, legg garn mellom til oppheng og lim saman. Lim på detaljer. Viss du vil ha perlebein må du ha ein lengre tråd og det er lurt å feste på perlene før du limer saman. Legg ferdiglimte egg unna tre år gamle fingrar, viss ikkje må du sikkert lime på nytt tre-fire gongar og egga blir veldig stive av mykje lim og vanskelegare å lime slik at garnet heng fast. Det går an å hjelpe til med klippinga, eller justere litt etter at egga har tørka, men det ER litt sjarmerande at det ser ut som det er ein treåring og ein femåring som har laga dei!
Filtegg er så genialt enkelt. Det vanskelegaste er å ikkje skvise ut halve limflaska om gongen (i alle fall når ein er tre år). Du treng: filt, garn (eller tråd), auge (kan også klippast ut i filt) og perler (valfritt), saks og lim.
Klipp ut to egg, legg garn mellom til oppheng og lim saman. Lim på detaljer. Viss du vil ha perlebein må du ha ein lengre tråd og det er lurt å feste på perlene før du limer saman. Legg ferdiglimte egg unna tre år gamle fingrar, viss ikkje må du sikkert lime på nytt tre-fire gongar og egga blir veldig stive av mykje lim og vanskelegare å lime slik at garnet heng fast. Det går an å hjelpe til med klippinga, eller justere litt etter at egga har tørka, men det ER litt sjarmerande at det ser ut som det er ein treåring og ein femåring som har laga dei!
Når dei er tørre er det berre å plukke litt greiner ute, sette i vase og henge opp!
Femåringen sydde også eitt egg, og fylte med vatt, men det gjekk mykje fortare å lime - og speedjunkien ville heller gjere det som går raskt!
Kaninhalen frå karnevalskostymet til femåringen fekk litt filt på seg og vart ei kyllingprinsesse!
Stay tuned for fleire eggefrie egg i morgon!
søndag 24. mars 2013
Ut på tur, med "skattejakt"
Det er is og kaldt og ikkje så fint uteleikever, sjølv om sola skin. Då må ein finne på noko. Inspirert av desse reisebingo-setta lagde eg avkryssingsark for ungane, sjå om du kan finne alle ti tinga i løpet av turen! Femåringen fekk ord (ho elskar å "lese", og parkeringsplass var ikkje noko problem) og treåringen fekk teikningar. Femåringen burde nok også fått fleire enn 10 ord, ho fann sju av tinga i løpet av fem minutt og mista litt motivasjon på slutten av turen. Å teikne skilt er lurt om de er i sentrale strøk. Detaljer på hus eller veldig konkrete ting til litt større barn (altså ikkje berre "bil" men "grønn stasjonsvogn" for eksempel).
Klare med ark og fargestift (NB: Sjekk at fargestiften gjev skikkelig farge, vi valgte nokre dårlege gratis-på-restaurant-fargestiftar som var umoglege å teikne med i kulda og utan hardt underlag)
Fleire tips om korleis overleve påskeferie med barn når ein ikkje har planar om hyttetur eller å reise bort kjem i bloggen denne veka! God søndag!
"Nei, skatten min, du skal få slippe å leite etter ein rev, mamma prøvde å teikne ein katt!"
Klare med ark og fargestift (NB: Sjekk at fargestiften gjev skikkelig farge, vi valgte nokre dårlege gratis-på-restaurant-fargestiftar som var umoglege å teikne med i kulda og utan hardt underlag)
Premien etter endt "skattejakt" (vi fann skuffande nok ikkje påskeliljer, hadde trudd vi kom til å finne det på trappa på nokre av husa vi gjekk forbi, elles fann vi alt) var kafébesøk med brus og sveler. Lukke!
søndag 10. mars 2013
Snøgrafitti
Gamle ketsjup- og sennepsflasker og drikkeflasker med sportstut blir ypperlege malereiskaper i snøen! Ein dæsj gelefarge frå Wilton utrørt i varmt vatn og så blanda med kaldt vatn i flaska og vips - spruteflasker som funkar supert til snøgrafitti! Du kan også bruke vanleg konditorfarge, men betre utval i Wiltonfargar, og du treng berre bittelitt. Eg hadde kanskje 1/5 ts farge i kvar flaske, kunne sikkert brukt mindre også. No har vi påskepynta regnbogesnø i hagen!
God søndag!
lørdag 23. februar 2013
Kreativ laurdagsmorgon
Ein god helgemorgon er når ungane seier "Jeg vil egentlig ikke se på barne-tv jeg mamma! Kan vi ikke gjøre noe sammen?" Kjapp frukost med heimerørt syltetøy med smak av fjorsommaren og ingen velta mjølkeglas. Så er det berre å dekke bordet med papir og la ungane finne fram ting frå teikneskuffen på stova.
Nokre gongar er alt ein treng litt papir, nye tusjar og klistremerker. Eg fann ein pakke med superbillige skumgummiklistremerker i Sverige i fjor, og har kjøpt masse søte asiatiske klistremerker på Ebay - genialt med slike pakkar viss ein treng noko ekstra i ei gåve, eller i staden for godtepose i bursdagsselskap. Vi brukte søte kaninklistremerker i ein bursdag til A, veldig populært!
Dette er mitt bidrag til NIB sin morgenøyeblikk-konkurranse, sjå fleire bidrag eller bli med sjølv HER
lørdag 6. oktober 2012
Jeg skal på fest med en gruffalo
Veslebror fylte tre år i dag! Store greier! Og han har ønska seg Gruffalo-bursdag i snart eitt år, så no har han ein (washitape)skog på soverommet og grilla rev i magen. For dei som er uinnvidde i Gruffalo-verda så er det ei bok skriven av Julia Donaldson og illustrert av Axel Scheffler. Dei har laga mange supre barnebøker saman!
Vi byrja med å lese boka i skogen på rommet til ungane. Tenkte at sikkert ikkje alle hadde høyrt om Gruffalo før, og då vart det litt meir morosamt å gå til bords og ete grilla rev og ugler med krem.
MENY:
Grilla rev (innbakte pølser)
Ugle med krem (muffins med glasurugler)
Rørt slange (sure lisser)
Gruffalo-kumle (popcorn)
Grønngiftige vorter (grøne druer)
Gruffalokake
Lilla pigg-juice (druejuice)
Pressa gras (eplejuice)
Vi byrja med å lese boka i skogen på rommet til ungane. Tenkte at sikkert ikkje alle hadde høyrt om Gruffalo før, og då vart det litt meir morosamt å gå til bords og ete grilla rev og ugler med krem.
Det funkar forøvrig dårleg å sende ungane på rommet å leike medan mamma pynter kake og baker pølser - det var ikkje særleg ryddig der før gjestane kom...
Du kjem langt med washitape, grøne post it-lappar, kongler og ein krakk frå Åhlens!
Sett vorta på Gruffalo. Printa ut eit bilete på A3-ark og hadde mange ulike grøne knappar som ein kunne trykke på med tack it.
Verdas enklaste vimpelrekke laga av grøn kartong og washitape bretta rundt trekantane. Hadde funka best med grøn
tack it når knappane er litt gjennomsiktige. Knappar har eg kjøpt superbillig på Etsy.
Gruffalokake med inspirasjon Marron&Dolce, sjokolademuffins med angel frosting (aaltfor søt!), innbakte pølser (særs improvisert pizzadeig, men gode var dei!) og muffins utan glasur.
Heimebretta popcornbokser printa herfrå, dei små Gruffalofigurane med matnamnet på laga eg superkjapt hos PicMonkey
Gjestane fekk eit lite Gruffalo memoryspel oppi godteposen sin. Printa frå gruffalo.com (her kan du også printe invitasjonar og masse aktiviteter, som masker og teikneark - det skal vi bruke i morgon når vi skal repetere Gruffalotema i familiebursdag)
The aftermath...
Det var utrulig kjekt å ha eit ordentleg tema for bursdagen. Men eg sto framleis i pysjamas og pynta kaka då dei første gjestane kom (heldigvis var det kollegaen min, så ho dekka bord medan eg skifta) - neste gong skal eg gjere ferdig kaka dagen før. Saftig kanelkake held seg jo lenge, så den kunne fint stått ferdigpynta i kjellaren. Washitape frå Etsy og Søstrene Grene, koppar og serviettar frå Ikea, sugerør, ballongar og silkeband er også frå Søstrene Grene.
Etiketter:
bake kake søte,
barn,
barnerom,
bursdag,
DIY
Abonner på:
Innlegg (Atom)











































