lørdag 26. november 2011

Minstemann våkna klokka 05:38 i dag tidleg. Han sovna heldigvis igjen, men då var eg jo allereie vaken. Gjekk ned og tente lys - det var berre vidunderleg å få nokre minutt i stillheit!

Lyslykt med tremotiv frå Nille og sinkhus frå Rema1000 - trur det er første gong eg har handla noko til interiøret frå Rema.

Etterkvart kom ungane ned og vi lagde kaffi og spelte Gruffalo-kortspel. Veldig stas. Sidan vi gjekk glipp av gårsdagens episode av Vaffelhjarte såg vi den, og høyrte på musikkvideoen tre gonger. No kjem eg til å synge "Besteven" i heile dag! :)

Alle bilete teke i ekstremt dårleg lys og med iPhone - sårri!


God laurdagsmorgon til deg!

3 kommentarer:

  1. Åhh bestevenn ♥ så koseleg de har det! Eg må innrømma eg grugledar meg til den dagen eg blir "glad" for å kunna stå opp så umenneskeleg tidleg på ein lørdag, hehehe... ;) men ser jo absolutt kva du meiner.

    Takk for koselege ord - det er stor stas å vera i gang med å skapa VÅRE juletradisjonar! :) hurra.

    nyt resten av helga med dei søte små ♥

    SvarSlett
  2. Kor koslig. Vaffelhjarte e bære herlig!

    SvarSlett
  3. Koselig da :)

    Fabelaktig lørdagskveld til deg.
    Her er det båten over, blir spennende og se om stormen tar oss eller ei *blunke*

    Maiaklem

    SvarSlett