lørdag 15. oktober 2011

Sukkerbryllaup

Kva betre enn å feire sukkerbryllaup (aka seks år som ektefeller) enn med verdas beste kanelkrøller?

Anbefaler forøvrig å lage kanelkrøller med små barn, dei blir så lukkelege over å kunne lage noko så vakkert, mykje enklare å snurre saman krøllebollar enn å skulle trille fine, runde bollar (det får eg knapt til sjølv!). Og servert på mitt herlige fat (skål?) frå Stavanger Flint - lukke! (Dersom du skulle ha masse av dette liggande så ikkje nøl med å ta kontakt, ønskar meg så veldig meir av dette!) Fatet fekk eg faktisk gratis på ein bruktbutikk, trykket i midten av fatet er borte pga slitasje, men det viser jo ikkje så lenge fatet er fullt!



Storesøster laga ballongblome til meg (og pakka inn ei bok om feen Candy til mannen!). Ho har skrive namnet mitt heilt åleine, og eg er ulideleg stolt over skrivekunnskapane til fireåringen min! Lillebror har stort sett berre gått rundt med bolle i munnen i dag og vore godt nøgd med det. Også har han sunge "appiii bøøøødei tuu uuuu" til abuela (= bestemor på spansk, aka svigermor) på telefon til stor glede, og mange tårer frå svigermor.



Blomar må ein jo også sjølvsagt ha, og det vart med to blomebukettar heim etter handleturen i dag. Storesøster syntes det var litt kjipt med oransje haustblomar (som sjølvsagt matcha brudebuketten min perfekt!), så då vart det dobbelt opp. Heilt åkei det!




Verdas beste kanelkrøller (oppskrifta lånt frå tettinntil.no, veit ikkje kor den kjem frå opprinneleg):

5 dl mjølk
2,5 dl kefir
150 g smør
50 g gjær
1,3 kg kveitemjøl
200 g sukker
1 ts hornsalt
1/2 ts salt

Smelt smøret, hell over mjølk og kefir og varm opp til det blir lunka. Smuldre gjær og hell over mjølkesmørblandinga. Rør godt. Ha i mjøl, sukker, hornsalt og salt og kna deigen godt og lenge. La heve til dobbel storleik.

200 g mjukt smør
150 g sukker (eg brukte rårørsukker, sånn økologisk pakke med store, brune sukkerkorn)
Eit par ss kanel (til passe kanelsmak, juster sjølv. Eg brukte nesten ein heil liten krydderpose)

Rør saman fyllet til det blir ein mjuk krem.

Når deigen er ferdigheva deler du den i to. Kjevle kvar del for seg til eit stort rektangel. Smør fyll på rektangelet og brett det i to, slik at du har eit veldig langt og ganske smalt rektangel. Skjer så i strimlar på ca 3 cm (gjerne med pizzakniv, det funkar gullefint!). Skjer kvar strimmel igjen til ei "bukse" (altså ikkje heilt over, la det vere att ca 2-3 cm øverst ved brettekanten. Snurr strimlane rundt seg sjølv til ein fin knute/krøll.

La bollane heve i ca 30 minutt (mine heva ikkje så lenge), pensle med egg og steik på nesten 200 grader i ca 15 minutt. Eg fekk 30 (ganske så store) bollar av denne oppskrifta.


***

Celebrating our sugar wedding today (having been married for six years), and my daughter and I made cinnamon rolls (which are, well, full of sugar!) and bought flowers. She didn´t really like the orange flowers I picked (which matched my original wedding bouquet) so I ended up with two bunches of flowers. Not a bad thing! She also made me a "balloon flower" and wrote my name all by herself. I am immensely proud of my four year old daughter´s writing skills! 

If you want the recipe for the cinnamon rolls feel free to contact me via e-mail ;)

7 kommentarer:

  1. Gratulerer med bryllaupsdagen! Høyrdes ut som ei perfekt feiring, for både store og små:) Dei snurrane var smarte, takk for tips! Klem:)

    SvarSlett
  2. Gratulerer så masse med bryllupsdagen! :) Høyrest ut som ei fin feiring. Kjempefin blogg du har, her skal eg følgje med framover!

    SvarSlett
  3. Kjære deg:)
    Tusen, tusen takk for kjempefin kommentar inne hos meg - det satte jeg STOR pris på!!! Og ja, det var litt skummelt å trykke post... Men når jeg får så fine kommentarer på det så føles det godt:)
    Håper du får en fin dag!

    Klem fra meg

    SvarSlett
  4. Og forresten - de kanelkrøllene så fantastisk gode ut!!!

    SvarSlett
  5. Gratulrer så masse, skatten!!

    SvarSlett
  6. gratulerer med overstått. Dere er flinke:)Gleder meg å prøve snurrene dine
    Anki

    SvarSlett