fredag 4. november 2011

Varmande haustmiddag

Nokre gongar er hausten litt kjip, med grått vér. Men det er absolutt ikkje grått inne hos oss! På slike dagar passar det supert å invitere gjestar på varmande mat, og gjere gråstein til gul(l)! 





Chili con carne, til fire vaksne og to ungar

600g kjøtdeig
2 bokser hakka tomat
2 bokser bønner
2 gulrøter, raspa
1 lauk, finhakka
2-3 fedd kvitlauk, finhakka
Salt, pepar, tørka chili og spisskummin
1/2 kanelstang

Steik kjøtdeigen (gjerne litt i porsjonar, med mindre du har diiiger steikepanne). Ha over i ei stor jerngryte. Steik gulrot og lauk kjapt og ha over i gryta. Hell av laken til bønnene og sleng dei i gryta saman med tomatane, skyll tomatboksene med litt vatn og ha vatnet i gryta. Smak til med krydder. La putre så lenge du har tid til, smakane blir berre betre om dei står lenge. Men du kan fint servere den med ein gong alt er varmt!

Server med avokado, jalapeno og tortillachips. Ungane ville gjerne ha agurk og paprika ved sidan av også.


Dette tøystykket fekk eg i Japan då vi var på konsert med Sizzle Ohtaka, ein heilt fantastisk japansk artist! 



Må berre vise fram litt av resultatet etter fotoshooten med Majala Bjørnsen Tamber. Har allereie linka på bloggen, men synes bileta vart så fine at eg berre må vise fram. Har jo så fine ungar!





Eg slit framleis med at ikkje alle bloggane dukkar opp i bloggrullen min. Ser at dei ligg hos andre eg er innom, men dei kjem ikkje opp hos meg. What to do?

11 kommentarer:

  1. Så mykje fint! :) Den haustmiddagen såg berre heilt nydeleg god ut. Og for ein søt familie de er!

    god helg :)

    SvarSlett
  2. Er det rester av den middagen????!?

    SvarSlett
  3. ELSKER chili con carne, og krysse fingrene for an magritt og resteønsket, er jo nesten bedre dagen etter!

    Majala bildene er så nydelige!!! Fiiine dere!

    Klemmer klemmer klemmer

    SvarSlett
  4. nam - ble helt sulten jeg nå.. ;)

    Hilsen Bitteliten

    (får ikke logget meg på for å gi kommentarer.. sliter litt med det her inne.. merkelig, men..)

    SvarSlett
  5. Utruleg koseleg og søtt (men tøft!) bilete det nederste! Og god mat blir ekstra viktig i slike inneperiodar:)

    SvarSlett
  6. I adore that photo of the children laying in the leaves! It is absolutely precious!

    SvarSlett
  7. Det så ut som et hyggelig lag :o)
    For noen utrolige vakkre bilder.

    Håper du har en fin helg.

    SvarSlett
  8. Så flotte fotos!

    - Og så godt med skikkelig varmende mat en hustrig grå dag ;)
    Mvh Siv

    SvarSlett
  9. Takk for oppskriften, det ble veldig godt ;). Nydelige bilder ta en fine familie. Hils el mexicano frå meg.

    SvarSlett
  10. Hihi, så gøy då ;) slik er livet gitt, for eit husmoremne anno 2011! Ikkje berre-berre :)

    Eg skal jaggu slå til med din versjon av Chili Con Carne i løpet av veka! Jammi. Har sikla på bileta mange gongar no ;)

    søndagsklem ♥

    SvarSlett