torsdag 24. november 2011

Torsdagslukke

På jobb i dag kom ei mor frå babysongen innom med ein nydeleg blome til meg, frå eit par av mødrene. Eg vart så glad og rørt, nesten heilt på gråten. Og ikkje nok med det - tidlegare i veka fekk eg ein kjempefin telysestake av ein kollega. Eg er velsigna med gode folk rundt meg!!




No er det deilig adventsstemning i kjøkkenvindauget. Herlig! Tenk at det berre er ein månad att til jul i dag! I morgon har eg fri, planen er å få gjort unna litt juleførebuingar. Det er jo faktisk ganske mykje som skal gjerast, og på søndag er det første søndag i advent allereie!

Ein gledesklem til lesarane mine - for ein deilig torsdag det er i dag!

4 kommentarer:

  1. Så kjekt gladinnlegg frå deg :) du er heldig som har så mange fine folk rundt deg ja! Du må vera ganske fin sjølv og, sidan du vert så tydeleg sett pris på ;)

    torsdagsklem ♥

    SvarSlett
  2. Eg er sikker på at du fortente dei vakre tinga du fekk!! Og kjekt å koma inn og lesa glad-innlegg hjå deg også:) Klem!

    SvarSlett
  3. Så koselig da. Det skal jammen ikke så mye til å glede andre, det er viktig å huske i hverdagen!

    Og tusen takk for gode ord i dag, det varmer *smil*

    Klem,
    Signe

    SvarSlett
  4. Så koselig!
    Finfin fredag kjære!
    Klem fra København

    SvarSlett