tirsdag 8. november 2011

Adventspynt og spaghetti

Fireåringen og eg har mekka litt adventspynt. Hamaperler er berre så artig å halde på med! Her er eit litt improvisert adventslys, vi hadde ingen svarte perler, men fireåringen meinte det gjekk heilt fint med raudt som "veke" i lyset! Og når sommarblomane er ferdige funkar pottene supert til snopeoppbevaring, og til å gøyme adventspynten i!


Også gløymte eg å blogge gårsdagens kjøtfrie middag! Det gjekk litt i eitt, berre såvidt eg rakk heimom for å lage mat og hente ungar i barnehagen før det var ut på jobb igjen. Då vart det skikkelig fast food, trur dette er den enklaste og kjappaste pastaoppskrifta som finst, og ungane ELSKAR den!



Pasta med cherrytomatar

Spaghetti (eller annan pasta)
1 boks cherrytomatar (meir om du har ungar som likar tomat, mine er ikkje så begeistra desverre)
1-2 fedd kvitlauk
Olivenolje
Tørka eller fersk basilikum
Salt, pepar
Evt. chiliflak (eg brukar Santa Maria Chili Explosion, men då bør du kutte litt ned på saltet)

Kok pasta etter anvisning på pakken. Del tomatane i to og steik i ganske masse olivenolje med finhakka kvitlauk. Krydre. Når pastaen er ferdigkokt heller du av vatnet, bland i tomatane og server med masse parmesan. Dersom du har kapers i kjøleskapet er det også godt i, vi brukar gjerne 1-2 ss kapers til denne oppskrifta.



Håper du har hatt ein finfin vekestart! Eg har ein gjevekk på gong, ventar berre på det siste som manglar til pakken!

3 kommentarer:

  1. Nam! No vart eg sulten ;) kjekt at du legg ut så fristande oppskrifter!

    SvarSlett
  2. Takk for fine perle- og middagstips! Eg og mannen har fått smaken på desse tomatene, så dette må prøvast :) Og spanande med gjevekk!!

    SvarSlett
  3. Å så kjekt då! :) genialt! Det skal eg og gjera, kjøpa julekuler altså ;) kjekt å kunna inspirera litt!

    klem

    SvarSlett